Spesialpedagogikk 1D - Fordypning i forskning innenfor spesialpedagogikk
Ynskjer du å bli betre rusta til å leggje til rette for mangfaldet sine behov i skulen?
SPD2011 Spesialpedagogikk 1D - Fordjuping i forskning innafor spesialpedagogikk er eit studium på 7,5 studiepoeng der hovudtemaet er ei fordjuping med utgangspunkt i tre eller fleire sjølvvalde internasjonale artiklar. Det vil verte mogleg for deg å fordjupe deg i eit hovudtema innanfor spesialpedagogikken. Dette kan også vere greit med tanke på det å starte ein skriveprosess som du kan utvikle vidare i den obligatoriske FOU-oppgåva på 3. året. I tillegg har du moglegheit til å sjå dette arbeidet som eit ledd i ein eventuell vald master i spesialpedagogikk. Her er det fokus på å lese internasjonale artiklar med utgangspunkt i ein IMRaD-struktur samt bruk av biblioteksøk.
SPD2011 Spesialpedagogikk 1D kan sjåast i samanheng med
- SPD2008 Spesialpedagogikk 1A, 7,5 studiepoeng,
- SPD2009 Spesialpedagogikk 1B, 7,5 studiepoeng,
- SPD2010 Spesialpedagogikk 1C, 7,5 studiepoeng
som samla sett gir 30 studiepoeng.
Opptak til eit av studieprogramma der emnet inngår, eller opptak som enkeltemnestudent.
Dette emnet inngår i følgjande program:
- Grunnskulelærarutdanning master 1 - 7
- Grunnskulelærarutdanning master 5 - 10
- Grunnskulelærarutdanning master 1 - 10
- Lærarutdanning for praktiske og estetiske fag for trinn 1-13, musikk
Opptakskrava kjem fram på nettsidene til dei ulike studia. Eventuelle forkunnskapskrav til emnet må vere oppfylt.
Kunnskap
Studenten
- kan oppdatere kunnskapen sin innanfor det spesialpedagogiske fagområdet
- kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor det spesialpedagogiske fagområdet
Ferdigheiter
Studenten
- kan finne og vurdere relevant forskings- og utviklingsarbeid om spesialpedagogiske problemstillingar og dilemma
- kan reflektere ut frå forskings- og utviklingsarbeid om spesialpedagogiske problemstillingar og dilemma
- kan nytte fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid for å diskutere ulike spesialpedagogiske problemstillingar og dilemma
Generell kompetanse
Studenten
- har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar og spesialpedagogiske dilemma
- kan formidle eit relevant forskings- og utviklingsarbeid i eit sjølvvalt tema knytt til spesialpedagogiske problemstillingar
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn i forskings- og utviklingsarbeid innanfor det spesialpedagogiske fagområdet
Grunnskulelærarutdanninga er eit profesjonsstudium. Aktiv deltaking og samarbeidslæring står derfor sentralt. Semester- og timeplanfesta verksemd i SPD2011 Spesialpedagogikk 1D er derfor obligatorisk. Obligatorisk deltaking (OD) betyr at du må delta på minst 80% av all semesterplan- og timeplanfesta undervisnings/læringsaktivitet i emnet. Obligatorisk deltaking må vere godkjend for å få emnet registrert som fullført. Undervisninga vil bli gjennomført i samla kull og grupper.
For studiestadene Bodø og Nesna er emna nett - og samlingsbasert. For studiestaden Levanger er det på campus. Samlingsplan blir publisert i Canvas ved semesterstart.
Undervisning og læring kan føregå som førelesingar, basisgrupper og seminargrupper. Det vert lagt vekt på utvikling av profesjonsfaglig digital kompetanse. I tillegg utgjer sjølvstudium ein vesentleg del av læringsaktiviteten.
Rettleiing inngår også som ein del av prosessen i undervisninga og i læring. Det føreset at studentane er aktive, problematiserande og løysningsorienterte.
Samansett vurdering(SV): Alle delane under må vere godkjende/bestått for å få endeleg karakter i emnet.
- Arbeidskrav(AK): 1 arbeidskrav. Arbeidskrav vurderast til godkjend/ikkje godkjent og teller 0/100 av karakter.
- Obligatorisk deltaking(OD): 80% obligatorisk deltaking på all semesterplan- og timeplanfesta undervisnings/læringsaktivitet i emnet. Karakterregel: Godkjent/ikkje godkjent. Tel 0/100 av karakteren.
- Munnleg eksamen(MU): Individuell. Denne går føre seg i 20 minutt. Karakterregel: A-F der A er beste karakter og F er ikkje bestått. Tel 100/100 av karakteren i emnet.
Munnleg eksamen: Ingen tillatne hjelpemiddel
Å generere svar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere det heilt eller delvis som eiga besvarelse er å rekne som fusk.
