Emneomtale for 2026/27
KRLE 2B Tekst, tolking og kultur - Religionar
REL2005
Emneomtale for 2026/27
KRLE 2B Tekst, tolking og kultur - Religionar
REL2005
Emnet Tekst, tolking og kultur - religionar er eit emne i studiet KRLE 2. Emnet legg opp til ei fordjuping i aktuelle tekstar og tolkingstradisjonar knytt til jødedom, islam, hinduisme og buddhisme. Det blir også lagt vekt på arbeid i skulen med religiøse tekstar, forteljingar, gjenstandar og tolkingstradisjonar og korleis desse kjem til uttrykk i samfunnet.
Det er mogleg å søke opptak til emnet som enkeltemne. Det vært teke atterhald om ledig kapasitet på emnet. Søkaren må oppfylle gjeldande opptakskrav for KRLE 2. Meir informasjon om enkeltemne opptak og fristar
KUNNSKAP
Studenten
- Har kunnskap om eit utval tekstar og aktuelle perspektiv i religionar, religiøse rørsler og sekulære ideologiar og om arbeidet med dette i skulen.
- Har kunnskap om korleis estetiske arbeidsmåtar kan vere med å fremje læring.
- Har kunnskap om forsking på barn i høve til religion og livssyn.
FERDIGHETER
Studenten
- Kan gjere greie for tekstar og kjeldebruk, på ulike praksisar og mangfald og for aktuelle perspektiv i lokalt valde tradisjonar.
- Kan lage undervisningsopplegg som nyttar estetiske arbeidsformer og digitale verktøy knytt til arbeid med tekstar og kulturelle uttrykk i religionar og livssyn.
- Kan reflektere sjølvstendig over ulike arbeidsformer som vert nytta i skulefaget.
GENERELL KOMPETANSE
Studenten
- Har kunnskap om religionar, livssyn og ideologiar og kan nytte kunnskapen på ulike måtar i skulen generelt.
- Kan drøfte og bruke dei grunnleggande dugleikane i KRLE.
Utover semesteravgift og pensumlitteratur blir det lagt til grunn at studenten disponerer ei berbar datamaskin med kamera og headsett for deltaking i nettbasert undervisning. Studentane må ha internettline med kapasitet til nettundervisning.
Valbart
Kurset er nettbasert. Undervisinga vekslar mellom førelesingar, case, øvingar og diskusjonar i gruppe og plenum. Aktiv deltaking og samarbeid mellom studentane er ein føresetnad for å nå læringsutbytta. Det blir også venta ein stor grad av eigeninnsats i emnet.
Arbeidskrava skal saman med anna undervising, hjelpe studentane i arbeidet med å nå læringsutbytta i emnet.
Studieprogrammet blir evaluert årleg av studentane gjennom emneevalueringar og studieprogramevaluering. Evalueringane inngår som ein del av universitetets kvalitietssikringssystem.
Samansett vurdering (SV): Alle delar må vere godkjende/bestått før ein får karakter i emnet.
- Obligatorisk deltaking (OD): Minimum 80 % gjennomføring av digitale læringsstigar som kan innehalde videoar, faglege presentasjonar og ulike typar arbeidsoppgåver knytt til læringsutbytta i faget. Godkjent/ikke godkjent. Teller 0/100 av karakteren
- Arbeidskrav (AK): Studentane skal gjennom studiet levere eit arbeid som er gjort individuelt. Blir vurdert til godkjend/ikkje godkjend. Tel 0/100 av karakteren.
- Munnleg eksamen (MU): Individuell munnleg eksamen. Varighet på inntil 30 minutter per. kandidat. Eksamen blir vurdert med gradert karakter A-F. Tel 100/100 av karakteren.
Ingen hjelpemiddel
Å generere svar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere den heilt eller delvis som eige svar er å rekne som fusk.
