Norsk 2A - Språklig variasjon i fortid og nåtid
Norsk 2A omfattar norskundervisning for trinn 1-10. Emnet gir innsikt i ulike former for språkleg variasjon, primært knytt til det norske språksamfunnet. Emnet vil også omhandle språkhistorie og nabospråka våre, i tillegg til samisk og dei nasjonale minoritetsspråka.
Emnet blir konsentrert rundt munnleg og skriftleg språkbruk, både i fortid og notid. Tematikken vil, der det er relevant, bli sett inn i ein norskdidaktisk samanheng. Gjennom arbeid med språk og tekster får studentane høve til å vidareutvikle språkferdigheiter, tekstkompetanse og formidlingsevne.
Opptak til eit av studieprogramma der emnet inngår, eller opptak som enkeltemnestudent.
Dette emnet inngår i følgjande program:
- Grunnskolelærerutdanning master 1-7
- Grunnskolelærerutdanning master 5-10
- Grunnskolelærerutdanning master 1-10
- Lektorutdanning i kroppsøving og idrettsfag
- Lærerutdanning for praktiske og estetiske fag for trinn 1-13, musikk
- Lektor i samfunnsfag
Opptakskrava kjem fram på studia sine nettsider. Eventuelle forkunnskapskrav til emnet må vere oppfylte.
Kunnskap:
Studenten
- har kunnskap om nasjonale minoritetsspråk og nabospråk
- har omfattende kunnskap om språkleg variasjon og norsk som første- og andrespråk
- har kunnskap om sosiolingvistisk variasjon i tale og skrift
- har kunnskap om språkhistorie, språklege endringsprosessar i eldre og nyare tid og gjeldande normering av nynorsk og bokmål
Ferdigheiter:
Studenten
- kan analysere språkleg variasjon i fortid og nåtid
- kan gi tilpassa opplæring for minoritetselevar med varierande ferdigheiter i munnleg og skriftleg norsk
- kan skrive akademiske tekster på nynorsk og bokmål
- kan legge til rette for variert arbeid med språk i tradisjonelle og nye medium
Generell kompetanse:
Studenten
- har innsikt i norskfaget si historie og eigenart som språk-, kultur-, litteratur- og danningsfag
- kan formidle fagstoff om språk tekst ved hjelp av relevante uttrykksformer
- kjenner til fagdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte forskingsetiske problemstillingar
- kan arbeide kritisk og sjølvstendig med faglege og fagdidaktiske problemstillingar
Valemne.
Obligatorisk emne for studentar på Lektor i samfunnsfag som vel fordjuping i norsk.
Det blir lagt vekt på bruk av varierte og relevante undervisningsmetodar og læringsaktivitetar, som til dømes individuelt og gruppebasert arbeid, både skriftleg og munnleg, utprøving av ulike metodar, inkludert bruk av praktisk-estetiske tilnærmingsmåtar. Praksiserfaringane dannar saman med fagleg kunnskap og fagdidaktiske vurderingar den heilskaplege kompetansen i faget i utdanninga.
Med tanke på å utvikle forskings- og utviklingskompetanse, skal studentane arbeide med ulike metodiske tilnærmingar, samt utvikle kompetanse i å reise forskingsetiske spørsmål.
Grunnskulelærarutdanninga er eit profesjonsstudium der aktiv deltaking og samarbeidslæring står sentralt. Obligatorisk deltaking (OD) betyr at du må delta på minst 80 % av all undervisning og læringsaktivitet som er fastsett i semesterplanen og timeplanen for emnet. Obligatorisk deltaking må vere godkjend for at emnet skal bli registrert som fullført.
Sammensett vurdering (SV): Alle delane må vere godkjent/bestått for å få endeleg karakter i emnet.
Obligatorisk deltaking (OD): minimum 80 % deltaking. Karakterskala: Godkjent/ikkje godkjent. Tel 0/100 av karakteren.
Arbeidskrav (AK): Eitt arbeidskrav, t.d. skriving av fagtekst. Karakterskala: Godkjent/ikkje godkjent. Tel 0/100 av karakteren.
Skuleeksamen (SK): Varigheit: 6 timar. Målform: Bokmål. Karakterskala: A-E for bestått, F for ikkje bestått. Tel 100/100 av karakteren.
Ingen hjelpemiddel tillatne.
Å generere svar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere han heilt eller delvis som eige svar, er å rekne som fusk.
Overlapp vil seie at det er ein fagleg likskap mellom emne med same faginnhald. Derfor vil du få få følgande reduksjon i studiepoeng dersom du har tatt emne som er nemnde nedanfor:
NOR2004 - Norsk 2B, 5-10 - 7.5 Studiepoeng
NOR2001 - Norsk 2A, 1-7 - 7.5 Studiepoeng
