Kristendom, religion, livssyn og etikk 2
Kunnskap om KRLE i barnehage og skule blir stadig viktigare. I KRLE 2 går vi inn på dei grunnleggjande temaa i faget. Dette er eit reint nettstudium.
Om studiet
Kunnskap om KRLE-emna og faget i barnehage og skule blir stadig viktigare i det mangfaldige og livssynsope samfunnet. I studiet går vi nøye inn på alle dei grunnleggjande tema i KRLE-faget og diskuterer det i lys av formålet med faget. Dette er kunnskap som driv til djup læring i emna ved at vi ser samanhengar mellom dei. Det er særleg fokus på å arbeide med kjeldene til religionane i tekstar (gresk filosofi, Bibel, kyrkjefedrane, Koranen, Hadith, Talmud o.l.) filosofi og etikk som tema og undersøkjande eller filosofiske samtalar som sentral arbeidsmåte.
Dersom ein ønskjer stipend- eller vikarordning, må ein søkje Udir innan 1. mars.
Hugs å søkje opptak direkte til Nord universitet innan fristen 15. april.
Hva kan du jobbe som?
Hvordan foregår undervisningen?
Opptak til studieprogrammet krev generell studiekompetanse.
Søkjarar som ikkje har generell studiekompetanse, og er 25 år eller eldre, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.
KRLE 1 er tilrådd som forkunnskap, men ikkje eit krav.
En kandidat som har fullført utdanningen, forventes å ha oppnådd følgende læringsutbytte definert i kunnskaper, ferdigheter og generell kompetanse:
Kunnskaper:
Kandidaten
- Har brei kunnskap om tru og praksis i ulike religionar, konfesjonar og livssyn, med vekt på kristne og humanistiske tekstar og om religiøs mangfald lokal og globalt, og om arbeidet med dette i skulen.
- Kjenner til korleis estetiske arbeidsmåtar kan vere med å fremje læring.
- Har gode kunnskapar om forsking på barn i høve til religion og livssyn, filosofi og etikk.
Ferdigheter:
Kandidaten
- Kan gjere greie for bruken av autorative tekstar og kjeldebruk i religionar og livssyn, for ulike praksisar og mangfald og aktuelle perspektiv i ulikelokalt valde tradisjonar.
- Kan lage undervisningsopplegg som nyttar estetiske arbeidsformer og digitale verktøy.
- Kan reflektere sjølvstendig over ulike arbeidsformer som vert nytta i skulefaget.
- Kan drøfte lokale læreplanar og utvikle skisser til slike.
Generell kompetanse:
Kandidaten
- Har eit reflektert syn på ulike religiøse og livssynsbaserte tradisjonar og kan nytte kunnskapen på ulike måtar til arbeidet i skulen i alle skulefag.
- Kan drøfte og bruke dei grunnleggande dugleikane i KRLE-emna.

