Kva vi snakkar om når vi snakkar om integrering

Kva vi snakkar om når vi snakkar om integrering
Myndigheiter, organisasjonar og innvandrarane sjølv ser forskjellig på begrepet «integrering».

Denne artikkelen er over ett år gammel.

Det er tema når Alyssa Marie Kvalvaag no er klar for disputas, med tittelen «Re/ Presentations of Migrant Integration Discourses in Northern Norway». Ho byrja som stipendiat ved Nord universitet i 2019. To fødslar i mellomtida har gjort at avhandlinga måtte utsetjast litt. Men torsdag 24. oktober disputerer ho, altså.

– Eg har sett på korleis ein snakkar om integrering av innvandrarar i Nordland. Det har eg gjort gjennom politiske dokument knytt til eit tilflyttings- og rekrutteringsprosjekt i regi av Nordland fylkeskommune, eg har gått gjennom avisartiklar frå ni forskjellige aviser og intervjua innvandrarorganisasjonar i Nordland, fortel Alyssa Marie Kvalvaag.

Disputerer: Doktorand. Alyssa Marie Kvalvaag forsvarar ph.D.-graden sin i sosiologi. Foto: Nord universitet.

Hovudspørsmålet var korleis dei forskjellige delane av samfunnet ser på integrering, og kva slags konsekvensar dei ulike innfallsvinklane har.

– Ein kan forstå det same konseptet på ulike måtar. Måten vi tenkjer om noko på, påverkar korleis vi forstår løysingar og utfordringar, slår Kvalvaag fast.

– Korleis innvandrarar blir kategoriserte, har også mykje å seie for kva slags rettar dei har til mellom anna norskopplæring. Det er for eksempel stor forskjell på arbeidsinnvandrarar og andre innvandrargrupper, noko som kan skape ulikskapar og konflikt mellom gruppene.

Doktoranden, som sjølv opphavleg er frå USA, opplevde at innvandrarane ho intervjua rundt om i Nordland forstod integrering først og fremst som å føle seg heime og få eit nettverk. Det kan jo på mange vis vere ei utfordring. Men likevel:

– Veldig mange var veldig fornøgde og treivst godt i Nordland. Som ei heilheit var dei opptekne av at det gjekk bra, men nei; det er nok ikkje så lett å kome i kontakt med nordmenn, seier Alyssa Marie Kvalvaag.