Zahid Ali har forska på korleis rekneskapsbedrifter forheld seg til endringer i samfunnet. Han meiner at kommunikasjon er ein faktor som har mykje å seie for i kva for grad bedrifta lukkast eller ikkje. Foto: Inger Ellen Eftevan Orvin.
Denne artikkelen er over ett år gammel.
Zahid Ali er opphavleg frå Pakistan, og tok nyleg doktorgrad ved Handelshøgskolen Nord.
Han har i si forsking sett på kva som skal til for at små rekneskapsfirma skal klare å tilpasse seg samfunnsendringar og behalde kundane sine. Korleis tilpassar bedriftene seg den skiftande etterspurnaden etter tenester, og kva strategiar vel dei for å respondere på ny teknologi?
Orkesteret
Ali har valt ein musikalsk metafor i inngangen til si doktoravhandling.
− Rekneskapsbyrået, eller orkesteret, ser ut til å vere styrt av sosiale interaksjonar, nettverksbygging og teknologisk integrasjon som mogelege instrument. I tillegg kjem førehandsbestemte faktorar som storleik, marknad og interne ressursar, sier Ali.
Han meiner det er svært utfordrande å måtte gjere raske justeringar for å redesigne, utvikle og tilby nye tenester.
Kommunikasjon burde vore eit eige fag i rekneskapsstudium.
Zahid Ali
Kommunikasjon som eige fag
Er det berre firmaets storleik som definerer evna til å tilby det marknaden etterspør? Er det slik at dei som heile tida er på utkikk etter å prøve det nyaste på marknaden, også har dei mest lojale kundane?
− Ikkje nødvendigvis, seier forskaren.
− For når alt kjem til alt, handlar det om å klare å tolke det som skjer rundt deg. Det handlar også om evna til å utvikle nettverk, og det å sjå på teknologi som ei mogelegheit. Ikkje alle rekneskapsførarar og revisorar er like gode på det. Desse faktorane manglar rett og slett i deira medvit, seier Ali.
Det er her «instrumentet» kommunikasjon kjem inn i biletet.
− Kommunikasjon burde vore eit eige fag i rekneskapsstudium, slår han fast. Han brenn for at eigarar og leiarar av rekneskapsfirma skal vere meir medvitne på endringar i miljøet rundt seg, og ta aktive steg for å skape berekraftige forretningsmodellar.
Kamelonane
I si forsking har han delt rekneskapsbyråa inn i tre kategoriar, og gitt dei beskrivande «namn»: Kamelonane er mest tilpassingsdyktige og teknologisk oppdaterte. Dei tilpassar seg omgjevnadene, og ser endringane som mogelegheiter. Dei lever lukkelege liv og tek ofte på seg rådgjevande roller fordi dei sørgjer for å halde seg oppdaterte.
− Deira evne til å omfamne det nye opnar opp nye marknadsmogelegheiter, seier Ali.
Skilpaddene
Skilpaddene, derimot, lever under sine beskyttande skal, og tek ingen risiko. Så snart det er risiko involvert, kjem dei ut av komfortsona, og beskyttar seg ved å distansere seg frå utvikling og teknologiske nyvinningar.
− Denne gruppa er gode på nettverksbygging, og berger seg til ein viss grad på det, seier Ali.
Oksane
Til slutt snakkar han om oksane. Dei som slåst mot alt som ikkje er direkte tilknytt deira profesjon, og ikkje har verktøy til å handtere verken nyheiter eller nettverksbygging.
− Dei blir ikkje nødvendigvis taparane av den grunn. Dei har sine kundar som berre er ute etter tradisjonelle rekneskapstenester, og i denne sona trivst dei med kvarandre, seier Zahid Ali, og konkluderer med at dei små praksisane må vere fleksible og innovative for å levere meirverdiskapande tenester.
Zahid Ali holder prøveforelesning og disputas for graden Philosophiae Doctor (ph.d.) ved Handelshøgskolen, Nord universitet, torsdag 20. februar 2025.
Tittel på avhandlingen:
The symphony of functionalities: Dismantling engagements with environment and strategizing in small and medium-sized accounting practices
Tittel for prøveforelesningen:
Small and Medium Practices (SMPs) vs. Big 4 Accounting Firms: exploring differences in pace and various drivers of digitalization
Tid for prøveforelesningen: kl 10.00
Tid for disputas: kl. 12.00