Emnebeskrivelse for 2026/27
Spesialutdanning for klasse T (Traktor)
TRAK1000
Emnebeskrivelse for 2026/27
Spesialutdanning for klasse T (Traktor)
TRAK1000
Spesialutdanninga er retta mot trafikklærarar som skal undervise i klasse T. Etter fullført utdanning skal studenten ha kompetanse til å planleggje, organisere, gjennomføre og evaluere føraropplæring i klasse T. Ein føresetnad er at studenten har utvikla nødvendig kunnskap, innsikt og forståing når det gjeld traktor i samfunnet, vegrelatert bruk av traktor, køyretøyteknologi, føraropplæring på traktor og tilstrekkeleg eiga praktisk køyreferdigheit.
Traktoren var opphavleg meint som eit avansert arbeidsreiskap for landbruket, men har i dag mange ulike bruksområde knytt til vegrelatert bruk. Traktoren blir brukt som arbeidsreiskap både i anleggsverksemd, vegvedlikehald og transport. I tillegg ser vi i aukande grad traktor som framkomstmiddel for ungdom, og spesielt er traktorregistrerte ATV og UTV vanlege. Dette krev høg medvit rundt dei ulike maskinene sine brukseigenskapar, medvit om brukarens motivasjon til trygg handtering både på og utanfor veg, og medvit om den generelle tryggleikskulturen brukarane av dei ulike maskinene har. Spesialutdanning for trafikklærarar i klasse T set primært søkjelys på opplæring knytt til vegrelatert bruk av traktor. Erverv av førarkort klasse T er underlagt krava i Forskrift om trafikkopplæring og førarprøve m.m. kapittel 15.
Emnet er reservert for studentar som er tekne opp på studieprogrammet.
Kunnskap
Studenten
- Har brei kunnskap knytt til førarkortopplæringa for klasse T
- Har kunnskap om ulike traktorar si oppbygging, konstruktive eigenskapar og fysiske lover
- Har kunnskap om ulykker og helserisiko knytt til bruk av traktor både på veg og i landbruk og anlegg
- Kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innan fagområdet
Ferdigheit
Studenten
- Kan føre traktor med tilhengjar og arbeidsreiskap på ein effektiv, miljøbevisst og trygg måte
- Kan leggje på kjettingar og kople relevant arbeidsutstyr og tilhengjar på ein trygg og effektiv måte
- Kan planleggje, gjennomføre og vidareutvikle undervisning i tråd med gjeldande forskrifter og planar
- Kan nytte relevante arbeidsmåtar for læring og undervisning
Generell kompetanse
Studenten
- Har trafikk- og traktorfagleg, etisk og didaktisk kompetanse som er eigna til å motivere førarkortelevar til å tileigne seg ein berekraftig føraridentitet
- Kan utveksle synspunkt og drøfte bruk av traktor med tanke på risikoforhold, helse, miljø og berekraft
- Har endringskompetanse og kan bidra i trafikkskulen sitt arbeid med å utvikle god relevant undervisning for opplæring av traktorførarar
Studieprogrammet har studieavgift i tillegg til semesteravgift. Universitetet føreset at studentane disponerer ei berbar datamaskin under studiesamlinga.
Obligatorisk
Læringsarbeidet skjer gjennom førelesingar, gruppearbeid, diskusjonar, feltarbeid, praktiske øvingar og rettleiing. Eit omfattande samarbeid mellom studentane og undervisarane blir vektlagt, men studentane skal ta eit betydeleg ansvar for eige læringsarbeid og eiga utvikling. Demonstrasjon og øving med aktuelle traktorar/maskiner inngår i praksisdelen.
Godkjenning av spesialutdanninga krev 90% frammøte i organisert undervisning.
- Obligatorisk deltaking: Godkjenning av spesialutdanninga krev 90% frammøte i organisert undervisning.
- Oppgåve: Skriftleg individuell oppgåve. Karakteren blir gitt etter skalaen A-F.
Å generere svar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere det heilt eller delvis som eige oppgåvesvar blir rekna som fusk.
God egenferdigheit i bruk av traktor.
