Ny samisk rammeplan: Inger Johansen ved Nord universitet er oppnemnd som medlem i arbeidsgruppa som skal utarbeide ny rammeplan for samiske lærarutdanningar, på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Foto: Bjørnar Leknes.
– Eg er spent og gler meg veldig til å kome i gang, seier Johansen.
Johansen er universitetslektor og koordinator for sørsamiske utdanningar ved Nord universitet. Ho er no oppnemnd som medlem i arbeidsgruppa som skal utarbeide ny rammeplan for samiske lærarutdanningar, på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.
Éin felles rammeplan
I dag finst det tre ulike rammeplanar for samiske lærarutdanningar. Desse skal erstattast av éin felles rammeplan.
Ein tilsvarande prosess vart gjennomført for dei norske lærarutdanningane i 2025. Den nye rammeplanen skal etter planen bli presentert i løpet av januar i år.
Førebels er det berre to institusjonar i Noreg som tilbyr samisk lærarutdanning: Samisk høgskule og Nord universitet.
– Dei samiske lærarutdanningane skal ha eit anna innhald enn dei norske. Nord universitet tilbyr sør- og lulesamisk lærarutdanning, og har andre føresetnader enn dei som tilbyr nordsamisk, seier Johansen.
Må ta omsyn til språklege skilnader
Johansen understrekar at rammeplanen må gi rom for dei ulike samiske språka og utdanningane.
– Vi må sikre at det framleis er mogleg å tilby lærarutdanning på sør- og lulesamisk, og at krava som blir stilte, faktisk er mogleg å gjennomføre. Vi kan til dømes ikkje stille krav om samiskspråklege lærarar i alle fag, fordi dei rett og slett ikkje finst, seier ho.
Ho er likevel oppteken av at studentane skal få mest mogleg undervisning på sitt samiske språk, og at utdanningane får eit tydeleg samisk perspektiv.
– Det gjeld både for sør-, lule- og nordsamisk lærarutdanning, seier Johansen.
Større behov for språktrening
Eit viktig skilje mellom samisk og norsk lærarutdanning er språkets status som akademisk språk.
– Sør- og lulesamisk språk er ikkje sterkt etablerte som akademiske språk. Studentar som skriv masteroppgåve på samisk, har difor ein langt større jobb enn dei som skriv på norsk. Dei treng meir språktrening, og også støtte til å diskutere kva for omgrep og ord som skal brukast i akademiske tekstar, seier Johansen.
Ho håpar den nye rammeplanen vil ta høgd for dette.
Arbeidsgruppa består av representantar frå samiske skular, barnehagar, lærarutdanningar og offentleg forvaltning. Gruppa blir leidd av professor Hege Merete Somby ved Samisk høgskule og Universitetet i Innlandet.
Asbjørn R. Kolberg, dosent emeritus ved Nord universitet, er medlem av sekretariatet til arbeidsgruppa. Sekretariatet blir leidd av Karen Inga Eira, Sámi allaskuvla/Samisk høgskule.
Arbeidet med den nye rammeplanen starta 2. januar og skal vere ferdig 1. juni i år.
Faktaboks
- Nord universitet har nasjonalt ansvar for forsking og utdanning innan lule- og sørsamisk språk og kultur
- Nord universitet har ein sørsamisk fagseksjon ved campus Levanger og ein lulesamisk fagseksjon ved campus Bodø
- Nord universitet etablerte Senter for samisk og urfolksstudiar i 2022
- Nord universitet tilbyr ei rekkje samiske studietilbod både på grunn-nivå og bachelornivå: Samiske studietilbud
