Frå fagbrev til doktorgrad: Har analysert 750 rapportar frå norsk sokkel

Frå fagbrev til doktorgrad: Har analysert 750 rapportar frå norsk sokkel
Som konseptutviklar i Aker BP fekk Halvard Benjaminsen beskjed frå sjefen om at han burde utvikle seg. Resultatet vart doktorgrad med mål om ikkje mindre enn å utvikle norsk olje- og gassindustri.

Etter tre år med arbeidsgjevarfinansiert forsking ved Nord universitet leverte Halvard Benjaminsen nyleg doktorgrad om avgjerder og uvisse i petroleumsprosjekt.

Store mål

– Eg er fødd og oppvaksen i Sandnessjøen, seier han.

Dialekta avslører han lenge før han får sagt det sjølv. I dag jobbar han i Aker BP med base i heimbyen, og det var nettopp i jobben at spiren til doktorgraden vart lagt.

Fram til då hadde karrieren vore allsidig: fagbrev i elektro, teknisk fagskule, ingeniørstudium, mastergrad, dotcom-selskap, konsulentverksemd – og ikkje minst oppstart på Melkøya. Innimellom vart det òg tid til studium i spesialpedagogikk. No var tida inne for å fokusere på Skarv, trudde han.

Men det var heilt til medarbeidarsamtalen med den dåverande leiaren i Aker BP.

− Han ville sjå utvikling.

Det vart til doktorgradsarbeid med ambisiøse mål: å utvikle norsk sokkel.

− Vi hadde finansiering i tre år. Så då måtte eg jo bli ferdig på tre år.

Perfekt timing

Benjaminsen hadde utruleg flaks, ifølgje han sjølv. I 2022 frigjorde nemleg staten tilbakeleveringsrapportar – altså rapportar som vart skrivne når oljefelt vart levert tilbake til staten etter endt lisensperiode.

750 av desse rapportane har vore under lupa i doktorgradsperioden.

Han meiner heilt klart at funna han har gjort, vil vere nyttige for heile den norske olje- og gassindustrien.

− Heile bransjen står i mykje av den same røyndomen: meir uvisse, raskare avgjerder og stadig meir komplekse prosjekt. Difor er dette viktig kunnskap.

Rapportane viste at vi ikkje er så rasjonelle som vi trur. Avgjerder vert påverka av sosiale faktorar.

Halvard Benjaminsen

Kva skjer eigentleg i starten av eit oljeprosjekt?

I doktorgraden har Benjaminsen studert front-end-fasen av petroleumsmassive prosjekt, det vil seie det som skjer lenge før det vert bora, bygd eller installert. Denne fasen er ifølgje forskinga hans prega av fire typar uvisse:

Aleatorisk – naturleg variasjon og flaks/uflaks
Epistemisk – det vi ikkje veit, men kan lære
Ontologisk – det vi ikkje eingong veit at vi ikkje veit
Stokastisk – tilfeldigheiter og handtering av risiko

Benjaminsen har fokusert på korleis fagfolk faktisk opplever og handterer uvisse.

– Det er lite forsking på korleis utviklarane sjølve forstår og jobbar med uvisse i starten av eit prosjekt. Men det er jo nettopp der moglegheitene vert forma og dei store feila kan unngåast, seier han.

Rapportane viste at vi ikkje er så rasjonelle som vi trur. Avgjerder vert påverka av sosiale faktorar, til dømes det som skjer rundt om i verda.

− Det du som avgjerdstakar kan handtere av uvisse, handlar om konteksten der og då.

Uvisse er faktisk ein føresetnad for innovasjon.

Halvard Benjaminsen

Uvisse som moglegheit, ikkje hinder

Gjennom intervju, dokumentstudium og analysen av reelle prosjekt på norsk sokkel viser han korleis utviklarar skaper mellombels klarheit i kaoset.

I ein av artiklane undersøker han korleis selskap faktisk unngår å gå glipp av forretningsmoglegheiter ved å våge å ta avgjerder også når ikkje alt er kjent.

– Ei viktig innsikt er at uvisse ikkje berre er eit problem. Ho tvingar oss til å vere kreative, tolke signal og jobbe tverrfagleg. Uvisse er faktisk ein føresetnad for innovasjon, avsluttar Halvard Benjaminsen.

Voksen mann med briller og i grå skjorte som står ved en bygning. Foto
Nybakt doktor: Halvard Benjaminsen leverte nyleg doktorgrad om avgjerder og uvisse i petroleumsprosjekt. Foto: Inger Ellen Eftevand Orvin.