Høg på lav

Høg på lav
Han skildra den første uoppdaga lavarten då han var 25 år. Sidan har det vorte mange.

Denne artikkelen er over ett år gammel.

Inne på eit kontor i 2. etasje ved InnoCamp, på Nord universitet i Steinkjer, sit det ein ekspert framfor eit mikroskop. Håkon Holien (68) har studert lav i 45 år, og allereie som 25-åring oppdaga han, saman med hovudfagsrettleiaren sin i botanikk, sin første nye lavart.

– Det var litt av ein kjensle. Sidan den gong har det blitt 20 nye artar. Men endå fleire ventar på å bli skildra, smiler førsteamanuensen.

Når ein er høg på lav, er det ikkje berre nyoppdagingane som er interessante. I den nyleg utgitte oppslagsverket «Norsk lavflora» omtaler Holien om lag 700 artar.

Forskar foran mikroskop
Lavekspert: Ein av Noregs fremste ekspertar på lav, Håkon Holien (68), bøyer seg over mikroskopet ved Nord universitet i Steinkjer. Foto: Siv Lyngstad.

Dei fuktige kystskogene

Fyrste utgåva av «Norsk lavflora» vart utgjeven på Fagbokforlaget i 2006. I den nyleg utgitte 2023-utgåva er oppslagsverket kraftig utvida og oppdatert. Denne utgåva mettar ikkje berre spesialistens kunnskapsbehov. Han er òg populærvitskapleg nok til å glede lav-amatøren.

– Med meg på denne boka har eg Tor Tønsberg. Han møtte eg som hovudfagsstudent i Trondheim. Då var han vit-ass. Det var han som fekk meg interessert i lav, fortel han.

Som lavspesialist bur Holien i det reinaste paradiset. Han voks opp på ein gard på Namdalseid og verka i mange år i Trondheim, før han flytta til Steinkjer, der han har jobba dei siste tjue åra. Dei siste 15 åra har han òg hatt ansvaret som konservator for lav- og soppherbariet ved NTNU Vitenskapsmuseet i Trondheim.

– Kystområda i Midt-Noreg er heilt spesielle. Her er skogene fuktige og huser lav som ikkje veks andre stader. Når ein blir hekta på lav, blir det ei lidenskap, smiler han.

Organisme med trekantforhold

Nærbilde av Gullprikklav
Favoritt: Også lavforskarar har sine favorittar. Den sjeldne Gullprikklaven, her avbilda i Flatanger, er ein av Håkon Holiens yndlingar. Foto: Håkon Holien.

Lav er ein organisme som ikkje klarer seg åleine, forklarar forskaren, og med ei så kompleks botanisk gruppe er det nyttig å kunne skildre han på lekmannsnivå:

– Det er vanskeleg å gruppere lav i ein kategori. I laven finn ein samspel mellom fleire organismar. Utgangspunktet er symbiotisk, der ein sopp «gifter seg», kan ein seie, med ein grønalge eller ein blågrønalge. Dei kan òg opptre alle tre saman, og då blir det jo eit ordentleg trekantforhold, seier han spøkefullt.

På same måte som annan flora og fauna, trugar mangfaldet til laven av mennesket sin innverknad i naturen.

– Ein av artane som har følgd meg sidan byrjinga, er Trønderlaven. Men no har den emigrert frå Trøndelag til Hedmark, seier Holien med eit lite smil, før han blir alvorleg og held fram: – Trønderlaven er no kritisk truga i Noreg og finst berre i ein foss i Rendalen.

Når lavspesialisten blir spurt om han har nokre favorittar, tenkjer han seg om før han svarer.

– Gullprikk-lav er ein lavart eg oppdaga allereie heime på garden eg voks opp på. Noko av fascinasjonen med den er at den eigentleg er ein regnskogart. Ein finn den særleg i Midt-Noreg.

Den viktige laven

Lavarten Bleiksyle
Oppdaget art: Bleiksylen var den første nye lavarten Håkon Holien oppdaga. Foto: Håkon Holien.

Den fyrste lavarten Holien var med på å oppdage, var Bleiksylen. Den hadde tidlegare blitt forveksla med ein annan art som var å finne i fuktig skog. Då var han 25 år gamal.

Holien understrekar viktigheita av artsmangfaldet for å redde kloden. Sjeldne artar forsvinn fordi området deira blir fragmentert og innskrenka.

– Me menneske lagar enkle system med få artar, og når me ser ein frodig skog med denne typen, blir me lurt til å tru at alt er greitt, forklarar han.

Førsteamanuensen skildrar korleis laven og mosen utgjer ein stor del av økosystemet. Langt nord og i fjellet erstattar dei til og med planter.

– Reinslav og Skjegglav er viktige for reinen på vinterbeite. Sneglar et ulike typar bladlavar. Småkryp som edderkopp og insekt lever i stor grad av lav, medan fuglar lever av småkrypa. Alt heng saman, seier han.

Forskar med bok framfor boksamling
Spesiell boksamling: Er ein høg på lav, slik forskar Håkon Holien er, består bokhylla så og seie utelukkande av lavbøker – også hans eigen, nypubliserte «Norsk lavflora». Foto: Siv Lyngstad.

– Det er mykje alvor på lavfronten. Er det rom for litt humor òg?

Holien humrar:

– Å ja da. Rett etter studiane var me ei gjeng som skulle kartleggje lav, med fokus på luftforureining etter langtransport. Me kalla oss «AS Lavmål», og sjølvsagt var favorittsongen vår «All You Need Is Lav». I ein periode hadde me òg Foreningen for lav humor.

I oktober går laveksperten av med pensjon. Holien har ingen umiddelbar etterfølgjar i rekkjene sine, men han har håp, for interessa for lav har auka.

– Me har ein generasjon som er nesten borte – dagens 40-50-åringar – men i Norsk Lavforening, som vart stifta for 4-5 år sidan, er det mange unge som brenn for faget. Då kjennar eg at det går an å avrunde, smiler han.

Lavtur: I 2019 fekk lavforskaren Håkon Holien ei ekstatisk oppleving på ein studietur saman med avgangsstudentane i naturforvaltning, til Costa Rica. Her støtte han på ein av Trønderlaven sine næraste slektningar, i ein tåkeskog som låg 3300 meter over havet. Foto: Privat.
Kontaktperson