Instruktør klasse S, snøskuter
Om studiet
Snøskuterinstruktørar har ei viktig oppgåve med å leggje grunnlaget for miljøvenleg og trygg ferdsel, med minst mogleg konflikt mellom dei ulike brukarane av naturen. I dette studiet får du formell kompetanse som instruktør i klasse S snøskuter.
Studiet har som mål å utvikle kompetanse til å formidle lærestoff og gjennomføre undervisning som bidreg til snøskuterkøyring med minst mogleg fare for ulukker, og elles i tråd med gjeldande lovar og reglar.
Hva kan du jobbe som?
Samlinga i studiet vert gjennomført over fem dagar. Dei to første dagane er det undervisning på Stjørdal, medan det onsdag til fredag er undervisning i Haltdalen. Til undervisninga som foregår ute i praksis onsdag og torsdag må alle ha tilgang til snøskuter – anten eigen eller leigd.
Endringar kan førekomme.
Førarrett for klasse S i minst tre år
Godkjenning som trafikklærar eller pedagogisk utdanning som svarar til krava for lærarar i det offentlege skuleverket.
Søkjarar som ikkje oppfyller kravet i punkt 2, men som er tilknytte ein kursarrangør som driv opplæring i klasse S, kan få innvilga opptak dersom dei legg fram dokumentasjon frå kursarrangøren som viser at dei har relevant opplæring og erfaring for å bli instruktør i klasse S. Søkjar må i tillegg dokumentere generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Kunnskap
Kandidaten:
- har oppdatert trafikkfagleg kunnskap om klasse S – snøscooter
- har brei kunnskap om forhold knytt til miljø, natur og andre brukarar av naturen, samt juridiske forhold ved bruk av snøscooter
- har kunnskap om ulike didaktiske val
- har brei kunnskap om ferdsel i fjellet vinterstid, inkludert tema som bruk av kart, kompass, snø- og skredfare, førstehjelp og hypotermi
Ferdigheiter
Kandidaten:
- har god teknisk køyreferdigheit og kan gjere trygge vegval i ulendt terreng
- kan reflektere over eigen og andre si køyreåtferd i eit tryggleiksperspektiv
- kan nytte aktuelt lovverk, og relevant fagleg teori og litteratur for klasse S
- kan orientere seg i naturen ved hjelp av kart, kompass og GPS-baserte hjelpemiddel
- kan nytte søkeutstyr for nedgraven person, utføre førstehjelp ved kameratredning og lage nødbivuakk
Generell kompetanse
Kandidaten:
- kan dele erfaringar og bidra til utvikling av god praksis gjennom refleksjon saman med andre
- kan delta i faglege diskusjonar om snøscooteren i eit samfunnsperspektiv
- kan planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver innan opplæring for klasse S i tråd med etiske krav og retningslinjer
- har kunnskap om relevante etiske problemstillingar knytt til opplæring av førarar på snøscooter
Studiet har studieavgift, i 2026 er denne kr 30 600. Semesteravgift kjem i tillegg.
Studenten må også pårekne reise- og opphaldsutgifter i forbindelse med samling på Stjørdal og studietur (sjå "samlingar").
Dei praktiske øvingane inneber overnattingar som studenten sjølv må betale. Ein må og stille med eigen snøskuter. Nord Universitet kan hjelpe til med formidling av dette via utleigar. I tillegg kjem reiseutgifter. Ein må og stille med eige utstyr til køyring.

