Tema som treff: Emneansvarleg Rune Elvegård meiner temaet krisevarsling treff i ei uroleg tid. Foto: Inger E. Eftevand Orvin.
Delemnet var ope for ei rekkje masterstudium. Emneansvarleg Rune Elvegård er svært nøgd med at eit fleksibelt og tidsriktig kurs som «Digitalizing Public Emergency Communication: New Technologies and Debates» traff breitt.
Frå forsking til delemne
– Det har nok samanheng med at temaet krisevarsling treff i ei uroleg tid. Det understrekar berre behovet for slike moglegheiter til relevant, fagleg oppdatering, seier Elvegårg, som fortel at fleire slike dynamiske etter- og vidareutdanningskurs er under planlegging.
Temaet og debattane denne gongen var tett knytt opp mot DIGeMERGE, eit europeisk forskingsprosjekt leia av Åshild Kolås ved PRIO. Nord universitet var på førespurnad ansvarleg for å registrere og tilby kurset, bidra med undervisning og eit øvingskonsept frå Senter for beredskap og samvirke – Nordlab. Kursstad var PRIO i Oslo.
Stor nytte av erfaring
– For oss var det ei spennande utfordring å bidra i prosjektets sluttfase. Emnet vart til med utgangspunkt i forskinga, seier Elvegård.
Han har stor tru på samhandling mellom fakultet, institusjonar og studiestader rundt om i Noreg.
– Berre slik kan vi utvikle samhandling på kort og lang sikt. Med ulike bakgrunnar kan vi spele kvarandre gode, og vi såg i praksis at gode diskusjonar oppstod med variasjon i studentgruppa. Då kom erfaring og kompetanse til sin rett.
Relevant undervisning
Akkurat dette kan masterstudent ved Medier, kommunikasjon og IT ved NTNU, Erika Stensby, skrive under på. Ho vart sterkt oppmoda til å leggje kurset inn i fagporteføljen sin, og sit att med nyttig kunnskap.
– Vi tenkjer gjerne på beredskap som noko teknisk, men det handlar like mykje om menneske og informasjon, seier ho.
– Kurset gav oss innsikt i korleis digital teknologi påverkar krisekommunikasjon i praksis. Det gjorde undervisninga utruleg relevant, seier Erika.
Større forståing

For Erika og medstudentane vart det spesielt spennande å møte fagfolk frå ulike miljø. Sidan fleire studentar frå erfaringsbasert master i beredskap og kriseleiing (MASIK) deltok, vart det mange moglegheiter undervegs til å setje det faglege i verkelegheitens kontekst.
– Vi fekk både teknologiske perspektiv frå Nordlab og samfunnsvitskaplege analysar frå PRIO. Det gjorde at vi lærte å sjå heile biletet, frå korleis systema fungerer til korleis folk faktisk opplever dei. Det utfordra oss på ein ny måte, og gjev ei heilt anna forståing av korleis samfunnstryggleik og kommunikasjon heng saman. Dette er kunnskap eg vil ta med meg vidare i arbeidslivet, seier Erika Stensby.
Nye kommunikasjonsformer

DIGeMERGE-prosjektet undersøker mellom anna korleis digitaliseringa endrar måten styresmaktene kommuniserer med befolkninga på i kriser. Målet med prosjektet er ikkje å utvikle nye varslingssystem, men å forstå korleis eksisterande løysingar påverkar samfunnet.
– Beredskap handlar om meir enn teknologi. Det handlar om tillit. Når krisa rammar, må folk stole på at informasjonen dei får, er rett, og at ho når fram til alle, seier Stine Bergersen, medprosjektleiar ved PRIO.
Gjennom forskingsprosjektet er det tydeleggjort at digital kommunikasjon både kan styrkje og svekkje tilliten til styresmaktene. Det kjem til dømes an på korleis meldingane vert formidla, og kor truverdig avsendaren vert oppfatta.
– Difor må vi forstå krisekommunikasjon som ein sosial prosess, ikkje berre eit teknologisk system, legg ho til.
Klar for nye kurs
Bergersen peikar på at digital varsling kan skape nye skilnader i samfunnet.
– Ikkje alle har smarttelefon, og ikkje alle forstår tekniske varsel. Difor må vi sjå på korleis informasjon kan delast på ein måte som inkluderer alle.
Ho ser stor verdi i at teknologar og samfunnsforskarar snakkar saman.
– Slik forstår vi korleis digital varsling faktisk fungerer, og kvar utfordringane ligg, seier Bergersen.
Å kunne formidle nyvunnen, forskingsbasert kunnskap direkte til ei engasjert studentgruppe, vart opplevd som meiningsfylt, og Stine Bergersen ser gjerne at dette kurset vert ein gjengangar.
Der har ho Natalia Andreassens, ein av førelesarane frå Nordlab, sin fulle støtte.

– Klassiske, internasjonale døme på krisehandtering, kombinert med diskusjonsøvingar, bidrog til solid fagleg innsikt i naudkommunikasjonens tyding. Vi såg på typiske utfordringar ved krisekommunikasjon, og ikkje minst kompleksiteten som pregar den digitale tidsalderen. Dette er eit arbeid vi ønskjer å vidareføre og utvikle vidare i komande kurs, seier Natalia Andreassen.
No står det att å sjå om det er mogleg å finansiere eit tilsvarande kurs våren 2026.
Fakta
Kurset «Digitalizing Public Emergency Communication»
• Kurskode: ORG5017
• Gjennomført av Nord universitet, i samarbeid med PRIO gjennom EU-prosjektet DIGeMERGE
• Varigheit: 3 dagar med undervisning + individuell oppgåve
• Studienivå: Master (ope for studentar frå relevante fagområde ved andre universitet)
• Innhald:
- Digitalisering av offentleg krisekommunikasjon
- Personvern, databeskytting og etiske dilemma
- Bruk av sosiale medium i beredskap og krisehandtering
• Læringsmål: Studentane skal forstå korleis ny teknologi endrar beredskapsarbeidet – og kunne diskutere både tekniske og samfunnsmessige konsekvensar
• Nytt kurs vert vurdert våren 2026
FAKTA: Peace Research Institute Oslo (PRIO)
• Etablert: 1959
• Hovudkontor: Oslo
• Forskingsområde: Fred, konflikt, tryggleik og samfunn
• Rolle i DIGeMERGE: Leiar forskingsprosjektet og bidreg med samfunnsvitskapleg analyse av korleis digital teknologi påverkar krisekommunikasjon, tillit og demokrati
• Prosjektleiing: Åshild Kolås (prosjektleiar) og Stine Bergersen (medprosjektleiar)
• Internasjonale partnarar: Malmö University (Sverige), IT University of Copenhagen (Danmark) og University of Oulu (Finland)
• Les meir på www.prio.org
