Emnebeskrivelse for 2026/27
Førerprøvesensor tunge klasser
TRA6520
Emnebeskrivelse for 2026/27

Førerprøvesensor tunge klasser

TRA6520
Emnet skal gi studenten nødvendig kunnskap, innsikt og forståing når det gjeld tunge køyretøy si rolle i samfunnet, tradisjonell og moderne køyretøyteknologi inkludert førarstøttesystem, samt innhald og organisering av føraropplæring og yrkessjåføropplæring på tyngre køyretøy.
Dette emnet omhandlar ein del av dei fire delane som tilleggsutdanning for sensorar i tunge klassar består av. Statens vegvesen organiserer og gjennomfører sjølv dei øvrige tre delane. Innhaldet i emnet er likevel sett i samanheng med alle delar i tilleggsutdanninga. Det faglege innhaldet i dei ulike temaa er også sett i samanheng med Førerprøvesensor tunge klassar, og byggjer innanfor dei aktuelle temaa i hovudsak på denne.
Emnet er reservert for tilsette i Statens vegvesen som har fått opptak til studieprogrammet Førerprøvesensor tunge klassar.

Etter fullført emne er det forventa at studentane har oppnådd følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

• har kunnskap om norsk føraropplæring, regelverk, læreplanar og undervisning knytt til førar- og yrkessjåføropplæring i tunge klassar

• har kunnskap om tunge køyretøy sin konstruksjon og verkemåte, og kjenner til korleis dei fysiske lovene påverkar køyring med tunge køyretøy

• har kunnskap om tunge køyretøy si tyding i dagens og framtidas samfunn, og kjenner til ulukkesårsaker knytt til tunge køyretøy og samfunnskostnadene dette medfører

Ferdigheiter

Studenten

• kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og knyte dette til ei problemstilling

• kan bruke eksisterande forsking og fagleg kunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar og gjere greie for sine val

Generell kompetanse

Studenten

• kan planleggje, gjennomføre og presentere arbeidsoppgåver åleine og som deltakar i gruppe og i tråd med etiske krav og retningslinjer

• kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innan fagområdet og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis

• kan reflektere over trafikk- og yrkessjåføropplæring i tråd med samfunnets mål om berekraft og miljø

Ut over semesteravgift og pensumlitteratur er det forventa at studenten disponerer ei berbar datamaskin.
Teoretisk, obligatorisk

Emnet vil i hovudsak bestå av digitale synkrone og asynkrone læringsaktivitetar. For å nå læringsmåla i emnet, er det likevel nødvendig å gjennomføre ei samling med fysisk tilstadevering.

Arbeidsformer vil vere førelesingar, gruppearbeid, undervisningsvideoar med tilhøyrande arbeidsoppgåver, eigenstudium, arbeidskrav og framlegging av eige læringsutbytte overfor øvrige studentar. Studentane har stort ansvar for eiga læring.

Studieprogrammet blir evaluert årleg av studentane gjennom emneundersøkingar (midtvegsevaluering og sluttevaluering). Evaluering inngår som ein del av universitetet sitt kvalitetssikringssystem.

Emnet har samansett vurdering:

• Obligatorisk deltaking: 80 % tilstadevering på fysisk samling, samt på synkron digital undervisning/undervisning i sanntid

• Arbeidskrav: Emnet inneheld tre arbeidskrav.

• Individuell oppgåve med justerande munnleg eksamen: Individuell, skriftleg oppgåve som skildrar eige læringsutbytte. Oppgåva blir følgt av ein justerande munnleg eksamen der oppgåva blir presentert for medstudentar. Vurderingsuttrykk A-F

Eksamensoppgåvesvaret skal vise studentens læringsutbytte i heile perioden. Studenten skal også reflektere over og vurdere si eiga sensorkompetanse ved å drøfte delkompetansane fagkompetanse, sosial kompetanse inkludert kommunikasjon, etisk kompetanse og endrings- og utviklingskompetanse.

Å generere oppgåvesvar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere den heilt eller delvis som eige oppgåvesvar, blir rekna som fusk.