Mann som ser utover et vann med fjell i horisonten.
Kortere studier

Kristendom, religion, livssyn og etikk

Nett

Få undervisningskompetanse i KRLE‑faget i skulen! Dette studiet gir ei innføring i dei levande verdsreligionane og faga filosofi, livssyn og etikk.


Om studiet

Studieprogrammet dekkjer KRLE faget i skulen og gir undervisningskompetanse. Det gir ei innføring i dei levande verdsreligionane og dessutan faga filosofi, livssyn og etikk.

Hva kan du jobbe som?

Emnet gir kompetanse for undervisning i grunnskulen i KRLE.

Emnet kan også vera aktuelt i barne- og ungdomsarbeid, der du tek omsyn til livssyns- eller kulturbakgrunn i samansette barnegrupper.

Hvordan foregår undervisningen?

Undervisinga vil skje på nett. Studentane kan velje mellom å følgje ordinær nettundervisning, eller dei kan ta studiet asynkront gjennom å gjennomføre ulike oppgåver og aktivitetar som blir lagt ut på læringsplattformen.

Undervisningsvekene for REL1 (REL1007/1008 og REL1009) hausten 2026 blir netundervisning.

Måndag og fredag.

Veker 34, 36, 37, 39, 40, 42, 43 og 45.

Det er ein obligatorisk ekskursjon til Trondheim våren 2027.

Det er ikkje praksis knytt til studiet.

Opptak til studieprogrammet krev generell studiekompetanse

Søkjere som ikkje har generell studiekompetanse, og er 25 år eller eldre, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.

Dokumentasjon

Les om hvordan du dokumenterer at du dekker opptakskravet

Del 1: Kunnskap

Kandidaten:

  • Har kunnskap om læreplanen i skulen og utviklinga av religions- og livssynsfaget.
  • Har kunnskap om ulike didaktiske tilnærmingar i skulefaget
  • Har kjennskap til kunnskapsgrunnlag og forskingstradisjonar i faget.
  • Har kunnskap om tekstar, forteljingar, høgtider, lære, ritual og andre praksisar i ulike religionar, og korleis dette blir brukt i undervisninga i skulen.
  • Har kunnskap om lære, ritual og etikk i livssynshumanismen.
  • Har kunnskap om pluralisering, sekularisering og religions- og livssynskritikk som bakgrunnsorientering for andre delar av faget.

Ferdigheiter:

Kandidaten:

  • Har planlagt, gjennomført og vurdert KRLE-undervisning
  • Har prøvd ut varierte arbeidsmåtar som integrerer de grunnleggjande ferdigheitene.
  • Kan identifisere utfordringar knytte til korleis skulen og elevane møter livssynsmangfald og etisk mangfald
  • Har samarbeidd med elevar, kollegaer, føresette og aktørar i lokalsamfunnet.

Generell kompetanse

  • Kan drøfte kva religion og livssyn kan ha å seie for den enkelte og for samfunnet.
  • Kan reflektere over kva det inneber å vere KRLE-lærar
  • Kan reflektere kritisk over skulefaget

Del 2

Kunnskap
Kandidaten:

  • Har kunnskap om didaktiske utfordringar som er spesielle for faget.
  • Har meir omfattande kunnskap om didaktiske tilnærmingar til skulefaget og forskingstradisjonar i skulefaget og studiefaget.
  • Har kunnskap om tekstar, forteljingar, høgtider, lære, ritual, estetikk og andre praksisar innanfor kristendommen.
  • Har kunnskap om eit utval kristne kyrkjesamfunn
  • Har kunnskap om kristendommens historie med vekt på tida etter reformasjonen, og arbeid med historiske emne i skulen.
  • Har kunnskap om filosofiens historie, med vekt på nyare tid, og om utfordringar knytte til arbeidet med filosofiske problemstillingar i skulen.
  • Har kunnskap om grunnlagsetikk og grunnlagsetikkens rolle i arbeidet med etiske problemstillingar.

Ferdigheiter
Kandidaten:

  • Kan planlegge, gjennomføre og vurdere KRLE- undervisning i faget som grunnlag for elevretta vurdering.
  • Kan bruke varierte arbeidsmåtar som integrerer dei grunnleggande ferdigheitene.
  • Kan nytte etiske grunnlagsteoriar på emne frå profesjonsetikken og på elevorientert områdeetikk.
  • Kan handtere utfordringar knytte til korleis skulen og elevane møter livssynsmangfald og etisk mangfald.
  • Kan leie filosofiske samtalar.
  • Kan samarbeide med elevar, kollegaer, føresette og aktørar i lokalmiljøet.

Generell kompetanse
Kandidaten:

  • Kan drøfte kva religion og livssyn kan ha å seie for den enkelte og samfunnet.
  • Kan grunngjeve synspunkt på kva det inneber å vere KRLE-lærar.
  • Kan gjere greie for og ta stilling til etiske spørsmål om gjeld skulen og elevane.

    • Kan reflektere kritisk over skulefaget og vidareformidle forsking om barn, religion og livssyn

Utover semesteravgift og pensumlitteratur blir det krevd det at studenten disponerer ei bærbar datamaskin.​ Studentane må dekke utgifter til ekskursjonen til Trondheim.