Framtidas dyrefôr: Melbiller er naturleg føde for mange dyr i naturen, og blir rekna som ein lovande kandidat for framtidas dyrefôr. Larvane lever godt på jordbruksavfall som kli og anna organisk avfall, som dei omdannar til protein og feitt av høg kvalitet. Foto: Linggawastu Syahrulawal.
– Dagens husdyrhald står overfor to utfordringar. Det må bli meir produktivt. Samstundes må husdyrproduksjonen bli meir berekraftig, seier Prabhat Khanal.
Khanal er forskar ved Nord universitet i Steinkjer, der han leier eit breitt arbeid med å finne ut korleis ein kan nytte insekt og andre lite utnytta ressursar som alternative proteinkjelder i dyrefôr.
– Det vi gjer, er å sjå på nye eller ukonvensjonelle råvarer som kan brukast i kommersielle produkt. Dette er eit internasjonalt samarbeid, seier Khanal.
Forskinga omfattar både bruk av makroalgar som tang og tare direkte i dyrefôr, og bruk av insekt som melbiller og svart soldatfluge som ingrediensar i fôr til gris og kylling.
No har forskarane ved Nord universitet gått eit steg vidare og testa tare som mat for insektlarvane.
Verda treng meir dyrefôr

I Noreg er det tillate å drive oppdrett av insekt som melbillar, sirissar, silkeorm, husfluge og svart soldatfluge for produksjon av dyrefôr. Men i praksis er både produksjonen og bruken av slikt fôr i landbruket framleis avgrensa.
Linggawastu Syahrulawal kjem opphavleg frå Indonesia, men har kome til Noreg og Steinkjer for å ta doktorgrad på insekt som dyrefôr. Han har sett nærare på korleis melbillelarvar kan bli endå meir effektive som dyrefôr ved å la dei ete sukkertare.
– Talet på menneske på jorda veks. Vi må produsere meir mat, og vi treng meir dyrefôr. I dag bruker vi soyamjøl og fisk som blir importerte i store mengder. Vi treng meir berekraftige alternativ, seier Syahrulawal.
Et avfall frå landbruket
Det fine med insektlarver er at dei kan fôrast med det som står att når bonden har hausta kornåkrane sine.
– Larvane til melbiller kan få organisk restavfall frå landbruket, som kli. Fordelen med melbiller er at dei gjer slikt avfall om til fôr av høg kvalitet. Det er som å gå frå knekkebrød til luksusmat.
Tek ein i bruk insekt i dyrefôret, slår ein såleis to fluger i ein smekk. Ein får ikkje berre eit proteinrikt og berekraftig fôr, men ein får òg resirkulert det organiske avfallet.
Treng tilskot av mineral

– For insekt er det slik at dei blir det dei et, seier Khanal.
Når insektlarvar lever av restråstoff som kli og anna organisk avfall, kan dei risikere å få underskot på viktige mineral i kosten. Dette underskotet tek dei med seg vidare når dei sjølve blir mat for gris og kylling.
– Sidan næringsinnhaldet i melbille-larvene er avhengig av kva dei et, betyr det at samansetjinga av fôret er viktig. Om ein ønskjer at larvane skal innehalde både mykje protein og mykje mineral, kan ein tilsetje marine makroalgar, seier Khanal.
Tang og tare er særleg rike på viktige mineral.
– Det betyr at dersom du gir slike algar til insektlarvar, vil dei kunne ta opp mineralane som finst i algane. Det gjeld òg jod, som folk i Noreg får for lite av, seier Khanal.
Fekk betre tarmflora
Ved å tilsetje sukkertare i fôret til melbillene klarte Syahrulawal å auke innhaldet av mineral som fosfor, natrium, kalium, magnesium og jod i melbille-larvene.
Forskarane i Steinkjer gjorde forsøk der éi gruppe larvar fekk vanleg fôr basert på kli, éi gruppe fekk kli med 25 prosent tare, og éi gruppe fekk kli med 50 prosent tare. Resultata viser at mineralnivået i larvane som fekk ete tare, auka utan at det gjekk ut over protein- og feittinnhaldet.
Fôr tilsett tare endra òg samansetjinga av mikroorganismar i tarmen til larvane. Det vart fleire «gode» bakteriar av typen Lactobacillus og færre «dårlege» bakteriar av typen Staphylococcus.
– Studien vår viser at det å bruke brunalgar som fôringrediens til melormlarver kan vere ein effektiv strategi for å auke mineralinnhaldet i larvane og samstundes påverke tarmmikrobiomet på ein gunstig måte, utan å redusere innhaldet av protein og feitt, konkluderer Syahrulawal.
Opnar nye marknader
Tang og tare kan òg innehalde høge nivå av tungmetall. Forsøka til Syahrulawal viste at nivået av nokre tungmetall auka i larvane, men ikkje utover det som blir rekna som trygge verdiar.
Taren som vart brukt i forsøka, var i form av tørka tarepulver som forskarane fekk levert frå ein lokal produsent i Lofoten. Prabhat seier det er viktig å sjå på heile verdikjeda når ein skal utvikle nye fôralternativ.
– Tareprodusentar treng nye marknader for produkta sine. Bruk av tare som fôrtilskot til insekt kan òg bidra til å gjere tare-industrien meir berekraftig, seier Prabhat.
Referanse
Production of mineral-enriched yellow mealworm (Tenebrio molitor) larvae through a seaweed-based dietary manipulation (2025), Journal of Insects as Food and Feed: Syahrulawal, Linggawastu; Torske, Magnhild Oust; Sapkota, Rumakanta; Næss, Geir; Khanal, Prabhat.
