
Om kandidaten:
Inger Margrethe Tronstad (f.1975) har ein mastergrad i kroppsøving frå dåverande Høgskolen i Nord-Trøndelag i 2013. Ho arbeider ved Nord universitet, med friluftslivspedagogikk og friluftslivslære. Tronstad arbeider også med uteskoledidaktikk, friluftsliv på barnehagelærar- utdanninga, friluftsliv på lektor kroppsøving og vitskapsteori på grunnskolelærarutdanninga.
Tronstad har mangfaldig bakgrunn i skolefeltet, og akademisk og praktisk bakgrunn med friluftslivsfaget. Tronstad har arbeida som friluftslivslærar i 10 år ved Nordfjord folkehøgskule i tillegg har ho undervist i barneskole, ungdomskole og vidaregåande skole i ei årrekke. Parallelt med doktorgradsarbeidet har Tronstad arbeida ved friluftslivårseining i Levanger og Bodø.
Tittel på avhandlinga:
Å sette foten varsamt ned
-og sette djupe spor
Friluftslivslærarar sin profesjonskunnskap om mellommenneskelege prosessar på tur
Tittel på prøveforelesinga:
Kva kjenneteiknar og legitimerer profesjonskunnskap hos lærarar i friluftslivsfeltet? Korleis kan slik kunnskap bli bruka overordna i utviklinga av lærarprofesjonen, og meir særskilt i friluftslivslærarar sin yrkespraksis?
Tidspunkt for prøveforelesing: 15. februar 2024 kl. 10.00
Tidspunkt for disputas: 15. februar 2024 kl. 12.00
Stad: Nord universitet, Levanger, Daniel Mortenson-salen (sjå lenke for kart).
Disputasen blir leia av førsteamanuensis/faggruppeleiar May Line Tverbakk.
Vegleiarar:
Professor Idar Lyngstad, Nord universitet (hovedvegleiar)
Førsteamanuensis Petter Erik Leirhaug, Norges Idrettshøgskole (medvegleiar)
Bedømmingskomite:
Førsteopponent: Professor Suzanne Lundvall, Göteborgs Universitet
Andreopponent: Professor Leif Inge Magnussen, Universitetet i Sørøst-Norge
Leiar: Førsteamanuensis Ann Karin Orset, Nord universitet
Samandrag av avhandlinga:
Denne doktorgradsavhandlinga undersøker friluftslivslærarar sin profesjonskunnskap om mellommenneskelege prosessar på tur i vidaregåande skole og folkehøgskole. Undersøkinga ser på kva subjektive, personlege opplevingar og erfaringar friluftslivslærarar har, med utgangspunkt i den overordna problemstillinga: Kva kan skildre friluftslivslærarar sine praksiserfaringar og profesjonskunnskap med mellommenneskelege prosessar på tur med elevar?
Avhandlinga har ei dialektisk tilnærming: Mennesket eksisterer i nær og gjensidig samanheng med andre, og dette er ein heilskap. Teorigrunnlaget som avhandlinga kviler på, tek utgangspunkt i eksistensielle, relasjonelle og utviklingspsykologiske teoriar.
Metode for datainnsamling er semistrukturerte intervju med 18 friluftslivlærarar. Dataanalysen er gjort innanfor vitskaps- og kunnskapsteoretiske rammer som Alvesson & Sköldberg (2017) skildrar for hermeneutisk analyse av intervjudata.
Avhandlinga består av tre artiklar. Artikkel ein drøftar friluftslivlærarar si praksiserfaring og profesjonskunnskap over tid. Artikkel to undersøker friluftslivslærarar si organisering av klassen. Artikkel tre set lys på friluftlivslærarar sine praksiserfaringar og profesjonskunnskap om og med konfliktar på tur med klasse.
Avhandlinga får fram og utdjupar ein særprega lærarprofesjonskunnskap forma av medgang og motstand i situasjonar, i natur og over tid. Leiarskapet står fram som relasjonelt, nakent, krevjande og givande. Praksiserfaringane og profesjonskunnskapen til friluftslivslærarane med mellommenneskelege prosessar kjem fram som eit kontinuum av uttrykk, frå uttrykt kjærleik og passe basale behov, til det å sette harde krav til den enkelte. Friluftslivslærarar som fungerer godt, er viktige ressursar i skolen og for samfunnet.
Nøkkelord: friluftslivslærar, profesjonskunnskap, praksiserfaring, mellommenneskelege prosessar
Kontaktperson: Inger Margrethe Tronstad tlf 99325435
Prøveforelesning og disputas er offentleg. Avhandlinga er tilgjengeleg for gjennomsyn hos seniorrådgivar Geir Fjeldavli – geir.o.fjeldavli@nord.no