Emnebeskrivelse for 2026/27
Praksis – fordypning i journalistikk
JOU5007
Emnebeskrivelse for 2026/27
Praksis – fordypning i journalistikk
JOU5007
I eit yrkesfagleg orientert masterstudium som dette er det viktig å la teori og ferdigheiter verte møtt i utøvinga av journalistisk arbeid under kyndig rettleiing. Studentane skal difor i femte semester gjennomføre ein seks vekers periode inkludert praksis i ein redaksjon.
Dette emnet inkluderer seks veker med introduksjon til praksis, relevant praksis i ei organisasjon med rettleiar, og avslutning på praksis.
I eit yrkesfagleg orientert masterstudium som dette er det viktig å la teori og ferdigheiter verte møtt i utøvinga av journalistisk arbeid under kyndig rettleiing. Studentane skal difor i femte semester gjennomføre ein seks vekers praksis som inkluderer arbeid i ein redaksjon. Studentane blir tildelt ein rettleiar i praksisredaksjonen. Fakultetet forhandlar avtalar med kvar enkelt redaksjon om utplassering av studentar i praksis og tildeler praksisplass til studentane. Studentane er forplikta til å ta imot den praksisplassen som blir stilt til rådvelde i ei av fakultetet sine samarbeidande redaksjonar. Avviklinga av praksisen kan verte tilpassa innanfor rammene av emnet.
Emnet er berre ope for studentar på studieprogrammet master i journalistikk og kommunikasjonsarbeid.
Må ha bestått JOU5005 og JOU5006.
Kunnskap:
Studenten
- har avansert kunnskap om det å vere journalist i ein redaksjon, korleis ein redaksjon er bygd opp og korleis dei tilsette samarbeider.
- har inngående kunnskap om yrkesetiske problemstillingar.
Ferdigheiter:
Studenten
- kan arbeide sjølvstendig med praktiske problemløysing.
- kan planleggje og gjennomføre eit større, sjølvstendig praktisk prosjekt, reflektere systematisk over vala som er gjort, og kvaliteten på det endelege produktet.
- forstår og kan handtere etiske utfordringar i yrkesutøvinga.
- kan løyse varierte og avanserte journalistiske oppgåver.
- kan vurdere og reflektere over eige og andre sitt arbeid, og justere arbeidet under rettleiing.
- kan meistre relevante verktøy, teknikkar og uttrykksformer.
Generell kompetanse:
Studenten
- kan utvikle synspunkt og erfaringar med andre innanfor fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis.
- kan planleggje og gjennomføre journalistiske arbeidsoppgåver og prosjekt.
- meistrar dei arbeidsformene som gjeld i samsvar med etiske og juridiske krav og retningslinjer.
- kan bruke kunnskapane og ferdigheitene sine på nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt.
Utover kostnader til semesteravgift og pensumlitteratur må studenten rekne med følgjande utgifter: Studenten må dekkje utgifter til reise og opphald på praksisstaden, men journaliststudentar får løn ut frå gjeldande avtaleverk.
Praksisemne, valgemne
Dette emnet inkluderer ei digital innføring i praksisarbeid, og praksisopphald i ein ekstern organisasjon, med rettleiar frå praksisplassen og universitetet. Avslutning på perioden i form av presentasjon på digitalt seminar.
Studieprogrammet blir evaluert årleg av studentane gjennom emneevalueringar og studieprogrammevaluering. Evalueringane inngår som ein del av universitetet sitt kvalitetssikringssystem.
Praksis blir gjennomført over inntil 6 veker i ein redaksjon. Studentane blir tildelt ein rettleiar i praksisredaksjonen. Fakultetet forhandlar avtaler med kvar enkelt redaksjon om utplassering av studentar i praksis og tildeler praksisplass til studentane. Studentane er forplikta til å ta imot den praksisplassen som blir stilt til rådvelde i ei av fakultetet sine samarbeidande redaksjonar.
Seks vekers periode inkludert praksis i ein redaksjon. Vurderingsuttrykk: Bestått/Ikkje bestått. Tel 100/100 av karakteren.
Studenten må kunne lese engelsk litteratur.
