Psykisk helse - et ansvar for hele samfunnet
Skulen skal vere ein trygg arena som fremmer læring og helse med tilhøyrande vern mot krenkingar. Temaet handlar følgeleg om elevar i utfordrande livssituasjonar med eit kunnskapsgrunnlag som kan bidra til auka forståing for kompleksitet på området.
Temaet har òg som mål å bidra til auka kunnskap om korleis skulen og lærarane kan støtte og leggje til rette for meistringsorienterte læringsmiljø for elevar som er ekstra sårbare for sosial utstøyting.
Med referanse til følgjande fokusområde:
- Mobbing
- Minoritetsspråklege elevar si tilhøyrsle i skulen
- Omsorgssvikt og vald i nære relasjonar
- Problematisk skulefråvær
- Rusmiddelmisbruk
Studiet har som mål å bidra til auke kunnskap om korleis skulen og lærarane kan støtte og utvikl meistringsorienterte læringsmiljø for særskilt sårbare elevar.
Dermed følgjer studiets meir nære læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten har:
- Brei kunnskap om gjeldande lov- og regelverk for betring og utvikling av det psykososiale miljøet
- Inngåande kunnskap om sentrale teoriar knytt til elevar med psykososiale vanskar
- Brei kunnskap om relevante kartleggingsverktøy innanfor samspel og åtferd
- Inngåande kunnskap om ulike perspektiv på diagnosar/kategoriar innan psykososiale vanskar
- Avansert kunnskap som gjer at ein evnar å sjå seg sjølv i lys av elevar som strevar med sosiale tilknytingar, i tillegg til samarbeid med kollegaer i både utfordrande og samarbeidande situasjonar
Ferdigheiter
Studenten kan:
- Identifisere område med behov for å setje i verk førebyggjande tiltak innan det psykososiale miljøet
- Bidra til skulen sitt samarbeid og utvikling, endring og forbetring av elevane sitt psykososiale miljø
- Kartleggje, identifisere og analysere faktorar som hemmar og fremjar elevane sitt psykososiale miljø på individ- og systemnivå
- Vurdere og anvende kunnskap om ulike psyko-sosiale vanskar for å kunne identifisere og analysere faktorar som hemmar og fremjar læring og utvikling på individ- og systemnivå
- Bidra til å fremme skulen sitt psykososiale miljø med utvikling av gode læringsvilkår for alle elevar
Generell kompetanse
Studenten kan:
- Bidra til utvikling av skulen sitt psykososiale miljø med vekt på gode læringsvilkår for alle elevar
- Analysere relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar innan hovudtemaa sosiale- og emosjonelle vanskar i tillegg til psykisk helse
Teoriemne
Dette er eit obligatorisk emne.
Emnet er heilt nettbasert. Studiet gjennomførast med ein struktur på tre modular. Modulane inkluderer varierande læringsressursar:
Asynkrone ressursar (tidsmessig uavhengig): videoforelesningar, podcastar, artiklar og pensumlitteratur
Synkrone ressursar (undervisning i sanntid): 2 strøymde undervisningsøkter per modul. Kvart økt er på tre timar.
Kvar modul avsluttast med eit modulmøte kor innhaldet i modulen oppsummerast og diskuterast i kollokviegruppa. Tidspunkt for modulmøta blir bestemt av gruppa. På modulmøta er det også gode moglegheiter for å utveksle erfaring mellom studentane.
Det planleggast vidare kartlegging av psykososialt miljø/psykisk helse på eigen skule. Dette omfattar planlegging av nye - eller endringar av eksisterande tiltak - for å kunne skape trygge og gode psykososiale miljø både i klassen og på skulen elles.
Det leggjast opp til eit nært samarbeid mellom studentar, kollegaer og skuleleiing. Det blir i denne samanheng lagt vekt på drøftingar av problemstillingar med tiltak knytt til utvikling av gode psykososiale miljø, der den enkelte elev kan oppleve tryggleik og sosial tilhøyring.
Samansett vurdering - alle delane må vere godkjent/bestått for å karakter i emnet.
Obligatorisk deltaking (OD) i dei tre moduldiskusjonane i kollokviegruppa. Deltaking bekreftast av felles modulrapport. Vurderast til godkjent/ikkje godkjent. Teller 0/100 av karakteren.
Arbeidskrav (AK) er eit refleksjonsnotat (4-5 sider). Refleksjonsnotatet knytast til utfordringar innan psykisk helse/psykososiale miljø på individ- og systemnivå baset på studentane sine eigne erfaringar og samtalar med skulen si leiing og/eller andre samarbeidsaktørar. I notat er det referert til aktuell teori, lovverk og forsking. Vurderast til godkjent/ikkje godkjent. Teller 0/100 av karakteren.
Heimeeksamen (HJ). Individuell eksamen over 14 dagar. Teller 100/100 av karakteren. Karakterregel A til F, Beste A, Ikkje bestått F.
Alle hjelpemiddel er tillate.
Å generere svar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere den heilt eller delvis som eigen svar er å rekne som fusk.
Overlapp vil seie at det er ein fagleg likskap mellom emne med same faginnhald. Derfor vil du få få følgande reduksjon i studiepoeng dersom du har tatt emne som er nemnde nedanfor:
SPD5017 - Psykisk helse - et ansvar for hele samfunnet - 15 Studiepoeng
SPD5023 - Funksjonshindringer og nevromangfold - 3 Studiepoeng
SPD5023 - Funksjonshindringer og nevromangfold - 7.5 Studiepoeng
