Prorektor for utdanning, Levi Gårseth-Nesbakk vil fungere som rektor frå 23. januar. Foto: Roger Grostad
I perioden Hansen er sjukemeld, fungerer Gårseth‑Nesbakk som rektor.
Rektor Hanne Solheim Hansen skal gjennom eit inngrep som gjer at ho blir sjukemeld frå jobben. Sjukemeldingsperioden startar 23. januar.
– Legane har avdekt at eg har brystkreft. Eg skal gjennom ein operasjon først, og korleis forløpet blir etterpå, er ikkje avklart. Det er derfor uvisst kor lenge sjukemeldingsperioden vil vare, seier Hansen.
Ho set stor pris på at deltakinga i mammografiprogrammet gjorde at kreften blei oppdaga tidleg.
– Til alle andre kvinner: Følg opp alle screeningar de får tilbod om, oppmodar Hansen.
Denne veka er Hansen i Split i samband med arbeid i den europeiske universitetsalliansen SEA-EU, som Nord universitet er ein del av. Frå og med fredag 23. januar blir Hansen sjukemeld, og prorektor for utdanning, Levi Gårseth-Nesbakk, fungerer som rektor i sjukemeldingsperioden.
