Veronika Vakulenko leier eit nytt prosjekt om Ukraina og er nøgd med tildelinga. Her i samtale med Lucjan Chilmon frå Kozminski University under ein konferanse i Warszawa. Slike samtalar har vore med på å leggje grunnlaget for SUPERNOVA-prosjektet. Foto: Markus Thonhaugen / Nordområdesenteret.
Sidan Russland invaderte Ukraina, har Noreg teke imot meir enn 85 000 ukrainske flyktningar. Samstundes blir kompetansen deira ofte lite brukt i arbeidsmarknaden. Mange aktørar i Nord-Noreg manglar òg kunnskap om korleis ein kan samarbeide med ukrainske partnarar.
Eit nytt prosjekt skal gjere noko med det.
– Krigen har skapt store utfordringar for det ukrainske samfunnet, men har òg opna nye moglegheiter for internasjonalt samarbeid, seier prosjektleiar og førsteamanuensis Veronika Vakulenko ved Handelshøgskolen på Nord universitet.
Dialogen med aktørar i Bodø og Nordland har vist stor interesse for det vi har lært gjennom arbeidet vårt med ukrainske universitet.

Vil styrkje beredskapen
Prosjektet heiter SUPERNOVA og blir leia av Handelshøgskolen ved Nord universitet.
Prosjektet har to hovudretningar.
Det har to retningar:
- Den eine handlar om å hjelpe verksemder og organisasjonar i Nord-Noreg med å samarbeide direkte med ukrainske partnarar om marknader, investeringar og gjenoppbygging.
- Den andre handlar om ukrainske erfaringar. Korleis har ukrainske institusjonar klart å halde drifta oppe under krigen? Og kva kan Nordland lære av dette når det gjeld beredskap?
– SUPERNOVA handlar om å styrkje beredskap og verdiskaping i Nordland, samstundes som prosjektet bidreg til gjenoppbygginga av Ukraina gjennom gjensidig læring og erfaringsdeling, seier Vakulenko.
Nordland er det einaste fylket i Noreg som er venta å få negativ folkevekst fram mot 2050. Betre integrering av ein internasjonal arbeidsstyrke kan vere ein del av løysinga.
Varar til 2027
Finansieringa av SUPERNOVA-prosjektet kjem frå HK-dir sitt program for Ukraina-kompetanse.
– Prosjektet startar i januar 2026 og varer til utgangen av 2027, seier Vakulenko.
– Vi gler oss stort og ser fram til to produktive år med samarbeid.

Fakta om prosjektet
- SUPERNOVA står for Cooperation for Competence Development and Partnerships: Experiences from Ukraine for Norwegian Regional Development, Business, the Public Sector, Welfare and Working Life.
- Bakgrunn: Hausten 2024 inviterte Nord universitet norske, polske og ukrainske aktørar til Bodø i regi av TURBO-prosjektet, eit EU-finansiert prosjekt (under avtalenummer 101129315). Temaet var lokale utfordringar og moglegheiter knytte til migrasjon. Interessen var stor, og dette førte til søknaden om SUPERNOVA.
- SUPERNOVA er finansiert gjennom HK-dir sitt program for Ukraina-kompetanse.
