Før sensur
Studentane skal sjølv melde seg til undervisning og vurdering via Studentweb innan gitte fristar oppgitt i studiekalenderen. Kontakt seksjon for eksamen og vitnemål på eksamen@nord.no om det oppstår problem. Studentane får tilgang til sine emne i Canvas når dei er undervisningsmeldte.
Seksjon for eksamen og vitnemål har ansvar for publisering av eksamensdatoar til studentane under "Kommende hendingar" i Studentweb. Tilsette finn eksamensdatoene i Fagpersonweb under "Emne" og "Vurdering". Seksjon for eksamen og vitnemål og fakulteta samarbeider om eksamensplanlegginga. Dette er eit viktig ledd i kvalitetssikringa av eksamen ved universitetet slik at vi unngår kollisjonar og manglar.
Varigheit på eksamenar (vedteke i Utdanningsutvalet 17.06.2022):
Standard starttidspunkt vil vere kl. 09.00, og standard innleveringstidspunkt vil vere kl. 14.00. Altså vil ein eksamen av tre dagars varigheit ha oppstart kl 09.00 dag 1 og innlevering kl. 14.00 dag 3.
Standarder og definisjon på varigheit:
- Eksamen innanfor 1 dag oppgis som timar eller minutt.
- Eksamen med varigheit 1 til 2 dagar oppgis som timar.
- Eksamen med 3 dagar eller mer oppgis som dagar.
- Eksamen med varigheit 1 veke er 7 dagar.
- Eksamen med varighet 2 veker er 14 dagar.
- For 7 eller 14 dagars eksamenar som starter på ein måndag, vil innleveringstidspunkt bli måndag kl. 14.00 – ikkje søndag.
§10-2 Forskrift om studiar og eksamen ved Nord universitet
Ulikskap frå fakultet til fakultet kan førekomme.
Emneansvarleg har ansvar for at namn og kontaktinformasjon til sensorar blir formidla til eksamensadministrasjonen på fakultetet. Sensorane skal vere registrert i FS seinast åtte veker før eksamen.
- Kvalifikasjonskravet for sensor bør vere det same som kravet for å undervise i emnet. I særlege tilfelle kan relevant yrkeserfaring godkjennast som kvalifikasjon (henta fra UHR).
- Ekstern sensor kan ikke ha vore tilsett ved Nord universitet i siste føregåande semester (henta frå §10-2 punkt 3 Forskrift om studiar og eksamen ved Nord universitet).
For kvar sensor (intern eller ekstern) gjeld det at vedkommande ikkje er inhabil i forhold til nokon av eksamenskandidatane.
- Kvalifikasjonskravet for sensor bør vere det same som kravet for å undervise i emnet. I særlege tilfelle kan relevant yrkeserfaring godkjennast som kvalifikasjon (henta fra UHR).
Eksamensoppgåva (oppgåvesettet) skal vere universelt utforma.
Eksamensoppgåven skal liggje føre på bokmål og nynorsk i samsvar med den målforma som studenten har valt ved oppmelding til eksamen, jf. forskrift om studiar og eksamen ved Nord universitet § 8-1 (3).
Tilsette finn ein oversikt over valgte målformar i Fagpersonweb under "Emne" og "Vurdering".
Digital eksamen i Inspera:
Emneansvarleg har ansvar for at eksamensoppgåve (oppgåvesett) blir oppretta i Inspera med standardisert namnsetting: emnekode, emnenavn og eksamensdato. Oppgåvesett til skule- og heimeeksamen skal vere klart og lagt inn i Inspera seinast to veker før eksamensdato/innleveringsfrist. For oppgåver og mapper der det skal publiserast oppgåvetekst, må oppgåvesettet vere klart seinast fire veker før innleveringsfrist. Emneansvarleg har også ansvar for å dele oppgåvesettet med eksamensadministrasjonen.
BrukerveiledningEksamen med penn og papir:
Emneansvarleg har ansvar for at eksamensoppgåven leverast eksamensadministrasjonen seinast to veker før eksamensdato.
Forsidemaler:
Emneansvarleg har ansvar for at det blir utarbeidd skriftleg sensorrettleiing for alle eksamenar.
Rutinebeskrivning for sensorrettleiing
Emneansvarleg har ansvar for at sensorrettleiinga blir lasta opp i Inspera for digitale eksamenar. Den som skal laste opp sensorrettleiinga må ha ei sensorrolle på aktuell eksamen.
Korleis legge til sensorrettleiing i Inspera:
- Trykk på fana «Vurdering».
- Vel emne.
- Trykk på knappen «Val» i øvre høgre hjørne.
- Velg «Sensorveiledning ikke funnet».
- Last opp fil.
For eksamen med penn og papir må sensorrettleiinga sendast til eksamensadministrasjonen.
Emneansvarleg har ansvar for å gjøre sensorrettleiinga tilgjengeleg i Canvas for kandidatane etter at sensur er kunngjort.
Når studentane leverer masteroppgåva i Inspera, må dei i tråd med Åndsverklova fylle ut eit skjema der dei gir samtykke til om oppgåva deira kan publiserast elektronisk.
Les meir om publisering og klausulering på biblioteket sine nettsider
Digital arbeidskontrakt skal signeres før sensuroppdraga startar. Les meir på sida Tilsetting og arbeidskontrakt
Om sensoroppdraget inneber nærvær på eitt av våre campus/studiestader oppmodar Nord universitet sensor om å bestille reise og overnatting gjennom Berg-Hansen reisebyrå.
Berg-Hansen
E-post: nordnorge@berg-hansen.no
Tlf: (+47) 75 800 800 Ver vennleg å oppgi Nord universitet, namn på fakultet og kva emne det gjeld. Oppgi på reiserekninga opplysningar om reise og overnatting, og legg ved aktuelle kvitteringar/bekreftingar. Reiserekning blir dekt etter statens regulativ.
Under sensur
Ved skriftleg eksamen skal sensur registrerast i Inspera. For øvrige eksamenar (munnleg og praktisk), samt obligatorikk (obligatorisk deltaking og arbeidskrav), skal sensur registrerast i Fagpersonweb. Seksjon for eksamen og vitnemål sørgjer så for kunngjering av sensuren til studentane i Studentweb.
Intern sensor loggar inn med Feide.
Ekstern sensor loggar inn med ID-Porten.
Logg inn i InsperaSensur registrert av sensorane i Inspera går IKKJE automatisk ut til kandidatane - det er seksjon for eksamen og vitnemål som står for kunngjeringa av sensuren etter at den er ferdigstilt i Inspera. Sensur skal derfor vere ferdigstilt i Inspera innan kl. 12.00 den dagen sensurfristen går ut.
Vurderingsverktøyet
Det finst to vurderingsverktøy i Inspera: Klassisk vurderingsverktøy og det nyere verktøyet Vurdering 2.0. Vurdering 2.0 er aktivert på dei fleste prøvane.
Vurdering 2.0:
Klassisk vurderingsverktøy:
Norsk brukarrettleiing
Engelsk brukarrettleiingProblemer med vurderingsverktøyet?
Ta kontakt på eksamen@nord.no eller tlf 75 51 71 10.
Interne sensorar loggar på med Feide.
Eksterne sensorar loggar på med ID-porten.Samsensur kan foregå på to måter: Alle sensorar registrerer kvar for seg, eller ein sensor registrerer på vegne av kommisjonen og dei øvrige sensorene signerer.
OBS!
I Fagpersonweb er det ikkje mulig å registrere ikkje møtt/ikkje levert. Ikkje legg inn noko på desse kandidatane – la feltet stå blankt slik at eksamenskontoret kan registrere ikkje møtt/ikkje levert. Bekreft gjerne i eiga e-post til eksamenskontoret kva for kandidatar dette gjeld.Registrering av obligatorisk deltaking og arbeidskrav skal også gjerast i Fagpersonweb.
Fra forskrift om studiar og eksamen ved Nord universitet § 10-3:
- Sensur skal kunngjerast seinast 15 virkedagar etter eksamensdato.
- For masteroppgåver skal sensuren kunngjerast innan 30 virkedager frå innleveringsfristen.
- For bacheloroppgåver og kandidatoppgåver av minst 20 studiepoengs omfang skal sensuren kunngjøres innan 20 virkedagar frå innleveringsfristen.
- For munnlege eller praktiske eksamenar skal sensuren kunngjerast seinast 24 timer etter siste eksamensdag i emnet.
- For skriftlege arbeid med påfølgende justering etter muntlig eller praktisk eksamen, kunngjøres sensur for det skriftlige arbeidet senest 24 timer før muntlig eller praktisk eksamen.
Emneansvarleg har ansvar for at sensur er ferdigstilt innan kl. 12.00 den dagen sensurfristen går ut.
Hovudregelen er at ekstern sensor avgjer når det er usemje mellom intern og ekstern sensor.
Dersom sensurfristen på grunn av særleg spesielle omstende ikkje kan overhaldast, skal emneansvarleg, eventuelt intern sensor, informere eksamenskontoret om årsaka til forseinkinga og når sensur vil føreligge.
Sensur til studentane blir kunngjort på Studentweb. For munnlege og praktiske eksamenar kan sensur meddelast munnleg i forkant av kunngjering i Studentweb.
Alt skriftleg arbeid som blir levert i Inspera, med unntak av skuleeksamen, blir automatisk kontrollert i Originality. Det er intern sensor sitt ansvar å sjekke treffprosent og sjå plagiatrapporten i Originality.
Korleis opne plagiatanalysen?
Når sensor opnar prøva i Inspera og vel «Kandidatoversikt» i venstremenyen, vil kva nivå på tekstlikskap svaret har bli vist som Low, Medium eller High Risk. Når sensor vel «Vurder oppgåvesvar» i venstremenyen, blir «Originalitetsindeks» vist som ei eiga fane like over svaret. Denne fana kan opnast, og ein vil få tilgang til plagiatanalysen i Originality.
Kva har intern sensor og ekstern sensor tilgang til?
Både ekstern og intern sensor har tilgang til plagiatanalysen og vil kunne sjå treff i tekstlikskap mot opne kjelder på internett.Er det fusk dersom treffprosent i plagiatkontroll er høg?
Originality finn tekstlikskap, men tek ikkje omsyn til om korrekt referansepraksis er følgt. Dersom det føreligg høg risk av tekstlikskap, men også korrekt referansepraksis, blir det vanlegvis ikkje rekna som plagiering. Arbeidets faglege sjølvstende vil likevel kunne speglast i karakterfastsetjinga. Dersom det føreligg høg risk av tekstlikskap utan at korrekt referansepraksis er følgt, skal faglærar / intern sensor innleie nærare undersøkingar for å avdekke eventuelt plagiat.Kan det vere fusk dersom treffprosenten i plagiatkontroll er låg?
Plagiatkontrollen kan berre søke i kjelder som ligg ope på nett eller i Originalitys tilgjengelege databasar. Det betyr at mykje faglitteratur som ikkje ligg ope på internett, er utilgjengeleg for Originalitys søkemotorar. Sensors faglege blikk er difor også ein viktig del av plagiatkontrollen.Kva gjer du viss du mistenker fusk, eller treng hjelp med plagiatkontrollen?
Ta kontakt med ein saksbehandlar i seksjon for eksamen og vitnemål:
Ina Sivertsen
Rita Romarheim
Nina Austad-SivertsenRettleiingar:
Retningslinjer for behandling av fusk
Rettleiing i bruk av Originality (video frå kurs 03.12.25)Inspera Help Center:
Etter sensur
Grunngjevinga skal innehalde dei generelle prinsippa som er lagt til grunn for sensurvedtaket, og vurderinga av studentens prestasjon jf. UH-lova § 11-8.
Skriftleg eksamen:
Studenten kan be om grunngjeving innan ei veke etter at karakteren er kunngjort i Studentweb. Grunngjeving skal gis av sensor innan to veker. For å gi grunngjeving, gå til Fagpersonweb.
Både intern og ekstern sensor får e-post med varsel om at ein eller fleire studentar har bede om grunngjeving i eit emne. Det blir også gitt varsel i Fagpersonweb. Det blir ikkje sendt ut purring. Det er fakultetet som bestemmer om det er intern eller ekstern sensor som er ansvarleg for å utarbeide grunngjevinga. Ein kan per dags dato ikkje gi grunngjeving i Inspera.
Emneansvarleg avgjer om grunngjeving skal gis skriftleg eller munnleg.
Brukarrettleiing grunngjeving i Fagpersonweb (pdf)
Munnleg og praktisk eksamen:
Frist for å be om grunngjeving på praktiske og munnlege eksamenar er umiddelbart etter kunngjering av karakter.Kandidaten tar direkte kontakt med sensor for å be om grunngjeving.
Digital arbeidskontrakt og registrering av timer: Les meir på sida Tilsetting og arbeidskontrakt
Sensorar som ikkje bruker digital kontrakt i DFØ kan sende inn utfylt honorarskjema til fakultetet:
Informasjon til deg som skal ha honorar utbetalt til utenlandsk bankkonto:Benytt «Payment abroad»-skjema og legg ved kopi av passet ditt.
Klagesensur
Studenten kan klage på karakteren inntil tre veker etter at karakteren blei kunngjort i Studentweb / grunngjevinga blei gitt / svar på eventuell klage på formelle feil blei behandla.
Saksgang:
- Studenten sender inn klaga si via Studentweb.
- Ei klagesak blir oppretta automatisk, og kandidaten blir fordelt til klagekommisjonen.
- Klagesensor får eit automatisk e-postvarsel frå FS.
- Varsel blir sendt éin gong i døgnet, føresett at det har kome nye klager. Emnekoden er oppgitt i varselet.
- Administrasjonen i seksjon for eksamen og vitnemål sender e-post til klagesensorar med informasjon om prosessen.
- Sensorane sensurerer svara i Inspera og set ny karakter.
- Administrasjonen verifiserer sensuren i Inspera, karakteren blir overført til FS og studenten får automatisk varsel på e-post.
Behandlingstid:
Behandling av klagesaker skal skje uten ugrunna opphold, det vil si så raskt som mogleg. Se forvaltningslova §11a.
Avvik med to eller fleire karakterar:
Dersom karakter ved ny sensur avvik med to eller fleire karakternivå frå opphavle sensur, skal det gjerast ei ytterlegare vurdering før endelig karakter blir fastsett, jf. UH-lova §5-3 (7). Informasjon blir då sendt på e-post til både opphavleg kommisjon og til klagekommisjon for ei tredje vurdering.
Retningslinjer for behandling av avvik på to eller fleire karakterar frå opprinneleg sensur
Det skal alltid vere to sensorar ved klagesensurering, kor minst éin er ekstern. Sjølve sensurprosessen føregår på same måte som for ordinær vurdering. Standard arbeidsflyt for ein klagekommisjon vil vere “individuelle poeng og karakterar”. Det vil seie at begge (alle) sensorane vurderer besvarelsen(e) i sin heilskap før sensorane møtest i “felles vurdering” og blir einige om endeleg karakter.
Slik går du fram:
- Logg inn i Inspera og gå til fana “Vurdering”. Opne prøven som inneheld kandidatar som skal ha klagesensur. Ein klagekommisjon visast i biletet. Klikk på den oransje knappen - "Vurder dine kandidater".
- Sett din karakter (1) og del di vurdering (2) med klagekommisjonen (ved delt poenggivning, gå direkte til neste punkt.)
- Samstem din karakter med kommisjonen (felles vurdering). Dette fungerer på same måte som ved ordinær vurdering. De kjem ikkje vidare i prosessen før alle sensorane har landa på same karakter. Karakteren du sjølv har sett er markert med blått. Medsensors karakter er markert med grått.
- Godkjenn vurderinga av kandidaten.
- Etter å ha trykt på "godkjenn no", må endelig vurdering bekreftast ein ekstra gong.
- Protokoll med godkjent karakter blir no tilgjengeleg på oversiktssida.
Det skal ikkje sendast papirprotokoll når klagesensur er gjennomført i Inspera. Saksbehandlar får varsel når vurderinga er ferdigstilt og overfører karakteren til FS.
Sjå videoen Gjennomføre klagesensur i Inspera. Videoen er lånt fra NTNU.
Får du spørsmål om innlogging, klikk Avbryt.
Obs: Eksterne sensorar som har signert kontrakt i DFØ skal ikkje sende inn honorarskjema