Emneomtale for 2026/27
KRLE 2C Filosofi og etikk som praksis
REL2006
Emneomtale for 2026/27

KRLE 2C Filosofi og etikk som praksis

REL2006
Emnet Filosofi og etikk som praksis er eit emne i studiet KRLE 2. Emnet belyser en historisk og praktisk tilnærming til filosofi og etikk. Det blir lagt vekt på sentrale retningar frå filosofihistoria, fenomenologisk, hermeneutisk og eksistensialistisk filosofi, politisk filosofi, og sentrale etiske teoriar knytt til ulike religionar, livssyn og ideologiar. Filosofi og etikk blir undersøkt i et didaktisk perspektiv. Emnet legg vekt på arbeid med etiske problem og på bruk av filosofisk samtale som metode i klasserommet.
Det er mogleg å søke opptak til emnet som enkeltemne. Det vært teke atterhald om ledig kapasitet på emnet. Søkaren må oppfylle gjeldande opptakskrav for KRLE 2. Meir informasjon om enkeltemne opptak og fristar

KUNNSKAP

Studenten:

- har kunnskap om filosofihistorie med vekt på nyare tid og på moderniteten, og utfordringane knytta til desse emna

- har kunnskap om pluralisering , sekularisering og religions- og livssynskritikk som undervisningstema.

- har kunnskap om sentrale filosofiske og etiske problemstillingar som radikalisering, seksuell orientering, ytringsfridom, klimaspørsmål, minoritetsspørsmål, diskriminering og kroppsfokusering i barne- og ungdomskulturen.

- har kunnskap om forsking på barn og ungdom i høve til etikk.

FERDIGHETER

Studenten:

- kan drøfte aktuelle filosofiske og etiske problemstillingar ut frå ulike religiøse, livssynsmessige og ideologiske posisjonar.

- kan reflektere sjølvstendig over ulike arbeidsformer som blir brukt i skolefaget.

GENERELL KOMPETANSE

Studenten:

- har kunnskap om aktuelle filosofiske og etiske problemstillinger, og kan bruke desse på ulikt vis i og utanfor skolefaget.

- kan drøfte og bruke de grunnleggende ferdighetene i KRLE.

Utover semesteravgift og pensumlitteratur blir det lagt til grunn at studenten disponerer ei berbar datamaskin med kamera og headsett for deltaking i nettbasert undervisning. Studentane må ha internettline med kapasitet til nettundervisning.
Valbart
Kurset er nettbasert. Undervisinga vekslar mellom førelesingar, case, øvingar og diskusjonar i gruppe og plenum. Aktiv deltaking og samarbeid mellom studentane er ein føresetnad for å nå læringsutbytta. Arbeidskrava skal saman med anna undervising, hjelpe studentane i arbeidet med å nå læringsutbytta i emnet. Det blir også venta ein stor grad av eigeninnsats i emnet.
Studieprogrammet blir evaluert årleg av studentane gjennom emneevalueringar og studieprogramevaluering. Evalueringane inngår som ein del av universitetets kvalitietssikringssystem.

Samansett vurdering (SV): Alle delar må vere godkjende/bestått før ein får karakter i emnet.

  • Obligatorisk deltaking (OD): Minimum 80 % gjennomføring av digitale læringsstigar som kan innehalde videoar, faglege presentasjonar og ulike typar arbeidsoppgåver knytt til læringsutbytta i faget. Godkjent/ikke godkjent. Teller 0/100 av karakteren
  • Arbeidskrav (AK): Studentane skal gjennom studiet levere eit arbeid som er gjort i individuelt. Blir vurdert til godkjend/ikkje godkjend. Tel 0/100 av karakteren.
  • Oppgåve med justerande munnleg (OMU) - Casebasert gruppeoppgåve med munnleg høyring. Varighet: Inntil 30 minutter per.kandidat. Eksamen blir vurdert med gradert karakter A-F. Tel 100/100 av karakteren.

Ingen hjelpemiddel

Å generere svar ved hjelp av ChatGPT eller liknande kunstig intelligens og levere den heilt eller delvis som eige svar er å rekne som fusk.