Nevropsykiatriske funksjonsnedsettelser – del 2
I dette emnet vert kunnskapen om nevropsykiatriske funksjonsnedsettingar (NPF) utdjupa. I emnet vert kognitive teoriar og forklaringsmodellar gjennomgått, og ulike vanskar og diagnosar innanfor NPF. Studentane gjennomfører eit utviklingsarbeid forankra i eigen arbeidsplass der dei jobbar etter ein modell rundt systematisk kvalitetsarbeid.
I emnet skal studentane kartlegge og kritisk gjennomgå eigen eining sitt læringsmiljø og føresetnader for å skape eit inkluderande læringsmiljø for studentar innanfor NPF-spekteret. Med utgangspunkt i desse undersøkingane, som vert gjort for eksempel via observasjonar, samtaler (med leiing, kollegar og elevar) og dokumentasjonsanalysar, skal studentane utvikle eit forslag til korleis skulen kan arbeide systematisk og bevisst, via vitskapeleg grunnlag og dokumentert erfaring, for å tilby læringsmiljø som er tilpassa elevane innanfor NPF-spekteret.
Dette emnet er den andre delen av to emnet i studiet Spesialpedagogikk 1, for 1.-10. trinn.
Emnet er basert på ein progresjon, kor emne 1 dannar grunnlaget for emne 2. I dette emnet vert kunnskapen om NPF-spekteret (nevropsykiatriske funksjonsnedsettingar) utdjupa og studentane gjennomfører ei oppgåve - eit utviklingsarbeid - ved å jobbe etter ein modell rundt systematisk kvalitetsarbeid.
I emnet skal studentane kartlegge og kritisk gjennom på eigen eining sitt læringsmiljø og føresetnader for å skape eit inkluderande læringsmiljø for elevar som har NPF. Med utgangspunkt i desse undersøkingane, som vert gjort via observasjonar, samtaler (med leiing, kollegar og elevar) og dokumentanalyser, utviklast eit forslag til korleis kulen kan arbeide systematisk og bevisst, på vitskapleg grunnlag og gjennom dokumentert erfaring, for å tilby læringsmiljø som er tilpassa elevane innanfor NPF-spekteret.
Utviklingsarbeidet skal delast innanfor eige fagmiljø.
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om sentrale teoriar og forklaringsmodellar knytt til nevropsykiatriske funksjonsnedsettingar
- har kunnskap om pedagogiske tilnærmingar og metodar for å leggje til rette for elevar med nevropsykiatriske funksjonsnedsettingar
- har kunnskap om kartlegging og kvalitetsarbeid for å utvikle inkluderande praksisar for elevar med nevropsykiatriske funksjonsnedsettingar
- har kunnskap om korleis eit inkluderande og robust læringsmiljø, basert på vitskapleg grunnlag og dokumentert erfaring, kan utviklast, med fokus på haldningar, relasjonell pedagogikk og kommunikasjon, i tillegg til studentmedverking når det gjeld universelle, selektive og indiserte intervensjonar
Ferdigheiter
Studenten
- kan anvende forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet for å gjennomføre eit systematisk utviklingsarbeid knytt til eigen praksis
- kan anvende dokumenterte erfaringar på praktiske og teoretiske problemstillingar og gjere greie for vala sine
- kan reflektere over eigen yrkesutøving og justere den under rettleiing
Generell kompetanse
Studenten
- kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekter aleine og som deltakar i gruppe i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn i fagområdet med medstudentar og kollegaer, og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis
- har innsikt i korleis tilpassa opplæring eller spesialundervisning kan bidra til elevane si sosiale og kognitive utvikling.
Undervisning vert organisert via nett med fire samlingar á 2-3 dagar.
Under samlingane nyttast det varierte læringsaktivitetar; forelesningar, podcastar, litteraturseminar, praktiske øvingar, gruppearbeid og munnlege presentasjon frå studentane.
Læringsaktivitetane presenterast asynkront (tidsmessig uavhengig), som eksempelvis podcastar, i tillegg til synkront (i sanntid) med digital undervisning.
Det vert gitt rettleiing mellom samlingane, og studentane jobbar i basisgrupper kor dei delar erfaringar og reflekterer over litteratur og forskingsartiklar.
Samansett vurdering - alle delane må vere godkjent/bestått for å karakter i emnet.
Arbeidskrav (AK1): Kartlegging av skulekultur og læringsmiljø kor studentane produserer skriftleg dokumentasjon. Presentere utkast til utviklingsarbeid og gje respons til medstudentar sine tekster på responsseminar. Obligatorisk deltaking (OD1) ved responsseminaret der studentane gjer kvarandre tilbakemeldingar.
Arbeidskrav (AK2): Presentere utviklingsarbeid for eige kollegium. Obligatorisk deltaking (OD2) ved rettleiing av oppgåveprosessen i basisgruppa der konstruktiv respons vert gjeve.
Arbeidskrav vurderast til godkjent/ikkje godkjent. Teller 0/100 av karakteren.
Obligatorisk deltaking vurderast til godkjent/ikkje godkjent. Det er krav om minimum 80% deltaking. Teller 0/100 av karakteren.
Eksamen: Oppgåve (OP), semesteroppgåve med fast frist for innlevering. Gjennomførast individuelt eller i gruppe. Teller 100/100 av karakteren. Karakterregel A-F, Beste A, Ikkje bestått F
Alle hjelpemiddel er tillate.
Å generere svar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere den heilt eller delvis som eigen svar er å rekne som fusk.
