Tar debatten: Kven er det som tar livet av seg? spør Lytring og tar debatten. Illustrasjon: Marta Anna Løvberg.
Hjelmeland er professor ved Institutt for psykisk helse ved NTNU og forskar på ulike sider ved sjølvmord. Ho sit i panelet når Lytring 8. oktober inviterer til teaterkafeen i Mo i Rana for å diskutere om arbeidet med å førebyggje sjølvmord er på rett eller feil spor.
Hjelmeland meiner vi må utvide perspektivet, og er kritisk til at ein i sjølvmordsførebygging svært ofte plasserer problema inne i hovudet på folk.
– Det tek merksemda bort frå kjeldene til problema, som oftast ligg i konteksten. Det skjer ting i eit liv, ein blir utsett for mykje, ein opplever mykje. Når årsakene til eit sjølvmord alltid blir plasserte inni ein person, kan ein gløyme å spørje kva det er i omgjevnadene som har ført til problema, seier Hjelmeland.
Risiko for å oversjå sjølvmordsfare

Professoren er oppteken av at årsakene til sjølvmord alltid er komplekse og ikkje kan reduserast til ein enkelt faktor.
– Ved å forklare sjølvmord med psykiske lidingar, risikerer vi òg å oversjå sjølvmordsfare der det ikkje finst teikn til slike, påpeikar ho.
– I tillegg kan folk som slit med ulike problem, unngå å søkje hjelp fordi dei er redde for å bli stempla som psykisk sjuke.
Ressurspersonar på sidelina
Eit anna aspekt som uroar Hjelmeland, er at ressurspersonar som kunne ha bidrege i førebygginga, blir sette på sidelina.
– Når det meste handlar om å få folk til å søkje hjelp for psykiske problem, sender vi eit signal om at det berre er psykologar og psykiatrar som kan bidra i sjølvmordsførebygging, medan alle andre blir reduserte til eit slags formidlingsbyrå som berre skal overtale folk til å søkje psykisk helsehjelp, seier ho.
– Vi har mykje kunnskap som viser at sjølvmordsfare utviklar seg i relasjon til andre menneske i ein kompleks kontekst. Vi må synleggjere denne kunnskapen, slik at det blir tydeleg korleis alle kan bidra i førebygging av sjølvmord.
Under Lytring får Heidi Hjelmeland selskap av Ottar Bjerkeset, som er forskar ved Nord universitet, og Marit Elveos, pårørande etter sjølvmord. Debattleiar er Peter Eide Walseth, og debatten blir strøyma direkte og kan sjåast i opptak på lytring.no: https://site.nord.no/lytring/helse/selvmord/
Lytring 8. okt. 2025
Psykiatrien må inn, seier vi – men veit vi at det hjelper?
Ein stor del av dei som tek livet sitt, har ikkje ein historikk med psykiske helseplager. Lytring inviterer til ein debatt der vi spør om det førebyggjande arbeidet er på rett eller feil spor.
Debattpanel:
- Ottar Bjerkeset, Nord universitet
- Heidi Hjelmeland, NTNU
- Marit Elveos, etterlatt
Debattleiar: Petter Eide Walseth
Tid: Kl. 19:00 - 20:30
Sted: Teaterkafeen, Mo i Rana
