Norsk 2D - Den vidare lese- og skriveopplæringa, 5-10
Opptak til eit av studieprogramma der emnet inngår, eller opptak som enkeltemnestudent.
Dette emnet inngår i følgjande program:
- Grunnskulelærarutdanning master 5-10
- Lektorutdanning i kroppsøving og idrettsfag
- Lærarutdanning for praktiske og estetiske fag for trinn 1-13, musikk
- Lektor i samfunnsfag
Opptakskrava kjem fram på studiane sine nettsider. Eventuelle forkunnskapskrav til emnet må vere oppfylte.
KUNNSKAP
Studenten
- har kunnskap om litteraturhistorie og omfattande kunnskap om litteratur frå ulike tider, for barn, unge og vaksne
- har brei kunnskap om litteratur- og språkdidaktiske tilnærmingar og kunnskap om ulike litteratur- og språkteoretiske perspektiv
- har omfattande kunnskap om munnleg kommunikasjon, lesing og skriving og vidareutvikling av grunnleggande språkferdigheiter
FERDIGHEITER
Studenten
- kan bruke kunnskap om grammatikk og språk, tekstar og litteratur i analyse av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
- kan legge til rette for variert arbeid med språk og litteratur i tradisjonelle og nye medium
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere arbeid med sakprosa og skjønnlitteratur frå ulike perspektiv og for ulike formål
- kan bruke relevante metodar og ny teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i den vidare lese- og skriveopplæringa
- kan legge til rette for at elevane får lese, skrive og diskutere saktekstar og skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium og tilpasse den vidare opplæringa i språklege ferdigheiter til elevar på ungdomstrinnet
- kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar
- kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål
GENERELL KOMPETANSE
Studenten
- har innsikt i skulefagets historie og eigenart som språk-, kultur-, litteratur- og danningsfag
- kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer
- kjenner til fagdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte forskingsetiske problemstillingar
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på trinn 5-10 i samarbeid med andre
Valemne
Obligatorisk emne for studentar på Lektor i samfunnsfag som vel fordjuping i norsk.
Det blir lagt vekt på bruk av varierte og relevante undervisningsmetodar og læringsaktivitetar, som til dømes individuelt og gruppebasert arbeid, både skriftleg og munnleg, utprøving av ulike metodar, inkludert bruk av praktisk-estetiske tilnærmingsmåtar. Praksiserfaringane dannar saman med fagleg kunnskap og fagdidaktiske vurderingar den heilskaplege kompetansen i faget i utdanninga.
Med tanke på å utvikle ein forskings- og utviklingskompetanse, skal studentane arbeide med ulike metodiske tilnærmingar, samt utvikle ein kompetanse i å reise forskingsetiske spørsmål.
Grunnskulelærarutdanninga er eit profesjonsstudium der aktiv deltaking og samarbeidslæring står sentralt. Obligatorisk deltaking (OD) betyr at du må delta på minst 80 % av all undervisning og læringsaktivitet som er fastsett i semesterplanen og timeplanen for emnet. Obligatorisk deltaking må vere godkjend for at emnet skal bli registrert som fullført.
Sammensett vurdering (SV): Alle delane må vere godkjent/bestått for å få endeleg karakter i emnet.
Obligatorisk deltaking (OD): minimum 80 % deltaking. Karakterskala: Godkjent/ikkje godkjent. Tel 0/100 av karakteren.
Arbeidskrav (AK): Eitt arbeidskrav, t.d. skriving av fagtekst, skriving i andre sjangrar eller munnleg presentasjon. Karakterskala: Godkjent/ikkje godkjent. Tel 0/100 av karakteren.
Heimeeksamen (HJ): Heimeeksamen, to dagar. Målform: Nynorsk. Karakterskala: A-E for bestått, F for ikkje bestått. Tel 100/100 av karakteren.
Alle hjelpemidler.
Å generere svar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere han heilt eller delvis som eige svar er å rekne som fusk. Informasjon om ChatGPT/kunstig intelligens mm. finn du her.
Overlapp vil seie at det er ein fagleg likskap mellom emne med same faginnhald. Derfor vil du få få følgande reduksjon i studiepoeng dersom du har tatt emne som er nemnde nedanfor:
NOR2003 - Norsk 2A, 5-10 - 7.5 Studiepoeng
NOR2004 - Norsk 2B, 5-10 - 7.5 Studiepoeng
