Naturforvaltning
Vil du være med å ta vare på naturen? Då treng du biologiforståing som dette årsstudiet gir deg ei innføring i.
Om studiet
Hva kan du jobbe som?
Dersom du går vidare på bachelor i naturforvaltning, kvalifiserer du for ei rekke ulike stillingar innan f.eks. naturforvaltning, vilt- og fiskeforvaltning, landskapsplanlegging, informasjonsarbeid og naturoppsyn.
Døme på verksemder der kandidatar frå naturforvaltning arbeidar er Statens naturoppsyn, andre avdelingar i Miljødirektoratet, Statsforvaltaren, private verksemder, miljø- og naturorganisasjonar, og dessutan kommunar.
Hvordan foregår undervisningen?
Studiet er i hovudsak campusbasert og blir ikkje tilbode via nett eller samling. Nokre emne eller delar av emne kan bli underviste digitalt.
Undervisninga blir gjennomført med førelesingar, gruppearbeid og øvingar. I tillegg inneheld dei fleste emna feltkurs, ekskursjonar og prosjektoppgåver. Delar av undervisninga går føre seg i felt, mellom anna gjennom aktivitetar som elfiske og fiskekultivering, samt artslære innan insekt, plantar og sopp.
Delar av undervisninga kan bli gjeven på engelsk.
Opptak til studieprogrammet krever generell studiekompetanse.
Søkere som ikke har generell studiekompetanse, og er 25 år eller eldre, kan søke om opptak på grunnlag av: Realkompetanse Ta kontakt med studieveileder dersom du ønsker mer informasjon om opptak via realkompetanse.
Dokumentasjon:
Ein kandidat som har fullført utdanninga, er forventa å ha oppnådd følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
- har grunnleggjande kunnskap om natur og berekraftig forvaltning av natur i Norge
- har kunnskap om dyreriket og planteriket sin grunnleggjande systematikk
- har kunnskap om globale klimaprosessar og deira samverknad med vegetasjon
- har kunnskap innanfor grunnleggjande naturvitskaplege emne: økologi, kjemi, cellebiologi og genetikk
Ferdigheiter:
- har praktisk innsikt i jakt og fiske og i vilt- og fiskeforvaltning
- kan identifisere viktige dyreartar i norsk fauna
- kan bruka digitale og analoge kartverktøy til praktisk navigering i felt og innsamling av data
Generell kompetanse:
- kan gjera greie for og formidla grunnleggjande naturkunnskap
Utover semesteravgift og pensumlitteratur krev me at studenten disponerar ei bérbar datamaskin med headset og kamera. Studentane må kjøpe eigen laboratoriefrakk til bruk i emne med laboratorieøvingar.
Vidare må ein rekne med utgifter til transport, kost og losji i samband med ikkje-obligatoriske ekskursjonar og feltkurs.
Merk at fakultetet avheng av at nokre studentar stiller med eigen bil til køyring på enkelte ekskursjonar. All køyring vil bli kompensert etter satsane til staten for køyregodtgjersle.
Sidan studiet inkluderer emne innan geografisk informasjonsbehandling, må studenten disponere eigen PC/Mac med Windows 11 installert, der minimum yting oppfyller minstekrava for programvara som vert nytta i studiet. Nord universitet dekkjer kostnaden for programvara. For å sikre at du får kostnadsfri tilgang til rett versjon, skal du difor IKKJE laste ned eller installere programvare før du får beskjed om dette ETTER studiestart. På denne lenkja kan du samanlikne PC-en din med krava og tilrådingane programvara har.

