Gav 10.-klassingane i heile Namdalen ein draumedag om helseinnovasjon

Gav 10.-klassingane i heile Namdalen ein draumedag om helseinnovasjon
Nær 500 tiandeklassingar frå heile Namdalen fekk prøve seg som framtidas helseinnovatørar. To dagar med samarbeid, kreativitet og ekte helsefaglege opplevingar gav inspirasjon til både draumar og framtidige yrkesval.

Nord universitet, Helse Nord-Trøndelag og Namsos kommune har på nytt gått saman om å arrangere Innovasjonscamp i helse. Nyleg var det storinnrykk av nær 500 tiandeklassingar frå heile Namdalen.

Bussane strøymde på til Namsos, NTE Arena og Nord universitet. Alle 10. klassar i regionen vart inviterte, og 18 skular takka ja.

– Rekruttering er kjempeviktig, og det er aldri for tidleg å byrje å sjå på kva ein har lyst til å gjere vidare i livet, seier sjukepleiarstudent Maja Smeplass.

Saman med Christine Mehlum hadde ho ansvaret for aktivitetane på eit av romma for sjukepleie og vernepleie ved Nord sin studiestad i Namsos under campen.

Rekruttering er kjempeviktig, og det er aldri for tidleg å byrje å sjå på kva ein har lyst til å gjere vidare i livet.

Maja Smeplass, sjukepleiarstudent

Artikkelen fortset under videoen:

Nær 500 elevar frå skular i mellom anna Røyrvik, Austafjord, Kolvereid, Overhalla og Bangsund kom til Namdals-hovudstaden for å få ein draumedag full av inspirasjon og opplevingar, med helse og innovasjon som fellesnemnar.

– Innovasjonscampen såg dagens lys i fjor og vart ein stor suksess. Då inviterte vi tre kommunar til éin dag. No utvida vi til samtlege kommunar i Namdalen fordelt over to dagar, og responsen har vore enorm, seier studieleiar Monica Finnanger ved Nord universitet.

Utfordring: Finn løysinga på framtidas helsevesen

Sjølve gjennomføringa av Innovasjonscampen er i regi av Ungt Entreprenørskap. Programmet inneheldt mellom anna gruppearbeid med helserelaterte problemstillingar, med kåringar av vinnarar. Men òg bedriftsbesøk på Nord universitet, Namsos helsehus og Sykehuset Namsos, med stor variasjon av spanande aktivitetar.

– Her på paramedisin-rommet fekk elevane prøve seg på ein del praktiske casar, men òg sjå på utstyr og video, fortel student Isak Pedersen.

Han meiner det er veldig bra at avgangselevane i grunnskulen får ta del i ein slik dag, sjølv om det framleis er lenge til dei skal ta høgare utdanning.

Ung mann i ambulanseuniform inne i et klasserom. Foto
Isak inspirator: Isak Pedersen studerer paramedisin ved Nord universitet. Foto: Bjørnar Leknes

I år fekk prosjektet støtte frå fleire fond og frå Namdal regionråd.

– Målsetjinga med samarbeidet og arrangementet er langsiktig rekruttering til helsefaglege utdanningar og helsefaglege yrke, seier Julie Constanse Hoddø Arnø ved Helse Nord-Trøndelag.

Eldrebølgje i vente – enormt behov for fleire hender

Ifølgje Statistisk sentralbyrå vil talet på eldre over 80 år doblast innan år 2050 i Noreg. Det betyr at behovet for mange fleire hender i helse er enormt.

– Kommune-Noreg står framfor store utfordringar i åra som kjem. Folkesetnaden blir stadig eldre, og behovet for helsetenester aukar kraftig. Difor er Innovasjonscampen viktig. Den gir ungdom innblikk i helsefaga og kan vekkje nysgjerrigheit for yrke som vi verkeleg treng i framtida, fortel Jane Thingstad, verksemdsleiar for institusjonstenestene i Namsos kommune.

Behovet for helsetenester aukar kraftig. Difor er Innovasjonscampen viktig. Den gir ungdom innblikk i helsefaga og kan vekkje nysgjerrigheit.

Jane Thingstad
Skjelett i korridor med mennesker i bakgrunnen. Foto
Langsiktig rekruttering: Innovasjonscamp helse har som mål å inspirere fleire unge til å sjå lyst på ei yrkesframtid innan helse. Foto: Bjørnar Leknes.

Sjølv om det er litt tid til 10.-klassingane skal bestemme seg for utdanningsretning, er det viktig å gjere dei godt kjende med alle moglegheitene helsefag byr på. Denne hausten har dessutan helsefagutdanningane hatt ein betydeleg auke i talet på søkjarar, ikkje berre ved Nord universitet, men over heile landet.

Det er ei utvikling Monica Finnanger er svært nøgd med.

Positive trendar

Tre voksne kvinner i en glasskorridor. Foto
Drar i same retning: Frå venstre Elin Hovik Skage frå Namsos kommune, Elisabeth Hanssen frå Helse Nord-Trøndelag og Monica Finnanger frå Nord universitet. Foto: Bjørnar Leknes.

– Pila har snudd, og trenden no er at søkjartala til alle dei helsefaglege bachelorutdanningane våre aukar. Det gjeld både sjukepleie, vernepleie, farmasi og paramedisin, og alle desse tilbyr vi her i Namsos, seier Finnanger, som òg er nøgd med at Innovasjonscamp helse er integrert i yrkesvalfaget for dei deltakande 10.-klassingane.

Pila har snudd, og trenden no er at søkjartala til alle dei helsefaglege bachelorutdanningane våre aukar.

Monica Finnanger, studieleiar

Ved Nord universitet fekk elevane mellom anna ein smak av dei nye lokala i Klinisk kompetansesenter.

– Her har vi topp moderne sjukehus som tilsvarar eit ekte sjukehus med ferdigheitslabb, medisinrom, simuleringslabb og akuttrom. I tillegg har vi ei treningsleilegheit som framstår og er utstyrt som ei reell omsorgsbustad. Dette er eit av dei nyaste kliniske kompetansesentra i landet, og det blir brukt av alle våre helsefaglege utdanningar, men òg av eksterne samarbeidspartnarar, seier Monica Finnanger.

Sterk drivkraft

Ho set stor pris på det gode samarbeidet med kommunen og helseføretaket, som ho opplever har vore ein sterk drivkraft i prosjektet og i utviklinga av Innovasjonscamp helse.

– Vi har eit stort nettverk, jobbar tett og godt, og får til mykje saman. Vi ser tydeleg at vi alle jobbar mot eit felles mål, seier ho, og får støtte av Jane Thingstad.

– Namsos kommune ser samarbeidet med Helse Nord-Trøndelag, Nord universitet og Olav Duun vidaregåande skule som avgjerande for å utdanne og rekruttere dyktig helsepersonell til Namsos kommune og Namdalen i åra som kjem, seier Thingstad.

Fakta om Innovasjonscamp helse:

  • Eit samarbeid mellom Nord universitet, Namsos kommune og Helse Nord-Trøndelag, med mål om langsiktig rekruttering til helsefaglege utdanningar og yrke.
  • Arrangert i Namsos 24. og 25. september 2025. Samtlige 10.-klassar i Namdalen vart inviterte. I alt 18 skular deltok, med totalt 476 elevar og rundt 50 lærarar.
  • I tillegg deltok over 30 elevar frå VG2 Helsearbeidarfag ved dei tre vidaregåande skulane i Namdalen. Desse deltek som mentorar.
  • Ansvarleg for sjølve gjennomføringa er Ungt Entreprenørskap, Trøndelag
Kontaktperson