Historisk studiestart i Nærøysund kommune

Historisk studiestart i Nærøysund kommune
Nyleg byrja 28 barnehagelærarstudentar opp på det som må kunne beskrivast som eit historisk augneblink for både Nord universitet og Nærøysund kommune.

Denne artikkelen er over ett år gammel.

– Dette er første gong Nord universitet startar opp ei bachelorutdanning utanfor ein av våre studiestadar.

Det seier Vegar Sellæg, som er prodekan for utdanning ved Fakultet for lærerutdanning og kunst- og kulturfag ved Nord universitet.

Opptakta

Behovet for barnehagelærarar i Nærøysund kommune var stort, samtidig som kommunen ligg langt unna næraste barnehagelærarutdanning, som er i Levanger. I samarbeid med Trine Valø, som er koordinator for kompetanseutvikling i Ytre Namdal, tok Helle Mørch Horseng difor kontakt med Nord universitet for å sjå på moglegheita for ei desentralisert barnehagelærarutdanning i Nærøysund kommune.

Ved Nord universitet sat Elin Børve, faggruppeleiar for barnehagelærarutdanninga, og tok imot førespurnaden frå Nærøysund. To år seinare er det altså studiestart på Kolvereid.

– Det har teke kort tid frå det første initiativet til vi sit her i dag, og det har skjedd mykje på denne korte tida. Det er heilt fantastisk at 28 studentar har takka ja til denne utdanninga, seier Trine Valø.

Desentralisert utdanning einaste moglegheit

Unge kvinner rundt et bord. Foto
Midt i blinken: Imante Kanapyte (27) og Maja Elise Frelsøy Eidsmo (26) gler seg til å ta fatt på vegen mot barnehagelærarutdanning. Foto: Geir Gran.

Imante Kanapyte (27) og Maja Elise Frelsøy Eidsmo (26) var begge til stades på informasjonsmøtet om barnehagelærarutdanninga som Nord universitet arrangerte i vinter. Begge jobbar i barnehage og begge er etablerte med familie i Nærøysund.

Det betyr at å reise for å ta utdanning er lite aktuelt for begge.

– Dette tilbodet er midt i blinken, og den einaste moglegheita for meg til å ta utdanning. Å flytte frå familien er heilt uaktuelt, seier Imante Kanapyte.

Maja Elise Frelsøy Eidsmo påpeikar at dette utdanningstilbodet inneber at ho også kan jobbe litt ved sidan av studiane, noko som er heilt sentralt når ein har bustadlån.

– Eg er veldig motivert for å komme i gang med studia, Eg er veldig stolt av yrket mitt – vi tek jo hand om det kjæraste folk har, nemleg barna, seier Frelsøy Eidsmo.

Skryt frå ordføraren

Mann i dress og med ordførerkjede forsyner seg av kake. Foto
Heidrar Nord: Ordførar Amund Hellesø i Nærøysund kommune. Foto: Geir Gran.

Ordførar i Nærøysund kommune, Amund Hellesø, peika på viktigheita av å få på plass denne utdanninga, og av å få tilført kompetanse til både kommunen og regionen.

Han skraut også av Nord universitet sin kompetanse med tanke på å legge til rette for desentraliserte utdanningar, og meinte at Nord måtte være best i landet på nettopp dette.

Kvinne spiller piano. Foto
Høgtideleg: Vakker musikk på opninga av Solveig Salthammer Kolaas, faglærar ved Nord universitet. Foto: Geir Gran.
Åtte voksne mennesker foran murbygning. Foto
Sentrale aktørar. Frå venstre, Guri Auran Pettersen, praksiskoordinator Nord universitet, Are Johansen, studieveileder Nord universitet, Helle Mørch Horseng, rådgjevar barnehagemyndigheit Nærøysund kommune, Elin Børve, faggruppeleiar barnehage Nord universitet, Liv Margit Moe, Nord universitet, Nina Engesvik, faglærar Nord universitet, Hilde Strøm, rådgjevar Nærøysund kommune og Trine Valø, koordinator for kompetanseutvikling i Ytre Namdal. Foto: Geir Gran.
Kontaktperson