– Dataspel skal være tilgjengelege for alle

– Dataspel skal være tilgjengelege for alle
På campus Levanger, Nord universitet sitt svar på Silicon Valley, sit ein engasjert svenske og fordjupar seg i ulike sider av datateknologien. No ønskjer han å førebu ferske studentar på nye EU-krav som snart vil råke spelindustrien

Denne artikkelen er over ett år gammel.

Apper, VR, kunstig intelligens, teknologidesign – ju neim it, og Adam Palmquist har truleg vore innom temaet, så lenge det har noko å gjere med dataspel.

Nyleg gav han ut boka Universal Design in Video Games, saman med medforfattarane Izabella Jedel og Ole Goethe.

Strammar inn reglane

Palmquist og hans kollegaer meiner dei har truffe spikaren på hovudet. Neste år kjem EU med den oppdaterte European Accessibility Act, som ratifiserer FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne.

Reguleringa vil stille strenge krav til korleis teknologiselskap, og dermed også spelindustrien, utformar sine produkt.

– No sit eg 80 cm frå skjermen, seier Palmquist. Han vert intervjua, som seg hør og bør, via Zoom.

– Men dersom eg skal spele på konsoll, då sit eg opp til åtte meter frå skjermen. Om eg då ikkje kan gjere teksten større, er ikkje spelet tilgjengeleg for meg.

– Men det er berre éin av utallige situasjonar som kan gjere spelopplevinga utilgjengeleg for millionar av menneske, seier Palmquist og nemner lyssetting, fargekoding, fleksibel forstørring og ulike lydfunksjonar som område for forbetring.

Nærbilde av mann med solbriller og glattkjemmet hår ute på veranda. Foto
Klare for framtida. – Vi sviktar studentane dersom vi ikkje lærer dei om krava til universell utforming i dataspel, seier Adam Palmquist, som har gitt ut bok om temaet. (Foto: Privat)

Viktig for studantene

Frå 28. juni 2025 må selskap sørgje for at ny-marknadsførte digitale produkt og tenester er tilgjengelege for alle. Med European Accessibility Act kan ikkje berre spel, men også digitale plattformer, mobilapper eller nettsider bli dregne inn for nasjonale domstolar eller myndigheiter.

Dei risikerer store bøter eller å bli stengde ned dersom dei ikkje har tilgjengelegheita i orden.

Spelindustrien må altså ta inn over seg den betydninga digitale teknologiar har, og sørgje for at alle kan bruke dei.

Dersom vi ikkje lærer dette bort, sviktar vi studentene våre!

Adam Palmquist, forsker

Adam Palmquist vil gjere studentane ved Nord klare for det som kjem. Frå hausten av blir den nye boka pensum på bachelorutdanninga i spel- og opplevingsteknologi.Spillindustrien må altså ta inn over seg den betydningen digitale teknologier har og sørge for at alle kan bruke den.

– Dersom vi ikkje lærer dette bort, sviktar vi studentane våre. Dette må dei kunne for å klare seg i spelverda framover, slår han fast.

Inkludering på riktig

Far i rullestol gamer sammen med datter. Foto
Universell utforming: Frå 28. juni 2025 må selskapar sikre at ny-marknadsførte digitale produkt og tenester er tilgjengelege for alle. Foto: istockphoto.

I tillegg til digitale tilpassingar i sjølve spelet, kan universell utforming i dataspel også dreies seg om å tilby spesialtilpassa handkontrollar eller at spelarane skal kunne styre spelet med augo eller stemma.

– I boka argumenterer vi for og belyser hvordan spillutviklere ikke bare skal implementere overfladiske løsninger for å opp– I boka argumenterer vi for og synleggjer korleis spelutviklarar ikkje berre skal implementere overflatiske løysingar for å oppfylle EU sin komande lovgiving, men skape ein meir inkluderande og tilgjengeleg speloppleving for alle. Det må vere inkludering på ordentleg, seier Adam Palmquist.

Ved å lære studentene å omfavne slike prinsipper, kan vi forme fremtidens spillteknologi på en måte som er inkluderende og tilgjengelig for alle.

Adam Palmquist

Han peikar på at auka tilgjengelegheit er ein fordel for alle brukarar, ikkje berre dei med funksjonsnedsetjingar.

– Det kan gjere det lettare å bruke digitale produkt og tenester i ulike samanhengar, når vi er såkalla «midlertidig funksjonsnedsette», som i miljø med dårleg lys, mykje støy eller mange menneske.

Palmquist håpar den oppdaterte lovgivinga ikkje skal kjennast som eit hinder for framtidige spelutviklarar, men tvert imot gjere industrien endå meir interessant.

– Dette skaper rom for innovasjon og fleksibilitet som studentane våre kan dra nytte av for å forstå og utforske. Ved å lære studentane å omfamne slike prinsipp, kan vi forme framtidas spelteknologi på ein måte som er inkluderande og tilgjengeleg for alle, seier den engasjerte spelforskaren.

Kontaktperson