Campusbesøk: F.v. Eigil Espejord Dåbakk i Rana Arbeiderparti, ordførar i Rana kommune, Geir Waage, gruppeleiar for Nordland Ap, Elin Dahlseng Eide, hovudtillitsvalt Helgelandssykehuset Rana, Marit Wisthus, prodekan Kari Ingstad, statsråd Jan Christian Vestre, førstelektor Anne-Lise Grønningsæter Loftfjell og stortingspolitikar Bjørnar Skjæran. Foto: Maibritt Lervik
Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) gjesta i juli Nord universitet og studiestad Mo i Rana i samband med at fleire unge har søkt sjukepleiarutdanning, farmasi, vernepleiar og paramedisin. Økninga er på heile 24 prosent for Nord universitet.
For ministeren er det spesielt gledeleg at helsefaga igjen er populære.
– Det er ei utfordring å få nok søkjarar til sjukepleiarutdanninga, vernepleie og farmasi. I år har me ein auke, og Vestre gav uttrykk for at han både er glad for og imponert over tala i år, fortel prodekan Kari Ingstad ved fakultetet for sjukepleie og helsevitskap (FSH) ved Nord universitet.
Ho oppfattar at Vestre både var kunnskapsrik og lyttande til informasjonen han fekk.
– Han var veldig lyttande og verkar å ha god innsikt i korleis me som universitet må utvikla oss framover. For det er eit stort behov for helsepersonell i åra som kjem. Ministeren er tydeleg på at me derfor må utvikla oss og finna nye løysingar, seier Ingstad.
Populært
Gode søkjertall for 2025 er derfor inga kvilepute, sjølv om Ingstad saman med kollegaer no ser fram til å ta imot dei mange nye studentane som i august startar på studiane sine.
Søkjartala er så bra, at dei fleste studiar innan helsefag har fleire studentar enn det er studieplassar.
Det er fleire år sidan sist gong helseutdanningane var så populære:
| Studieprogram | Campus | Studieplasser | Antall ja-svar per 24.07.25 |
| Bachelor i sykepleie, campus | Bodø | 110 | 126 |
| Bachelor i sykepleie, deltid 4 år | Namsos | 15 | 24 |
| Bachelor i sykepleie, deltid 4 år | Vesterålen | 30 | 48 |
| Bachelor i sykepleie, deltid 4 år | Mo i Rana | 15 | 17 |
| Bachelor i sykepleie, campus | Mo i Rana | 45 | 35 |
| Bachelor i sykepleie, campus | Levanger | 120 | 148 |
| Bachelor i sykepleie, deltid 4 år Orkdal (NY) | Levanger (Orkdal) | 15 | 23 |
| Bachelor i sykepleie, campus | Namsos | 60 | 83 |
| Bachelor i vernepleie, campus | Namsos | 30 | 62 |
| Bachelor i paramedisin, campus | Bodø | 30 | 31 |
| Bachelor i farmasi, deltid nett- og samlingsbasert | Namsos | 40 | 45 |
| Bachelor i farmasi, heiltid nett- og samlingsbasert | Bodø | 30 | 63 |

Må tenkja nytt
Vestre fekk også innblikk i kva det kostar å driva eit fleircampus-universitet i distriktet.
– Å tilby utdanning på fleire campusar i distrikta, er meir kostnadskrevjande enn å samla store utdanningseiningar i byane, seier førstelektor og studieleiar Helgeland, Anne-Lise Grønningsæter Loftfjell ved fakultetet for sjukepleie- og helsevitskap (FSH), Nord universitet.
Ho meiner derfor det er viktig å tenkja nytt.
– Eit EU-direktiv seier at sjukepleiarutdanninga skal ha femti prosent praksis. Det er utfordrande - og kostbart. Me må tenkja nytt, og dette er noko Vestre seier han skal følgja opp. Samtidig er det kjempeviktig at studentane får øva, og me håpar me kan få bruka meir simulering i utdanninga. Då bruker me ulike teknisk avanserte dokker, som du kan gjera nesten alt med, seier ho.
Frå å ha nedgang i søkjartala til Mo i Rana, har målretta arbeid no stabilisert søkjartala.
– Me har utvikla eit tett samarbeid med Rana kommune om promotering og framsnakking av faget. Me har mellom anna også eit samarbeid med Polarsirkelen vidaregåande skule, der elevar derfrå speler psykiatriske pasientar for studentane. Dette gir god læring for studentane våre, og god skodespelarerfaring for elevane, slik at dette er begge gruppene veldig fornøgde med. Så fornøgde er me, at me held fram ordninga, fortel Loftfjell.
Rett på anatomien
Studiestart er rett rundt hjørnet. Ingstad sier sjukepleiarstudentane etter fadderveka går rett på sjukepleiefaget og anatomi. Men ikkje berre.
– Studentane skal få tid til å bli kjende og det er viktig å ha det sosialt bra. Så me køyrer ein kombinasjon av fag og sosialt, seier ho.
Ingstad har håp for framtida, som ho erkjenner har klare utfordringar.
– Me må halda fram med å snakka fram sjukepleiaryrket og jobba for at dei unge vel helsefag. Så må me som samfunn sørgja for at studentane blir godt tekne imot og teken vare på når dei kjem ut i praksis. Det vil gjera at dei blir verande i yrket, seier prodekan Ingstad.
Sykepleie
Bachelor heiltid Bodø, Levanger, Mo i Rana og Namsos
Oppstart: Høst 2025
Studiepoeng: 180
Studielengde: 3 år
Opptakskrav: Sjå krava

