Trongt nålauge: Frå venstre: Rebekka Berg, Janne Hovde og Anette Nielsen var blant dei 23 som fekk plass på Noregs mest populære sjukepleiarutdanning, lagt til Orkland kommune i Trøndelag. Foto: Bjørnar Leknes.
– Eg er veldig motivert for dette. Det seier 32 år gamle Rebekka Berg frå Brekstad, som er ein av dei 23 som no har byrja på det fire år lange utdanningsløpet.
– For meg er det veldig viktig at tilbodet er lagt hit til Orkland, sidan eg bur eit stykke unna eit universitet, seier ho.
Enormt støtteapparat
Nyleg gjekk startskotet for den historiske utdanninga, som Nord universitet står bak. Til stades på sjølva opninga ved Orkland vidaregåande skule var sjølvsagt studentane og tilsette frå Nord, men dei var faktisk i mindretal.
For her var eit heilt lag av samarbeidspartnarar til stades for å ta del i den store hendinga. Ordførarar, næringslivsleiarar, kommunetoppar og representantar frå tre studiesenter, statsforvaltaren, sanitetsforeininga, St. Olavs hospital og Orkland sjukehus. For å nemne nokre.
Det å ha høgare akademisk utdanning i distriktet, må vi snakke mykje meir om.
Lars Myhr Sandlund, Trøndelag fylkeskommune
– Det har vore ei enorm kraft i samarbeidet på tvers for å få dette til. Så dette er ein stor dag for både Nord universitet og for alle kommunane i den sørlege delen av Trøndelag, seier Thomas Solum Lystad.
Han er dagleg leiar for Interkommunalt politisk råd Trøndelag Sørvest – Lakseregionen, og er ein av initiativtakarane til det unike tilbodet.
Studentar frå 11 regionale kommunar

Studieleiar Ranveig Salater Rotmo fortel at dei 23 studentane kjem frå 11 ulike kommunar i det sørlege Trøndelag, og at samarbeidet med heile tre studiesenter har vore særs godt.
– Engasjementet har vore veldig stort, og det seier det meste når det kjem over 80 gjestar utanom studentane til opninga i dag. Alle ynskjer å leggje best mogleg til rette for at desse studentane skal lukkast, seier ho.
Blir man sykepleier, så er man det resten av livet, uansett hva du gjør.
Ranveig Salater Rotmo
Karin Kaasbøll er 50 år, og jobbar som helsefagarbeidar i Melhus kommune. Ho er glad for å ha fått plass, og ser fram til å kome i gang.
– Eg ser mest fram til å få meir grunnleggjande kunnskap om alt det eg kan ein del om frå før. Det å gå i djupna blir spennande. Motivasjonen min er i alle fall høg, seier ho.

Det set Melhus-ordførar Einar Gimse-Syrstad pris på å høyre. Melhus er den kommunen som er representert med flest studentar i dette kullet.
– Dette er ei stor happening. Det er mange som bor på heimplassen sin og som ynskjer eit sånt tilbod. Da slepp dei å flytte på seg for å ta studiet. Så dette er ei framifrå løysning, seier han.
Sensasjonell høg interesse

Studiet er det nest mest søkte studiet i heile Noreg sett opp mot talet på studieplassar, berre slått av medisinutdanninga i Oslo. At dette skjer med eit studium med regionalt opptak, er smått sensasjonelt.
– Det er heilt fenomenalt, seier Ida Lise Salberg, avdelingssjef ved Orkdal sjukehus, og legg til kor viktig dette er for rekrutteringa både til kommunane og til sjukehuset.
– God sjukepleiardekning i kommunane, hjelper heile flyten av pasientar, seier ho.
Det har gått utruleg fort. Det er berre halvanna år sidan vi starta samarbeidet, men alle har ønska det same og jobba mot det saman. Det er artig å sjå at det no er blitt ein realitet.
Ida Lise Salberg, Orkdal sjukehus

Øyvind Togstad, rektor ved Orkland vidaregåande skule, er heilt einig.
– Generelt er det viktig for regionen her å kunne tilby høgare utdanning for ungdommane våre. Vi opplever at mange av dei flyttar til dei større byane for å utdanne seg, og da forsvinne dei gjerne frå oss. Vi treng dei her, spesielt innanfor sjukepleiaryrket. Så for oss som ein regional samfunnsaktør er det heilt sjølvsagt å være med å dra lasset.
Desentralisert tilbod – heilt avgjerande

Einaste hane blant studentane, er Jørgen Moe frå Frøya. Han gler seg til fire år med kaos og spenning, som han sjølv beskriv det.
– Det blir mykje nytt, sidan det er lenge sidan eg har gått på skule. Men eg gler meg, seier han.
Amanda Valvik Meisingset (18) frå Brekstad kjem direkte frå vidaregåande skule, og kjenner også på spenninga.
– Eg har store forventningar og er topp motivert. Det er utruleg bra at studiet er lagt hit. Det er nærme der eg bur, og gjer at eg kan jobbe litt ved sidan av studiane.
Også for Anette Nielsen frå Brekstad var det avgjerande at tilbodet er lagt hit til Orkland.
– Eg har ein sambuar som jobbar i Forsvaret, og som bur her. Så no kan vi bu saman samstundes med at eg studerer, seier ho.
Sjukepleie, bachelor i Orkland
- Oppstart av desentralisert sjukepleiarutdanning i Orkland
- Av 258 førsteprioritetssøkjarar var over 200 kvalifiserte
- 23 studentar fekk studieplass på det regionale opptaket
- Studentane kjem frå 11 ulike kommunar i det sørlege Trøndelag
- Studiet strekker seg over fire år, og går med 75 prosent fart
- Første studieår er det ni fysiska samlingar
- Nord universitet samarbeider om utdanninga med mellom anna Studiesenteret Trøndelag sørvest, lakseregionen (TSL).
Les meir: Sykepleie - deltid Orkland (4 år)
