June Doornich, Kjetil Jakobsen og Catrine Halås tek samfunnsoppdraget på alvor. Foto: Lars Myrvoll, Nord universitet.
Formidling av forsking og ny kunnskap er ei av universiteta sine sju lovpålagte oppgåver. Nord universitet tek dette samfunnsoppdraget på alvor.
Nord.no fikk nyleg nye alfabetiske temabaserte ekspertlister. Dette vonar vi skal gjere det enklare for journalistar, avgjerdstakarar, kollegaer og andre interesserte å finne gode fagformidlarar.
Men kva betyr eigentleg god forskingsformidling i praksis? Vi har snakka med tre av våre mest engasjerte formidlarar; Catrine Torbjørnsen Halås, June Borge Doornich og Kjetil Ansgar Jakobsen.
To vegar til formidling

June Borge Doornich er førsteamanuensis ved Handelshøgskulen og ein merittert formidlar. June har mellom anna ei aktiv rolle i samfunnsdebatten om økonomiske sanksjonar – gjennom kronikkar, debattar og nasjonale nyheiter i aviser, på tv og radio, til dømes som fagekspert på sanksjonar i NRK.
– Det meste av formidling skjer på to ulike måtar; anten gjennom ekstern førespurnad, invitasjonar til konferansar, halde foredrag eller uttale seg – eller ved at ein sjølv tek eit initiativ, og lyfter eit tema i samfunnsdebatten, som til dømes ved å skrive kronikk, seier ho.
Ein må ikkje vere redd for å prøve nye måtar å formidle på.
June Doornich
June oppmodar også forskarar til å vere nyfikne og utforskande i måten dei formidlar på:
– Ein må ikkje vere redd for å prøve nye måtar å formidle på. Eg har til dømes laga min eigen GPT-modell (Generative Pre-trained Transformer) som gjer mi forsking meir tilgjengeleg for bedrifter og studentar. Det handlar om å møte folk der dei er – og bruke dei verktøya som faktisk fungerer, fortel ho.
Professor Catrine Torbjørnsen Halås leiar det tverrfaglege forskingssenteret PrepChild, som utviklar kunnskap om sosial beredskap for barn og unge i sårbare livssituasjonar. Senteret er eit svar på eitt av Noregs viktigaste samfunnsoppdrag: å førebygge utanforskap.
Vi sit på kunnskap som er både aktuell og samfunnsrelevant, så formidling er ein naturleg del av det eg driv med.
Catrine Torbjørnsen Halås
– Når vi i PrepChild utviklar slik kunnskap, jobbar vi med problemstillingar som veldig mange er opptekne av. Vi blir ofte invitert med i ulike samanhengar, som til konferansar eller i media. Vi sit på kunnskap som er både aktuell og samfunnsrelevant, så formidling er ein naturleg del av det eg driv med, seier Halås.
Når forsking møter samfunnsdebatt
Kjetil Ansgar Jakobsen er professor i intellektuell historie og ein aktiv deltakar i samfunnsdebatten. Han er fast kommentator i Morgenbladet og ein gjengangar på debattarenaen Lytring, Lillehammer Litteraturfestival og Kåkånomics.
– Som kommentator i Morgenbladet nyttar eg min kompetanse som historikar, eller kulturell historikar om du vil. I tillegg deltek eg ofte på kunnskapsfestivalar og i ulike debattfora, fortel han.
Både June og Kjetil var nyleg i panelet til Lytring-debatten «Hva skjer hvis vi boikotter et land?». Slike arenaer gjev forskarar moglegheita til å bidra med nyansar og kunnskapsbaserte perspektiv i komplekse spørsmål.
– Det er svært viktig at den forskingsbaserte kunnskapen blir ein del av samfunnsdebatten. Forskarane sine bidrag går forbi personlege meiningar, og skal vere forankra i kjende metodar og forskingsfunn, seier Doornich.
Det er meiningslaust å forske om ein ikkje formidlar.
Kjetil Jacobsen
– Mykje av kunnskapen som ligg til grunn for samfunnsdebatten er gamal kunnskap. Det spesielle med forskingsbasert kunnskap er at den har aktualitet. Samfunnet endrar seg heile tida – det kjem nye utfordringar og nye relasjonar mellom menneska, samfunnet og naturen. Forskinga gjev nye svar på nye problemstillingar. Denne kunnskapen er essensiell å ta i bruk. Det er meiningslaust å forske om ein ikkje formidlar, seier Kjetil Jacobsen.
Språk som opnar dører
Formidling handlar ikkje berre om å dele kunnskap – det handlar også om å gjere den forståeleg. Det krev både mot og trening.
– Vi har alle erfaringar med å bli feilsitert, eller få negative tilbakemeldingar for våre ytringar. Det kan vere krevjande å balansere formidlinga, mellom å vere tydeleg og samstundes nøyaktig og nyansert. Formidling lønnast heller ikkje eksplisitt i det akademiske systemet. Men trass i alt dette, så er det mange flinke forskingsformidlarar i samfunnsdebatten, fortel Jacobsen.
– Og språk er viktig, skyt Catrine T. Halås inn.
Ho trekkjer fram korleis omgrepsbruk kan påverke både haldningar, praksis og politikk:
– Eit konkret eksempel i faget vårt er korleis ein snakkar om fråvær i skulen. Tidlegare har ein brukt ord som skulevegring og dropout. Desse omgrepa plasserer fort ansvaret på den einskilde. Her har forskinga bidratt til ei opplysing og problematisering av begrepa. I nye stortingsmeldingar snakkar ein heller om ufrivilleg eller ottefylt skulefråvær, som er betre uttrykk i denne samanhengen, sidan dei omfattar mange ulike årsaker til fråvær.
Eit samfunnsansvar
For alle tre forskarane handlar formidling om meir enn berre kommunikasjon – det dreier seg om å ta samfunnsansvar.
– Eg vil også framheve den akademiske fridomen. I mange land har denne byrja å stramme seg inn. Då er det viktig at vi beskyttar og opprettheld denne fridomen ved å vere tydelege og aktive aktørar i dialogar som skjer i samfunnet, seier Doornich.
– Å formidle er mi plikt som forskar. Forskarar kan bidra til verdiskaping i samfunnet, gjennom styreverv, som foredragshaldar eller som deltakar i utval, avsluttar ho.
Finn ein fagekspert
Vil du kome i kontakt med ein forskar som kan bidra med innsikt, perspektiv og forskingsbasert kunnskap?
Utforsk våre nye ekspertlister og bli betre kjend med nokre av Nord universitet sine mest engasjerte formidlarar:
Finn ein forskar:
Jobbar du i media og ønskjer å kome i kontakt med våre forskarar, for forskingsbaserte ekspertkommentarar eller liknande? Sjå vår nettside Finn ein forskar:


