Signert: Berre i løpet av signeringsmøtet, kom det opp fleire moglegheiter for konkrete samarbeidsområde. F.v. administrerande direktør Siri Tau Ursin og Anne Kristine Sørstrøm ved Nordlandssykehuset, dekan Gøril Ursin ved Fakultetet for helsevitskap, og rektor Hanne Solheim Hansen ved Nord universitet. Foto: Lise Fagerbakk
Rektor Hanne Solheim Hansen ved Nord universitet, har nyleg skrive under ein ny samarbeidsavtale med administrerande direktør Siri Tau Ursin ved Nordlandssykehuset.
Avtalen kom i hamn etter mange år med mykje samarbeid.
– Nordlandssykehuset har vore ein viktig bidragsytar i sjukepleiarstudiet, då ein del av praksisundervisninga er ved sjukehuset. Vi har fleire samarbeidsarenaer knytta til praksis og forsking, men vi har likevel eit behov for ein overordna samarbeidsavtale, der vi kan vidareutvikle nye samarbeidsområde, seier Hanne Solheim Hansen, rektor ved Nord universitet.

Eit nytt kompetansesenter
Nord universitet opna hausten 2025 eit klinisk kompetansesenter – eit senter som ikkje berre let studentar øva seg i heilt oppdaterte og moderne lokale, men som også kan nyttast til øving og forsking for tilsette ved sjukehuset.
– Det er heilt imponerande, må eg seie. Det er nesten som du skulle tru du var på eit sjukehus – sånn i beredskapssamanheng. Vi skal ikkje berre øve saman. Vi skal også drifte saman dersom det brakar laus, seier Ursin idet ho og kollega Anne Kristine Sørstrøm blir vist rundt i dei nye lokala.
Partane ser fleire moglegheiter.

– Eg tenkjer meg at klinikksjefane mine bør få sjå dette. Det er jo noko heilt eige å sjå sjølv, enn berre å høyre om det, seier Ursin.
Avtalen opnar for ytterlegare samarbeid, som vidareutdanning, dugleikstrening, simulering, og øving for mange grupper av tilsette.
– Spennande
Rektor er fornøgd.
– Eg er verkeleg glad for at vi no har ein overbyggjande samarbeidsavtale. Med det nye kliniske kompetansesenteret, har vi endå ein arena som kan gi oss ny kunnskap både i utdanningane og i sjukehuset. Det er frykteleg spennande at vi berre i løpet av eit par timar i samband med signering av avtalen, såg fleire område som vi i fellesskap ønskjer å få til, legg Hansen til.
Samarbeidsavtalen byggjer på tidlegare avtalar mellom Helse Nord og Nord universitet. I tillegg blir det no oppretta eit årleg dialogmøte mellom universitetet og toppleiinga i Nordlandssykehuset, der aktuelle saker vil bli drøfta. Det blir sett ned eit lokalt samarbeidsorgan som tek hand om det operative arbeidet med samarbeidsavtalen.
Dette er den første av to samarbeidsavtalar Nord universitet gjer med dei regionale helseføretaka. 8. desember vert det også underteikna ein gjensidig samarbeidsavtale med Helgelandssykehuset.
Avtalen i korte trekk
Det skal samarbeidast om forsking, innovasjon og utdanning:
• Helseforsking
• Rettar til forskings- og innovasjonsresultat
• Etikk og ærlegdom innan forsking
• Ivaretaking av studentar ved undervisning, praksisstudiar og rettleiing
• Helsefaglege utdanningar – relevans og innhald med tenesta si noverande og framtidige behov
• Gi innspel til skiping, nedlegging eller vesentlege endringar av helsefaglege studieprogram
• Dimensjonering av studieplassar og praksiskapasitet
• Utforming av studieplanar for å ta hand om eit godt samsvar mellom studie- og praksiskapasitet
• Diskusjon om opptakskrav og bruk av kvotar
• Forankring av felles prosjekt innan forsking, utdanning og innovasjon
• Gjensidig ivaretaking av sektorane sine eigne behov for fagleg kompetanse
• Bruk og finansiering av delte eller kombinerte stillingar
• Bruk og drift av eigedom/areal og infrastruktur til forsking, innovasjon og utdanning, under dette samarbeid om simuleringsfasilitetar for studentar og helsepersonell
• Samarbeid om digitale fellesløysingar for forsking og utdanning
• Trygg deling av data og tett samarbeid om spørsmål knytta til personvern
Nord universitet tilbyr både heil- og deltids sjukepleieutdanning i Nordland og Trøndelag. For å sjå alle moglegheitene: sjå studiesøket vårt. Sjå også alle studiemoglegheitene Nord universitet har i helse- og sosialfag.
Som sjukepleiar vil du vera tett på menneske i den viktige augneblinken i livet - ved fødsel og ved slutten av livet. Utdann deg til ein svært innhaldsrik og meiningsfull jobb - søk om studieplass på sjukepleiarutdanninga ved Nord universitet.
- Oppstart: Høst 2026
- Studieform: Heltid
- Studielengde: 3 år
- Opptakskrav: Se kravene
- Søknadsfrist: 15. april 2026 kl. 23:59
