Historisk studiestart i barnehagen på Støren

Historisk studiestart i barnehagen på Støren
For aller første gong i Noreg er ei barnehagelærarutdanning lagt direkte til ein barnehage. No har studentane starta på det unike deltidsstudiet ved Støren barnehage.

– Dette er ei historisk satsing, og det er så stort for oss, seier ei begeistra Ann Kristin Landsem ved Studiesenter Trøndelag sør.

– Vi har jobba lenge for å få dette til. Behovet i regionen er stort, og no får fleire moglegheit til å ta høgare utdanning utan å måtte flytte herifrå, seier ho.

Dette blir ei reise som vil forandre dykk!

Ann Kristin Landsem, Studiesenter Trøndelag sør

Den unike barnehagelærarutdanninga er samlingsbasert, går over fire år og har tre samlingar i semesteret – i sjølve barnehagen (sjå faktaboks).

Tilbodet gjer studiet mogleg

For Mette Hoel (26) og Malin Anthonsen (26) frå Ålen var plasseringa heilt avgjerande:

– For meg, med små barn og jobb, hadde det ikkje gått utan at dette tilbodet vart lagt hit i Støren, seier Malin.

Det same gjeld for Mette, som no er klar for å ta fatt på draumen om å bli barnehagelærar.

– No ser eg verkeleg fram til å kome i gang.

To kvinnelige studenter ved bord i en barnehage. Foto
Draumen dei ber på: For Mette Hoel og Malin Anthonsen er det heilt avgjerande at utdanninga er lagt til Støren. Foto: Bjørnar Leknes.

Adrian Holen Ledal (26) frå Oppdal er også klar for fire år med studiar.

– Det er litt skummelt, men mest spennande. Eg vil utvikle meg, og dette kjennest heilt rett. Eg er trygg på at eg har gjort eit riktig val, seier han.

For mange betyr studiet meir enn berre ei ny retning i livet – det gjev faktisk moglegheita til å ta utdanning.

– Eg er barne- og ungdomsarbeidar, og har jobba i barnehage sidan 2013. Eg har kjent på at eg treng meir fagleg påfyll. Som småbarnsmor hadde eg aldri klart dette utan eit lokalt tilbod, seier Karin Haugmo Hoel (32) frå Oppdal.

Bente Anita Vognild (34) nikkar samd:

– Med små barn og full jobb er dette det einaste realistiske alternativet.

Praksisnært som aldri før

Kvinne i barnehage med studentar bak. Foto
Ein stor dag: Elin Børve er faggruppeleiar ved barnehagelærarutdanninga, og gledde seg stort over den historiske studiestarten. Foto: Bjørnar Leknes.

– Nærmare praksis kjem du ikkje, seier Elin Børve ved Nord universitet, som er ein av initiativtakarane bak studiet.

Det er no halvanna år sidan ho vart kontakta av Studiesenter Trøndelag sør, og er full av lovord over samarbeidet med dei og med Støren barnehage.

– Her er studentane midt i det verkelege barnehagelivet. Dei får lære saman med erfarne fagfolk, og vere tett på barna frå første dag, seier ho.

De har gjort eit veldig godt val. Ver stolte av det. Og ver merksame på at de blir attraktive på jobbmarknaden etterpå.

Elin Børve, Nord universitet

Ordførar i Midtre Gauldal kommune, Trude Solem Heggdal, deltok og på opninga:

– Ein god barndom varer heile livet. Og ein god start på livet er kjempeviktig, mellom anna for å unngå utanforskap.

Studentane vart tekne imot med song frå barnekor, varme talar – og både latter og tårer. Solveig Salthammer Kolaas frå Nord universitet rørte mange med si tolking av ein song om kvardagsheltar i barnehagen (sjå video øvst i artikkelen).

Eit løft for regionen

Studenter i en gang i en barnehage med bilder på veggene. Foto
Går vegen saman: Kjersti Skjevdal (bakerst) er styrarassistent i Støren barnehage, og ga studentane ei omvising første studiedag. Foto: Bjørnar Leknes.

Nord universitet står bak deltidsutdanninga, og prodekan Vegar Sellæg la stor vekt på kor viktig denne utdanninga er.

– Barnehagelærar er kanskje den viktigaste utdanninga vi har. Så gratulerer med eit veldig godt val. Samstundes veit eg at dette vil krevje mykje arbeid og struktur av dykk, men vi skal støtte dykk heile vegen.

Tør å spørje oss - alltid!

Berit Stornes, einingsleiar i Støren barnehage

Også varaordførar og barnehagelærar Stian Engen understrekar verdien av praksisnær læring:

– Studentane kjem til ein barnehage med ekstremt mykje kompetanse, så her vil studentane få lære mykje.

Gruppebilde av studenter og voksne i en barnehage. Foto
Unik opning: Den historiske barnehagelærarutdanninga fekk ei høgtideleg opning, og samla både studentar, ordførar og tilsette frå Nord universitet, Studiesenter Trøndelag sør og Støren barnehage. Foran frå venstre: Elin Børve og Vegar Sellæg frå Nord universitet, og Berit Stornes frå Støren barnehage. Foto: Bjørnar Leknes.

Verdas beste jobb

Men kva er eigentleg det aller beste med å jobbe i barnehage? Mange av dei ferske studentane har allereie relevant jobberfaring, og dei er ikkje i tvil:

– Det er å få lov til å vere meir leiken og møte uskyldige barn som har ein heilt annan glede i kvardagen enn det dei fleste andre menneske har, seier Adrian Holen Ledal.

Bente Vognild er heilt einig:

– Det beste med å jobbe i barnehage, er å få tid med barna, følgje dei i leiken og få sjå utviklinga deira, smilar ho.

Varaordførar Stian Engen er heller ikkje i tvil:

– Det aller finaste er å bli møtt med opne armar kvar dag. Det får du ikkje som varaordførar, smiler han.

Portrettbilde av kvinne inne i en barnehage. Foto
Stolt senterleiar: Ann Kristin Landsem er dagleg leiar ved Studiesenter Trøndelag sør. – Vi er stolte av å bidra til dette løftet for regionen vår, seier ho. Foto: Bjørnar Leknes.

Det unike utdanningstilbodet har fått mykje merksemd.

– Studiet er eit viktig bidrag til rekruttering i regionen – og ei moglegheit til å ta utdanning på ein heilt ny måte, seier Ann Kristin Landsem.

Barnehagelærarutdanning, deltid 

Bli barnehagelærar! Studiet går over fire år på deltid. Du får solid fagleg kunnskap, kreativitet – og blir klar for pedagogisk arbeid i barnehage.

  • Oppstart: Haust 2026
  • Studiepoeng: 180
  • Studielengd: 4 år
  • Studiestad: Nesna, Bodø, Levanger og Narvik
  • Søknadsfrist: 15. april 2026.

Les meir om studiet