Debatt om liv og død: – Eg meiner at vi bør ha fokus på å overlate stafettpinnen til neste generasjon, og at døden på den måten faktisk er ein fin ting, seier professor Jarle Breivik. Foto: shutterstock
Breivik er professor i åtferdsmedisin ved Universitetet i Oslo. 23. september tek han turen til Bodø og Stormen bibliotek når Lytring arrangerer debatt om den norske alderdommen og frykta for å døy.
– Moderne medisin har gjort enorme framsteg. Forventa levealder har auka med over ti år sidan 1950, og ifølgje Statistisk sentralbyrå vil delen eldre over 80 doblast innan 2060, peikar Breivik på.
– Det er på tide å stogge opp og tenkje over kvar denne utviklinga tek oss. Vi finn heile tida nye måtar å forlengje livet på. Vi får ein stadig eldre befolkning, som nødvendigvis lever med fleire og fleire helseproblem som krev dyrare behandling, seier Breivik.
Diskusjon om døden og moderne medisin

Professoren er skeptisk til om lang levealder framleis er det beste målet for eit godt samfunn. Han ønskjer ein diskusjon om korleis moderne medisin forheld seg til døden.
– Før var auken i levealder knytt til kampen mot spedbarnsdødelegheit og utviklinga av vaksinar og antibiotika. No handlar det om å kjempe mot den naturlege alderdommen, seier han.
– Det er i aukande grad sjølve døden som skal kjempast mot, og seriøse forskarar snakkar om å kurere aldring. Eg meiner at vi bør ha fokus på å overlate stafettpinnen til neste generasjon, og at døden på den måten faktisk er ein fin ting.
Ein industri som jagar profitt
Breivik peikar på at ein profittjagande legemiddelindustri har stor interesse av å halde kundegruppene gåande så lenge som mogleg. Og samfunnet tek rekninga.
– Skal vi verkeleg utvikle stadig nye medisinar og avansert bioteknologi for å halde 80 år gamle kreftpasientar i live lengst mogleg? Eller burde vi heller bruke ressursane på utdanning og betre oppvekstvilkår for barn og ungdom?
For å snakke om desse store spørsmåla får Breivik selskap av mellom andre forskar Helga Eggebø frå Nordlandsforskning og pensjonisten Knut Høstmælingen, som håpar at han ikkje blir 100 år. Debatten blir leia av Stein Sneve og strøymd direkte på lytring.no, der han òg vil vere tilgjengeleg i opptak.
