Klar for ny heider og ære

Klar for ny heider og ære
Forskingsunderhaldning står i fokus når fem nye kandidatar om få dagar kjempar om å vinna semifinalen i Forskar Grand Prix 2025.

For andre gong riggar Nord universitet til for NM-semifinale i forskingsformidling. Forskar Grand Prix blir arrangert med støtte frå Forskingsrådet, og er ein del av dei årlege forskingsdagane.

– Forsking kan definitivt vera både enkelt og underhaldande. Det beviste Nords stipendiatar i fjorårsutgåva av dette underhaldningsshowet. Eg er trygg på at også årets fem førehandskvalifiserte semifinalistar vil begeistra publikum og fagdommarar, seier Per-Stian Ekroll, kommunikasjonsrådgivar ved Nord universitet.

I år blir konkurransen arrangert i teatersalen i Levanger - og gjennom nålauget har fem nord-tilsette sloppe gjennom.

Deltakarane er:

Kandidat 1, David Bjørsvik: Grønare industri – frå kostnad til konkurransekraft
Kandidat 2, Jowan Mohammed: Krig, korsett og kvinnerett
Kandidat 3, Martin Stokke: Korleis tilpassar lærarar humorbruken sin?
Kandidat 4, Astrid Skogseth: Ta den medisinen din, då!
Kandidat 5, Edgar Alstad: Visuell støtte i geometriundervisning

Her kan du følgja konkurransen dersom du ikkje kan vera fysisk til stades!

Maria Klaussen Herset og Hedvig Flaten Lie
Vinnere: Maria Klaussen Herset og Hedvig Flaten LIe sikret seg sist år billetter ti finalen i Oslo. Foto: Adrian Svendsen Bensvik

Fire minutt

Kandidatane får fire minutt kvar til å formidla og underhalda publikum – og dommarpanelet. Dei to beste formidlarane går vidare til landsfinalen i Oslo.

Medan semifinalen blir arrangert 17. september i *Blackbox Teatersal i Levanger, går finalen i Oslo av stabelen onsdag 25. september.

Alle kandidatane er stipendiatar ved Nord universitet. Kvar av dei med si eiga forsking.

Bjørsvik forskar på metall og mineral - og korleis slike prosjekt kan gjennomførast smartare.

Mohammed har funne at New York var eit knutepunkt for radikale kvinner under første verdskrigen. Ho spør seg korleis feministar, anarkistar, sosialistar og pasifistar fann saman i ein by prega av krig og uro.

Stokke tek humor i bruk for å vinna gullbilletten. Då inn i undervisning, der alle elevar er ulike. Ifølgje han finst det forsvinnande lite forsking om korleis lærarar tilpassar humoren sin til mangfaldet.

Skogseth ser på korleis teaterkunst og digitalisering kan hjelpa heimesjukepleiarar å sikra ei betre og tryggare medisinhandtering.

Alstad går også digitalt til verks. Han søkjer å utforska korleis visuell støtte kan styrkja elevars romforståing og evne til å løysa oppgåver i geometri.

Finalen

I den nasjonale finalen møtest dei ti beste kandidatane frå dei regionale finalane. Finalen kan opplevast om du er i Oslo - eller du kan sjå han heime i og med at han blir strøymt.

Deltakarane er alle godt i gang med doktorgrada si, men har enno ikkje disputert. Forskingsrådet melder stor breidd når det gjeld fag, institusjon og kva dei vil med forskinga si.

I år kjem kandidatane frå Bergen (Helse Bergen, *Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen og VID vitenskapelige høgskole), Nord universitet, Universitetet i Agder, Universitetet i Oslo og UiT Noregs arktiske universitet.

Solveig Kloppen er konferansieren og lósar oss rutinert gjennom kvelden. Fagjuryen og publikum avgjer kven som vinn tittelen som Noregs beste forskingsformidlar. Årets fagjury består av Mari Sundli Tveit, administrerande direktør i Forskingsrådet, Andreas Wahl, fysikar, vitskapsformidlar og programleiar og Iren Reppen som er skodespelar, tekstforfattar og artist.

Forskar Grand Prix 2025: 

📅 Dato: Onsdag 17. september 2025
🕔 Tid: 17:00–18:45
📍 Stad: Teatersalen, Campus Røstad, Levanger
🎤 Moderator: Solveig Salthammer Kolaas

Kandidatane våre:

  • Kandidat 1: David Bjørsvik: Grønare industri – frå kostnad til konkurransekraft
  • Kandidat 2: Jowan Mohammed: Krig, korsett og kvinnerett
  • Kandidat 3: Martin Stokke: Korleis tilpassar lærara humorbruken sin?
  • Kandidat 4: Astrid Skogseth: Ta den medisinen din, då!
  • Kandidat 5: Edgar Alstad: Visuell støtte i geometriundervisning

Avstemming: Publikum speler ei viktig rolle i å avgjera kven som går vidare til den nasjonale finalen! Stem digitalt  via Teletopia:
Send SMS til 26444:
LEVANGER kandidatnummer terningkast
Eksempel: LEVANGER 1 4

👉 Skalaen går frå 1–6, der 1 er lågast og 6 er høgast karakter. Avstemming er berre mogleg under sjølve arrangementet..

Delta fysisk eller digitalt: Velkommen til å delta i Teatersalen på Campus Røstad! Dersom du ikkje har høve til å vera der fysisk, kan du følgja arrangementet via direktesending og likevel stemme. Lenkja til strøyminga blir også delt på nettsida: Forsker Grand Prix | Nord.no