Ny brubyggjar på Nord universitet: Møt Thomas Lohne Kintel

Ny brubyggjar på Nord universitet: Møt Thomas Lohne Kintel
Det finst folk som byggjer karriere. Og så finst det folk som byggjer bruer. Den nye rådgivaren vår ved Senter for samiske og urfolksstudiar, Thomas Lohne Kintel, driv mest med det siste. Heldigvis for oss.

50-åringen frå Trondheim ber to etternamn som rommar kvar si verd. Lohne stammar frå ein bergensk gullsmedfamilie. Kintel har røter i Musken i Tysfjord, i eit lulesamisk område som vart hardt råka av fornorsking. Midt mellom desse ytterpunkta har Thomas funne både fotfeste og fagfelt.

Han skildrar kompetansen sin med omgrepet two-eyed seeing. Evna til å sjå med to blikk samstundes. Eitt frå majoritetssamfunnet og eitt frå urfolksperspektivet. Ikkje som ei indre tautrekking, men som eit utsiktstårn.

– Før måtte eg byggje bru i meg sjølv. No står eg støtt. Då kan eg heller bruke energien på å byggje bruer for andre, seier han.

Har gjort det før, men aldri her

Ei dame i rød boblejakke og votter sammen med en mann i samisk kofte som prater med hverandre foran ei gamme i sola. Foto
Saman på senteret: Tove Mentsen Ness, leiar ved Senter for samisk og urfolksstudiar, er særs nøgd med at Thomas Lohne Kintel er på plass som ny rådgivar ved senteret. Foto: Bjørnar Leknes.

Stillinga ved Nord universitet gir han ei sjeldan moglegheit.

– Eg skal gjere noko som ingen har gjort før på Nord universitet. Men eg har gjort noko liknande på NTNU.

Der arbeidde han eigentleg med internasjonalisering mot Europa og Canada. Det samiske arbeidet gjorde han på fritida. Mykje fritid.

Før måtte eg byggje bru i meg sjølv. No står eg støtt. Då kan eg heller bruke energien på å byggje bruer for andre

Han bygde nettverk, arrangerte seminar, samla fagfolk og dytta systemet venleg, men bestemt, i retning handling. Etter kvart førte innsatsen til både samisk temamånad, større arrangement og etableringa av eit samisk utgreiingsutval.

– Reknestykket mitt var at NTNU kanskje kom til å lyse ut ei slik stilling om tre år. Eg kunne ikkje vente tre år på å få jobbe med det eg brenn for.

Så dukka Nord universitet opp, med ei stilling der han faktisk får betalt for akkurat dette.

– Då var det berre å søkje. Nokre gonger må ein gripe moglegheita før ein får kalde føter.

Difor Nord

Nærbilde av mann i samisk kofte foran ei gamme. Foto
På rette staden: Thomas Lohne Kintel er lulesame, med røter frå Musken i Tysfjord. Da passar det bra at Nord universitet har nasjonalt ansvar for forsking og utdanning innan både sørsamisk og lulesamisk språk og kultur. Foto: Bjørnar Leknes.

Valet handla ikkje berre om arbeidsoppgåver. Som lulesame er det også personleg.

Nord universitet har eit særleg ansvar for både sørsamisk og lulesamisk språk og kultur. Det vog tungt. I tillegg oppdaga Thomas under eit seminar at Nord universitet har ansvar for spørsmål som gjeld i heile sør- og lulesamisk område, også i Trondheim.

– Då tenkte eg at her kan eg både ta vare på arven min og halde fram med å jobbe med det samiske i byen eg bur i. Det kjentest nesten for godt til å vere sant.

Universitets- og høgskulesektoren er faktisk ein stad der det går an å jobbe med forsoning i praksis.

Han skildrar det som ein mogleg draumejobb. Ikkje på grunn av kontorstolen og det som blir sagt å vere ein fleksibel organisasjon for eit universitet å vere, men handlingsrommet.

– Universitets- og høgskulesektoren er faktisk ein stad der det går an å jobbe med forsoning i praksis. Vi er store institusjonar, men vi har også kunnskap, refleksjon og vilje. Det gir håp.

Vil at fleire skal vere med

Mann i samisk kofte som går mot kamera inne i ei kantine hvor det sitter mange andre mennesker rundt bordene. Foto
Frå NTNU til Nord: Thomas Lohne Kintel bur i Trondheim og har kontorstad på campus Røstad i Levanger. Foto: Bjørnar Leknes.

Thomas er tydeleg på at samisk og urfolksrelatert arbeid ikkje skal vere for ein liten kjerne.

– Ambisjonen min er meir nettverkskjensle. At folk veit at vi er mange, også dei som ikkje har samisk bakgrunn eller jobbar direkte med tematikken til dagleg.

Han ønskjer låg terskel for kontakt.

– Ring meg. Send e-post. Stopp meg i gangen. Eg kan ikkje alt, men eg veit ofte kven som veit. Å byggje nettverk er grunnmuren. Etterpå kan vi snakke om synleggjering, formidling og nye prosjekt.

Han er også førebudd på å vere synleg sjølv.

– Det er lettare å ta kontakt når ein veit kven nokon er. Så eg toler å synast litt.

Meir enn éin dag i året

6. februar, samanes nasjonaldag, har følgt han gjennom heile livet. Nokre år med føredrag. Nokre år med gáhkko (samisk tradisjonsbrød) i kantina. Alltid med kufte.

– Det er ein dag for stoltheit og formidling. Men det kan ikkje vere den einaste dagen det samiske er synleg. Viss alt skjer då og resten av året er stille, mistar vi noko viktig.

Han håpar fleire vil tenkje at 6. februar eigentleg varer heile året.

– Det samiske må vere ein naturleg del av normalen der det er relevant. I høgare utdanning, i skule, i barnehage. Ikkje som pynt, men som kunnskap.

Språk på planen

Kvinne i rød boblejakke og mann i samisk kofte foran ei gamme på vinteren. Foto
Tove og Thomas: Senter for samisk og urfolksstudiar vart etablert i 2022 som eit samarbeid mellom Nord universitet og Nordlandsforsking, med Tove Mentsen Ness som senterleiar. Foto: Bjørnar Leknes.

Thomas har også eit personleg mål: å ta tilbake språket sitt.

– Eg har ambisjon om å lære meg lulesamisk. På NTNU måtte eg kjempe for å bruke arbeidstid på det. Her på Nord er det mogleg å argumentere for at det er ein naturleg del av jobben. Det betyr mykje.

At Nord universitet også har sterke sørsamiske miljø, gjer situasjonen språkleg interessant.

– Ideelt sett burde eg jo kunne sørsamisk også. Men eg får byrje med lulesamisk. Så kan vi ta ein status om nokre år, seier han og ler.

Litt om livet utanfor

Mann i samisk kofte ute i en park foran et universitetsbygg ved siden av fire store bokstaver NORD. Foto
Ambisjonar: – Eg har ein ambisjon om å lære meg språket mitt og ta det tilbake, seier Thomas Lohne Kintel. Foto: Bjørnar Leknes.

Thomas har vakse opp i Trondheim og har no flytta tilbake etter nokre år i Bø i Telemark. Han har to vaksne barn på 25 og 23 år. Mora hans bur i Trondheim, medan faren gjekk bort for mange år sidan.

Resten av tida blir fylt med familie, engasjement og truleg eitt og anna nytt nettverk.

Nord universitet har fått ein rådgivar. Vi har også fått ein brubyggjar med verktøykassa full av erfaring, staheit og håp.

Det kan bli spennande landskap av slikt.

Det samiske må vere ein naturleg del av normalen der det er relevant. I høgare utdanning, i skule, i barnehage. Ikkje som pynt, men som kunnskap.

Fakta om Nord og samisk

  • Nord universitet har nasjonalt ansvar for forsking og utdanning innan lule- og sørsamisk språk og kultur
  • Nord universitet har ein sørsamisk fagseksjon ved campus Levanger og ein lulesamisk fagseksjon ved campus Bodø
  • Nord universitet har eit Senter for samisk og urfolksstudiar
  • Nord universitet tilbyr ei rekkje samiske studietilbod både på grunn-nivå og bachelornivå: Samiske studietilbod

Les meir på nord.no/samisk

NB Bli med på feiringa av Samanes nasjonaldag/Saemiej åålmegebiejjie/Sámij álmmukbiejvve 6. februar ved Nord universitet i Levanger og i Bodø.