Emneomtale for 2026/27
Trening og ernæring
IDR1047
Emneomtale for 2026/27

Trening og ernæring

IDR1047

Vil du vite korleis riktig ernæring kan påverke kroppen, helsa og prestasjonane? Trening og ernæring gir deg kunnskap om korleis du kan optimalisere kosthald og næringsinntak for å hjelpe både mosjonistar og idrettsutøvarar med å nå sitt fulle potensial.

Emnet er nettbasert og har ei fleksibel oppbygging, noko som betyr at studentane kan gjennomføre dei digitale førelesingane og praktiske aktivitetane i emnet når det passar dei i løpet av vårsemesteret. Unntaket er eksamen, som blir gjennomført på fastsett dato.

Emnet Trening og ernæring gir ei heilskapleg forståing av korleis kosthald og fysisk aktivitet verkar saman for å optimalisere helse og prestasjon. Emnet dekkjer alt frå fordøyingssystemet si funksjon til kroppen sine energisystem, og gir studentane solid kunnskap om makro- og mikronæringsstoff, samt korleis desse påverkar styrke, uthald og kroppssamansetjing.

Gjennom praktiske verktøy lærer studentane å analysere kosthald, rettleie klientar og skreddarsy ernæringsplanar som passar både mosjonistar og idrettsutøvarar. Studentane vil òg øve på å bruke samtaleteknikkar for å støtte klientar i varige livsstilsendringar. Aktuelle tema som etiske omsyn og kritisk tenking rundt ernæringsrettleiing og sosiale medium vil òg vere ein del av undervisninga. Studentane vil vere godt rusta til å formidle fagleg kunnskap og ha gode verktøy for å supplere treningsrettleiing med ernæringskunnskap.

Opptak til Personleg trenar 2 - fleksibel, eller opptak som enkeltemnestudent.

Opptak krev generell studiekompetanse, og søkjarar må i tillegg dokumentere to års arbeidserfaring. Du kan lese om korleis du dokumenterer arbeidspraksis her.

Søkjarar som ikkje har generell studiekompetanse, og som er 25 år eller eldre, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.

Det er òg mogleg å søkje opptak til emnet som enkeltemnestudent. Det blir teke atterhald om ledig kapasitet på emnet. Her finner du meir informasjon om enkeltemneopptak og fristar. Om du vil søkja på dette emnet, hugs å skriva namnet på emnet eller emnekoden i merknadsfeltet i søknaden din.

Etter fullført emne er det forventa at studentane har oppnådd følgjande læringsutbytte:

Kunnskap:

Studenten

  • har nødvendig faktakunnskap om fordøyingssystemet, kroppen sine energisystem og målemetodar for kroppssamansetjing.
  • kan identifisere ulike næringsstoff og den kjemiske oppbygginga av karbohydrat, feitt og protein.
  • kan identifisere matkjelder som er rike på dei ulike næringsstoffa.
  • har brei kunnskap om anbefalingar for vatn, makro- og mikronæringsstoff for den generelle befolkninga, samt tilpassingar for mosjonistar og utøvarar.
  • har brei kunnskap om fordøyingsprosess, funksjon i kroppen og konsekvensar ved for høgt eller for lågt inntak av makro- og mikronæringsstoff.
  • har brei kunnskap om korleis ernæring kan påverke fysiske prestasjonar, inkludert utvikling av styrke, hurtigheit og uthald.
  • har brei kunnskap om prosessar og anbefalingar ved endring av kroppssamansetjing.
  • har nødvendig faktakunnskap om kosttilskot.
  • kan identifisere ernæringstilpassingar som er nødvendige for spesielle grupper.
  • forstår etiske utfordringar knytt til faget si rolle på sosiale medium, i praktisk og munnleg ernæringsrettleiing, samt ved måling av kroppssamansetjing.

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan bruke fagleg kunnskap og ta grunna val i skriftleg og munnleg formidling, samt i relasjon til klientar.
  • kan reflektere over eiga prestasjon ved munnleg framlegg og justere denne under rettleiing.
  • kan vurdere etiske utfordringar i faget si rolle på sosiale medium, i praktisk og munnleg ernæringsrettleiing, samt ved måling av kroppssamansetjing.
  • kan praktisere faget gjennom formidling, registrering av næringsinnhald i matvarer, og kosthaldssamtale og -rettleiing.
  • har grunnleggjande ferdigheiter i bruk av motiverande intervju som samtaleteknikk i kosthaldssamtalen.
  • evnar å kritisk vurdere relevant tekstleg materiale på internett og sosiale medium.

Generell kompetanse:

Studenten

  • har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar knytt til påverknad på enkeltindivid si fysiske og mentale helse ved ernæringsrettleiing.
  • kan formidle relevant fagkunnskap skriftleg og munnleg.

Studieavgifta er kr 3000,-. Prisen er den same enten du vel å ta heile studieprogrammet (tre emne), eller om du berre tek enkeltemne frå programmet. I tillegg kjem kostnader til semesteravgift og pensumlitteratur.

I tillegg føreset det at studenten har tilgang til ein berbar datamaskin med kamera og hovudsett for å kunne delta i nettbasert undervisning. Studentane må ha internettlinje med kapasitet til nettundervisning.

Teoriemne

Obligatorisk

Emnet består av 50 % digitale førelesingar med arbeidsoppgåver og testar knytte til desse, og 50 % praktiske oppgåver, der studentane gjennomfører arbeidsoppgåver i form av eigentrening og treningsplanlegging med digitale verktøy. Både førelesingar og praktiske økter vil vere tilgjengelege på video. Det blir sett opp vekelege rettleiingsmøte knytte til temaa i emnet, som det er frivillig å delta på. Desse går føre seg i sanntid.

I løpet av semesteret er det mogleg, etter førespurnad til emneansvarleg, å få inntil to rettleiingssamtalar.

Studieprogrammet blir årleg evaluert av studentane gjennom emneevalueringar og studieprogramevaluering. Evalueringane inngår som ein del av universitetet sitt kvalitetssikringssystem.

Samsett vurdering - alle delar må vere godkjende/bestått for å få karakter i emnet.

  • Arbeidskrav (AK1): Fullført læringssti, inkludert quiz. Tel 0/100 av karakteren. Vurderast til godkjent/ikkje godkjent.
  • Munnleg eksamen (MU): Individuell munnleg eksamen med ei varigheit på inntil 30 minutt. Eksamen blir gjennomført digitalt. Tel 100/100 av karakteren. Karakterskala A-F, beste A, ikkje bestått F.

Ingen hjelpemiddel tillatne.

Å generere ei besvarelse ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens, og levere ho heilt eller delvis som eiga besvarelse, blir rekna som fusk.

Generell informasjon om hjelpemiddel til eksamen finn du her..

Informasjon om ChatGPT/kunstig intelligens m.m. finn du her.

Overlapp vil seie at det er ein fagleg likskap mellom emne med same faginnhald. Derfor vil du få få følgande reduksjon i studiepoeng dersom du har tatt emne som er nemnde nedanfor:

IDR2005 - Trening og ernæring - 10 Studiepoeng

KR163L - Trening og ernæring - 5 Studiepoeng

IDR1044 - Trening og ernæring - 10 Studiepoeng