Glade: Dei har alle disputert i løpet av det siste året, og då går jubelen i taket for desse nye doktorane uteksaminert frå Handelshøgskolen Nord universitet. Foto: Lise Fagerbakk
Saman med det lite forskingsteamet sitt, gjekk Kiron Viswanath gjennom nåløyet og vant 50.000 kroner i forskningsprisen under Akademisk årsfest 2025.
Pengane kjem ifølgje teamet godt med. For det er ikkje reint lite faggruppa forskar på. Dei har dei siste åra skrive meir enn 200 vitskaplege artiklar, og dei har henta millionar kroner inn til ytterlegare forsking. Dei har vunne fram med fleire prosjektsøknader nasjonalt og internasjonalt.
Samtidig er dei ifølgje prorektor for forsking, Ketil Eiane, den minste faggruppa på fakultetet for biovitskap og akvakultur (FBA) ved Nord universitet.
Etablert for fem år sidan, består gruppa av ein professor, ein forskar, tre stipendiatar, tre førsteamanuensar og ein overingeniør.

Festaften
Dei andre prisane:
- Formidlingsprisen: Øvelse Nord
- Læringsmiljøprisen: Forskningsprosjektet "Få det til å henge sammen ved å henge sammen. Samlæring og hverandrevurdering i farmasiutdanningen".
Kvar vinnar får tradisjonen tru diplom, blomstrar og 50.000 kroner.

Prorektor Levi Gårseth-Nesbakk er svært nøgd med årets årsfest.
– Det var utruleg mange bra nominasjonar. Eg synest aldri det har vore så vanskeleg å sjå på det og kåre ein vinnar, fordi det er veldig mykje bra som går føre seg ved Nord universitet. Læringsmiljøet er utruleg viktig for studentane våre. Det er ei samskaping mellom undervisarane og studentane. Det handlar ikkje berre om å hjelpa til, det handlar om å engasjera og skapa entusiasme, og skapa gode rammer for læring og engasjement, seier han.

Det stoppar ikkje der.
Det var også historisk mange disputasar. 37 i talet. Det føyer seg inn i ei god, fagleg utvikling ved Nord universitet. For også i fjor var det fornøgde prorektorar.
– Me har auka mengda og breidda i forskinga vår sidan me vart universitet i 2016. Me har også vunne fleire store forskingsprosjekt. Framgangen blir lagd merke til, så takk til alle dykk for å løfta forskinga ved Nord universitet, uttalte prorektor Ketil Eiane for eitt år sidan.
Nysgjerrigheit
Rektor Hanne Solheim Hansen rosar forskarane og forskaraktiviteten.
– Nysgjerrigheit er ein av dei viktigaste eigenskapane de kan ha, så hald fram reisa som forskarar. hald fram med å stilla spørsmål og snakka høgt om dokumentert kunnskap. Saman med akademisk fridom er dette noko me må verna om. Det handlar om å tenkja sjølv og me treng ikkje å gå langt for å finna land utan denne fridommen. Så ikkje ta fridommen vår for gitt, rosar og oppmodar rektor.

Dei siste fem åra har Nords forskarar i gjennomsnitt:
- Publisert ca 800 artiklar i året (ei dobling frå nivået ved etableringa i 2016).
- Uteksaminert 28 doktorgradskandidatar i året (ei tredobling frå nivået i 2016).
- Dobla ekstern forskingsfinansiering frå EU og Forskingsrådet (til ca 75 mill. i 2024) (dobling frå 2016).

