Kva skjer med borna om ein pandemi råkar Noreg på nytt?

Kva skjer med borna om ein pandemi råkar Noreg på nytt?
Viss Noreg skulle stengje ned att, treng born og unge meir enn vatn, batteri og posesuppe.

Bodø, november 2025. Seks forskarar frå Nord universitet sit rundt eit bord, og to deltek på Teams. Forskarane har røter i pedagogikk, sjukepleie, sosialt arbeid og kunstfag. Dei diskuterer sosial beredskap for barn og unge, kva som gjekk gale under pandemien, og korleis vi kan sikre at historia ikkje gjentek seg.

– For å få til dette, må vi øve på sosial beredskap, på tilsvarande måte som Forsvaret, helse, politi og brannvesen øver under beredskapsøvingar, seier Catrine Torbjørnsen Halås. Ho er professor ved Nord universitet og leiar for forskingssenteret PrepChild.

Meir kunnskap og kompetanse for dei yngste når krisa rammar

Kvifor er det så viktig å forske på sosial beredskap?

– Fordi vi ikkje er førebudd. Under pandemien hadde vi planar for korleis vi skulle handtere smitterisiko, men ikkje for korleis vi skulle ivareta våre sosiale behov og vårt sosiale tryggingsnett når krisa rammar, seier professoren.

Covid lærte oss at fleire viktige tenester som skulle ivareta barn og unge, fall heilt eller delvis bort under pandemien

Catrine Torbjørnsen Halås

Ho er sikker på éin ting: at vi treng meir kunnskap om sosial beredskap for barn og unge. Men også meir kompetanse om korleis vi kan nytte metodar som sikrar ein god sosial beredskap for nettopp denne gruppa av befolkninga.

Gode på mykje, men ikkje på å ivareta barn og unge

Det er ikkje Halås som har konkludert med at sosiale spørsmål for born og unge har blitt neglisjerte i beredskapsperspektivet i Noreg. Det er det Koronakommisjonen og Folkehelseinstituttet sine rapportar som har.

Dei konkluderar med at pandemien fekk konsekvensar for omfanget av omsorgssvikt, vald og overgrep, sosial isolasjon og psykiske vanskar for born og unge.

Kommisjonen tilrådde difor å lage beredskapsplanar som skal sikre at born og unge blir ivaretekne ved ulike typar kriser. Dei etterlyser utarbeiding av planar og system for å identifisere uønskte konsekvensar av tiltak som til dømes skolestenging og heimeundervisning.

Eit knippe forskarar som skal bekjempe utanforskap.
Alle innanfor: Eit knippe forskarar frå PrepChild skal motverke utanforskap ved å forske på sosial beredskap. Foto: Lise Fagerbakk

Korleis kan ein trene på kriser og alvorlege hendingar utan å skape frykt?

Rundt bordet blir det diskutert sosial beredskap, og forskarane er opptekne av at mangelen på sosial beredskap òg kan vere eit problem i møte med andre typar kriser og alvorlege hendingar som skjer i born og unges liv. Men kva er sosial beredskap for born og unge eigentleg?

Gruppa diskuterer forskinga som allereie finst, og dei snakkar om dilemmaet med å øve på sosial beredskap sett opp mot tryggleik og risiko. Halås kjem med eit eksempel:

Dersom vi skal øve på kritiske og alvorlege hendingar, som til dømes involverer vald, kan dette skremme borna så mykje at det gjer vondt verre

Catrine Torbjørnsen Halås

Ho er likevel tydeleg på at vi må finne måtar å øve på slike scenario, og at det er viktig at både skular, elevar og føresette er førebudde på det utenkelege.

Frå venstre Kristin Ørjasæter og Catrine Halås i engasjert samtale
Må trene på det utenkelege: Frå venstre Kristin Berre Ørjasæter og Catrine Torbjørnsen Halås. Foto: Hanne Gravrok

Praktiske scenario: Frå mobbing til vald og overgrep

Halås fortel at dei skal lage eit godt teorigrunnlag som alle kan bruke. Ho legg til at dei skal lage praktiske øvingar, utdanningstilbod og modellar som kan brukast til ulike scenario og nivå.

Eksempel som forskarane ser for seg kan vere aktuelle, er vald i heimen eller på andre arenaer, mobbing og seksuelle overgrep.

– Teoriane og modellen vi lagar, må klargjere sosial beredskap på individ-, gruppe- og samfunnsnivå, seier professoren.

Ho forklarer at forskarane ser for seg at kunnskapen dei utviklar, kan bli nyttig i planlegging av korleis barn og unges sosiale behov kan bli ivaretekne i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap meir generelt, når større kriser inntreff.

Frå kaos til kontroll

Frå gruppene summes det og jobbes iherdig, og engasjementet er stort.

– Kan vi lage forslag til eit sosialt beredskapslager? spør Kristin Berre Ørjasæter, førsteamanuensis ved Fakultet for sjukepleie og helsevitenskap. Rundt bordet vert det nikka. Sosial beredskap er ikkje like konkret som eit lager med vatn, tomatsuppe og batteri, men like viktig, meiner gruppa.

Kristin Berre Ørjaseter
Eit beredskapslager for barn og unge: Kristin Berre Ørjasæter. Foto: Roald Lund Fleiner.


– Vi må lage modellar for barnehagar og skular, og gjere sosial beredskap til ein del av ryggmarksrefleksen i befolkninga, seier Ørjasæter, som leiar arbeidspakken.

Senterleiar Halås innrømmer at denne fasen av forskinga kan vere kaotisk. Den eksisterande forskinga skildrar sosial beredskap ulikt, og er utydeleg på nokre punkt. Det vil ho og kollegaene ved Nord universitet gjere noko med.

– Vi har ikkje enno nøklane og svara. Hadde vi hatt dei, ville vi heller ikkje fått finansiering til PrepChild, seier Halås.

Men – dei noko kaotiske prosessane dei er inne i no, skal leie til meir tydelege svar. Det er professoren sikker på.

Fakta om PrepChild:

PrepChild er eit tverrfagleg forskingssenter ved Nord universitet, finansiert av Noregs forskingsråd.

Bakgrunn: Til trass for høg velstand og gode tenester, lever mange barn og unge i Noreg i utanforskap. I tillegg til kostnader for den enkelte, viser berekningar at tidleg marginalisering og utanforskap kostar samfunnet om lag 73 milliardar kroner kvart år.

Hovudutfordring: Relasjonsproblem, manglande tilhøyrsle og samarbeid er ofte årsaka til utanforskap.

Paradoks: Samfunnet tilbyr oftast individuell hjelp, medan fellesskap og relasjonar er nøkkelen til gode oppvekstvilkår.

Sosial beredskap: Handlar om vår evne til å oppdage og respondere på det som kan vere kritiske hendingar i eit barns liv. Det krev praktisk kompetanse og gode system som gjer at vi kan mobilisere ressursar og samarbeide for å motverke utanforskap.

Kritiske hendingar: Kan vere mobbing, overgrep eller større kriser som pandemiar.

Tidleg innsats: Må fange opp signal tidleg og respondere med støtte som styrker relasjonar og vårt sosiale tryggingsnett.

Kunnskapsbidrag: PrepChild gjer innsikt i korleis tilhøyrsle og utanforskap oppstår, og korleis samarbeid kan styrkast.

Praktisk tilnærming: Utviklar samarbeidsmodellar og undervisning for studentar og yrkesgrupper som lærarar, sosialarbeidarar og politi.

Øvingar: Gjennomfører sosiale beredskapsøvingar basert på praktiske scenario for å lære og øve saman.

Kontaktperson

Professor og senterleiar for PrepChild