Livi nyt studielivet som musikkstudent ved Nord

Livi nyt studielivet som musikkstudent ved Nord
– Den faglege kvaliteten her ved Nord universitet har overraska meg positivt, seier Liv-Margrethe frå Sunnmøre.

Denne artikkelen er over ett år gammel.

Du dreg kanskje kjensel på ho. Tenkjer: har eg ikkje sett ho før? Du har heilt rett. Ho byrja 2024 med ein smell i The Voice på TV2.

Du kan jo prøve å sjå det for deg: at du skal opptre live på tv for fyrste gong i ditt liv. Du har berre nokre få minutt på deg til å imponere eit kresent dommarpanel. Dommarane får ikkje sjå deg. Dei skal berre høyre songstemma di. Du må difor halde nervane i sjakk, som om ikkje det var vanskeleg nok i utgangspunktet. Snur dei seg, får du jobbe med nokre av dei beste i bransjen. Snur dei seg ikkje, er det rett heim og tilbake til kvardagen igjen.

Så; etter eit knapt minutt skjer det. Alle fire dommarane får gåsehud av hennar framføring av låta "Voksesmerter" av Trygve Skaug. Og alle fire snur seg på likt.

– Det var ein vill følelse. Då kunne eg senke skuldrene og berre kose meg, seier Liv-Margrethe Muren Ulvund med eit smil.

Stemma frå Sunnmøre: Liv-Margrethe fekk alle dommarane i The Voice til å snu seg på likt. Foto: TV2 / Thomas Andersen.

Sunnmøring med beina godt planta på jorda

Ein pangstart på året, med andre ord. Gratulasjonane og godorda har sidan strøyma på, og talet på streams skyt i veret.

Men tru ikkje at suksessen går ho til hovudet. Jenta frå Gjerdsvika i Møre og Romsdal er akkurat den same rolege og audmjuke jenta som før. Sjølv om merksemda er stor, ynskjer ho å halde beina planta på jorda.

– Eg vaks jo opp på ein gard utmed havet på søre Sunnmøre, veit du.

Til vanleg bur ho i Bergen, kor ho jobbar som lærarvikar. Men ei og anna veke, som no, er ho i Levanger på studiesamling.

Når vi møter ho i kantina ved Nord universitet i Levanger, er ho nett ferdig med dagens førelesingar. I «Studio Bringsen» fekk ho og medstudentane praktiske leksjonar av Gary Bromham om miksing av musikk med DAW og programvara Logic. Bromham er både forskar, artist og musikkprodusent, og har samarbeidd med ei rekke store namn i musikkbransjen.

– Det var veldig lærerikt. Eg skulle veldig gjerne kunne meir om dette, seier Liv-Margrethe, eller «Livi» som mange kallar ho.

Studenter i musikkstudio sammen med teknisk produsent. Foto
Skyhøgt nivå: I Nord sitt eiget lydstudio får Liv-Margrethe og hennar medstudentar ein leksjon i miksing. Gjesteførelesar er Gary Bromham frå England. Han er både artist, komponist, mikseteknikar, musikkprodusent og forskar, og har mellom anna samarbeidd med popstjerner som Sheryl Crow og George Michael. Foto: Bjørnar Leknes.

Imponert over den faglege kvaliteten hos faglærarane

Ho byrja på masterutdanninga i musikk- og ensemble-leiing ved Nord hausten 2023. Ho kjende ikkje til utdanninga frå før, men vart nysgjerrig då ein tidlegare medstudent byrja her. Ho var ikkje aleine om få auga opp for dette tilbodet, for med eitt var dei fire vener som søkte og reiste nordover ilag.

– Det var fint. Samtidig er miljøet her veldig lett å kome inn i, og det er så mange kjekke folk her, seier ho.

Og ho skryt. Ho skryt både av universitetet, av studiemiljøet, av utdanninga og av fagmiljøet.

– Her har vi alt vi treng, med både bibliotek og bokhandel på campus. Det er godt utval i kantina og det er korte avstandar til alt. Eg liker også at vi ikkje er så mange i klassen. Det gjer det lettare å bli godt kjent med alle.

«Den vakraste campus aust for California»

Studiestaden i Levanger er populært vorte kalla "den vakraste campus aust for California". Det er lett å forstå, her den ligg idyllisk til ved den vakre Trondheimsfjorden, omkransa av både sandstrand, kjærleiks-sti og ein praktfull park. Og kun eit steinkast unna finn du både studentbustad, idrettshall, treningssenter, butikkar og toghaldeplass. Vil du besøke sjølve sentrum i trehusbyen Levanger, kan du rusle dit på få minutt.

Men det Liv-Margrethe set aller høgast er altså den faglege kvaliteten ved Nord.

– Ja, den kjem øvst på lista mi. Her får du veldig god oppfølging. Faglærarar og emneansvarlege er veldig tilgjengelege. Du blir så godt ivaretatt, og du kan spørje om det du vil når du vil.

Dei er gode pedagogar og utøvarar. Det er ein kvalitet eg har lagt ekstra merke til.

Liv-Margrethe Muren Ulvund, Nord-student

– Mange av faglærarane her er dessutan musikarar sjølve. Det er ikkje alltid at slike lærarar i tillegg er utdanna pedagogar, men det er dei her. Dei er gode pedagogar og utøvarar. Det er ein kvalitet eg har lagt ekstra merke til, seier Liv-Margrethe.

Kvinnelig student ute foran universitetsbygg. Foto
trygge omgivnadar: Liv-Margrethe Muren Ulvund trivst særs godt som student ved Nord universitet. Foto: Bjørnar Leknes.

Draumen er å bli musikklærar – og litt artist

– Men kva er eigentleg draumen din? Er det å bli lærar, eller vil du aller helst bli artist?

– Altså; eg drøymer ikkje om å bli stjerne. Men det hadde vore kjempegøy å kunne fått moglegheit til å opptre litt og ha det litt gøy, medan ein framleis er ung. Men eit liv som popstjerne hadde ikkje passa meg. Eg er for glad i kvardagen til det.

– Hovudtanken min har likevel alltid vore å bli musikklærar i vidaregåande skule. Eg hadde ein songlærarjobb i kulturskulen tidlegare, og trivst veldig godt med det. Så eg vil veldig gjerne kombinere det med å undervise i klasserommet, seier ho.

Vart du også nysgjerrig på master i musikk- og ensemble-leiing, kan du lese meir om utdanninga på nord.no

Høgdepunktet i veka: Kvar fredag arrangerer musikkstudentane ved Nord universitet lunsjkonsert for alle som vil og kan kome. Her framfører Liv-Margrethe og hennar medstudentar låta "Jackie Onassis". Video: Bjørnar Leknes.

Musikk- og ensembleleiing

Studiet kombinerar samspel, leiing, didaktikk og teoretisk refleksjon i eit aktivt musikkmiljø. 

  • Studiepoeng: 120
  • Studielengde: to år

Meir om studiet:

Musikk- og ensembleledelse (nord.no)