Lærarstudentar fekk møta kunnskapsministeren

Lærarstudentar fekk møta kunnskapsministeren
Fleire unge vel seg den fleksible lærarutdanninga ved Nord universitet i Bodø. Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun liker det ho høyrer.

Denne artikkelen er over ett år gammel.

Nord universitet har dei siste åra jobba hardt for å finna nye og smartare metodar og løysinger for å snu trenden kor stadig færre unge søkjer seg til læraryrket.

Innsatsen gjorde at det hausten 2024 møtte fleire lærarstudentar i Bodø enn åra før.

Ei rekkje innsatsfaktorar speler inn:

LæreriNord - der Fakultet for lærerutdanning og kunst- og kulturfag (FLU) i samarbeid med kommunane i landsdelen, møtte ufaglærte på arbeidsplassane sine for å få dei til å utdanne seg. Med godt resultat.

Fleksibiliteten vart avgjerande for Synne og Andrea

I tillegg er det gjennomført ei rekkje tiltak for å auka fleksibiliteten for studentane. Fleire er på gang.

Fleksibiliteten gjer at me får tilrettelagt dei travle dagane.

Synne Moe og Andre Holmstrøm

Det vil seia fleksible tiltak avgjerande for at fotballspelarane Synne Moe og Andrea Holmstrøm kan kombina studiar med spel på Bodø/Glimts kvinnelag.

– Me har fotballtrening kvar dag utanom tirsdagene. Dei fleste dagane startar me klokka kvart over fire på ettermiddagen. Fredagene er på dagtid, og då har me avtale med universitet slik at me får delta. Fleksibiliteten gjer at me får tilrettelagt dei travle dagane våre. Dermed har me ein stressfaktor mindre, seier de.

Fornøgd: Fotballspelarane Synne Moe og Andreas Holmstrøm er avhengige av eit fleksibelt opplegg for å få dagane til å gå opp. Det lykkast dei med takka vera ordninga toppidrettsstatus. Foto: Adrian Svendsen Bensvik

Statsråden med ros til Nord

Statsråd Kari Nessa Nordtun besøkte nyleg Nord universitet i Bodø. Då gav ho uttrykk for at ho liker å høyra at Nord universitet finnar nye tiltak for å auka rekrutteringa til læraryrket.

– Det var veldig kjekt å treffa studentane. Så synest eg det er bra at det blir jobba langs fleire spor for å få fleire til å velja læreryrket. Me er veldige klare for å prøva nye ideer, og eg veit det er fleire universitet som jobbar med tilsvarande tiltak som Nord universitet, seier statsråden.

Studentane er ikkje bare fornøgd med fleksibiliteten. Dei er også fornøgd med sjølve utdanninga.

Skryter av den samlingsbaserte lærarutdanninga

– Det stod ikkje klart for meg at eg skulle bli lærar. Men så vart eg med å driva fotballskule, og då oppdaga eg at eg treivst veldig godt saman med barna. Samlingsbasert utdanning har gjort det enklare å driva med fotball, og eg er veldig fornøgd med utdanninga, rosar Synne Moe.

Moe har også fått med seg at Nord universitet helt fram med nye tiltak, og no har søkt Kunnskapsdepartementet, og fått godkjent, en lærarutdanning for 1-10 på Nesna. Denne får oppstart høsten 2025.

– Eg kjende veldig på det då eg ble fortalt om 1-10. Kvifor var ikkje dette på plass då eg byrja, seier Moe, som no er på sitt fjerde av fem studieår for å bli lærar i 5. – 10. klasse.

Takk: Statsråd Kari Nessa Nordtun takkar dekan Rosemary Kate Martin for interessant og nyttig informasjon om mulighetsbildet rundt læraryrket. Foto: Adrian Svendsen Bensvik

Grunnskolelærerutdanning master i Bodø

I Bodø blir tilboda lyste ut nett- og samlingsbasert, men legg til rette for studentar som ønskjer å få undervisning på campus.

Studiepoeng: 300
Studieform: Heltid
Studielengde: 5 år
Språk: Norsk
Studiested: Bodø

Les meir her:

Kontaktperson