Masterstudent Marie fekk haien i fleisen

Masterstudent Marie fekk haien i fleisen
Marie Engebretsen forskar på genetisk slektskap hos brugde. Nyleg fekk ho eit uventa møte med ein håbrann.

– Plutseleg snudde den 180 grader og symja rett mot GoPro-kameraet som Sveinung heldt i handa!

Marie Engebretsen og Sveinung Hoset var på veg tilbake til Bodø i den sju meter lange RIB-en til forskingsorganisasjonen Ocean Sounds, då det overraskande haimøtet fann stad.

– Vi var ute for å sjå etter kvalar, spesielt grindkval som vi veit er i Vestfjorden no, fortel Engebretsen.

Plutseleg snudde den 180 grader og symja rett mot GoPro-kameraet!

Marie Engebretsen

Ocean Sounds driv med forsking på migrasjonsmønster, åtferd og kommunikasjon hos kval langs norskekysten. Engebretsen er masterstudent ved Nord universitet, og kombinerer studia med arbeid for Ocean Sounds. Det gir verdifull erfaring, samtidig som ho får kombinere det med eige feltarbeid.

– Sjølv om målet for turen var å sjå etter kval, hadde vi i bakhovudet at masteroppgåva til Marie treng slimprøvar frå brugde – ein hai som òg kan ta turen innover fjorden, fortel Hoset.

Blei overraska

Tre personer i en rib på åpent hav. Foto
Framtidas forskarar: Masterprogrammet ved Nord universitet let studentane kombinere banebrytande forsking med praktisk feltarbeid. – Prosjektet til Marie om genetikk hos brugde er eit glimrande døme på korleis akademisk opplæring og anvend naturvernforskning kan foreinast for å gi viktige oppdagingar og utdanne framtidas forskarar, seier professor Les Noble. Foto: Marie Engebretsen

Denne dagen var det gode forhold på fjorden. Sjøen låg spegelblank.

– Vi var om lag ti kilometer frå Måløy-Skarholmen fyr utanfor Steigen, då Sveinung fekk auge på ei rørsle i sjøen. Etter kvart såg vi ryggfinna stikke opp over overflata. Vi var sikre på at det var ei brugde, fortel Engebretsen.

Glad og spent over endeleg å kunne ta den nødvendige DNA-prøva, gjorde ho seg klar med prøvetakingsstanga. Ytst på stanga sit ein svamp som blir stryke raskt over ryggen på haien. På den måten kan ein ta DNA-prøve frå slimlaget utan å skade haien.

Hånd som holder en stang med slimprøve fra hai. Foto
Slimprøve på stong: Marie Engebretsen brukar ei slik stong for å ta DNA-prøve av hai. Svampen på enden av stonga blir stroke lett langs kroppen til haien når han sym forbi. Deretter blir prøva plassert i eit rør med etanol for oppbevaring. Foto: Marie Engebretsen

– Vi køyrde sakte mot haien for ikkje å skremme den. Då vi kom nær nok såg vi at den berre var halvannan meter lang. Då skjønte vi at det ikkje var ei brugde – dei er mykje større! Men også håbrann har slimlag, så eg tenkte vi måtte nytte sjansen til å ta ei prøve.

Då skjønte vi at det ikkje var ei brugde – dei er mykje større!

Marie Engebretsen

Men idet Engebretsen gjorde seg klar til møtet med hairyggen, snudde haien brått mot dei. Dei rakk å sjå eit haigap fullt av tenner før den glefsa mot kameraet som Hoset heldt nede i vatnet. Så forsvann den ned i djupet.

– Den reagerte litt annleis enn brugde, ja.

Slektning av kvithai

Forskere i båt på havet med en stor brugde foran seg. Foto
På tokt: Engebretsen på prøvetaking av brugder utanfor Irland. I Irland har ikkje bestanden av brugde blitt redusert gjennom fiske i like stor grad som i Noreg. Foto: Fátima Pérez-Neira.

Brugder er planktonetarar og kan bli opp til 11 meter lange.

– Brugdene bryr seg ikkje, dei sym roleg ved sida av båten og merkar knapt at vi tek prøver. Så vi blei overraska, ja. Det var spanande. Håbrann er ein hai som det er veldig sjeldan å sjå, seier Engebretsen.

Håbrann er vår største hurtigsymjande rovhai, i slekt med den frykta sørlege kvithaien. Den finst langs det meste av norskekysten og kan bli opptil tre meter lang. Vanlegvis held den til eit stykke ute til havs, der den jagar nær overflata. Om vinteren trekkjer den truleg djupare, til 200–1000 meters djup, ifølgje Havforskingsinstituttet.

Engebretsen håpar det ikkje blir siste gongen ho får sjå håbrann i Vestfjorden. Samtidig vil ho gjerne ha tips om nokon ser brugde.

– Eg tek master i biovitskap med spesialisering i genomikk, der eg samanliknar genetisk slektskap mellom brugder som et saman, og mellom brugder som møtest før paring, fortel ho.

Avdekkjer brugdemysterium

Brugder i Nord-Atlanteren ser ut til å samle seg i grupper, kalla «torus», i forkant av paring. Der viser dei ein spesiell åtferd, blant anna ved å symje i sirkel. Forskarar ved Nord universitet har nyleg funne større slektskap mellom brugder som et saman, enn ein kunne forvente ved slump.

– Difor trur vi no at brugder i torus-samlingar er mindre i slekt, sidan det truleg er paringsåtferd. Brugder som et saman, kan derimot vere nærare i slekt, seier Engebretsen.

Kvinne med stort kamera i båt på havet. Foto
På brugdejakt: Marie Engebretsen er masterstudent ved Nord universitet. Der analyserer ho DNA frå brugder i Vest-Irland for å studere slektskap mellom individ som samlar seg til det som truleg er ein parringsleik. – Eg treng prøver frå norske brugder òg, så om nokon har sett brugde må dei gjerne ta kontakt, seier Engebretsen. Foto: Sveinung Hoset.

Ho seier det framleis er mykje vi ikkje veit om livet til brugdene.

– Vi veit for eksempel ingenting om sjølve paringa. Brugder kan få opptil seks ungar, men ein slik fødsel er berre observert éin gong. Dei er mystiske dyr – ein veit aldri heilt kvar dei oppheld seg, seier Engebretsen.

Brugder kan få opptil seks ungar, men ein slik fødsel er berre observert éin gong. Dei er mystiske dyr – ein veit aldri heilt kvar dei oppheld seg.

Marie Engebretsen

Når det gjeld håbrann, seier ho det ikkje er grunn til å vere redd om ein møter ein – trass i den aggressive reaksjonen då ho skulle ta prøve.

– Det er ein fredeleg hai. Han hadde nok ikkje angripe om han ikkje hadde blitt rørt av ein svamp. Han sumde fredeleg rundt, og så blei han nok like overraska som oss.

Ønskjer tips om observasjonar

Grindkval foran rib med forskarar i. Foto
Nærkontakt: Grindkval søkjer inn i Vestfjorden kvar sommar. Foto: Tom Van Ee.

Teamet i Ocean Sounds er no godt i gang med feltarbeidet, og tar gjerne imot tips om kvalobservasjonar i området mellom Bodø og Lofoten. Kvalforskar Heike Vester, som er dagleg leiar i Ocean Sounds, har fotografert grindkval i Vestfjorden sidan 2006 og har no ein foto-ID-database med 450 individ.

– Grindkval er den nest største av delfinane våre. Dei kjem til Vestfjorden i store flokkar kvar sommar, og dei fleste ser vi igjen frå år til år. Dei lever sosialt i morsgrupper, og vi i Ocean Sounds kjenner dei godt, seier Vester.

Vester og forskarar ved Nord universitet samarbeider for å auke kunnskapen om genetikk og vandringsmønster for denne bestanden.

Vi er veldig takksame om folk seier frå til oss viss dei ser kval, eller deler bilete og informasjon frå Vestfjorden og Lofoten. Det treng ikkje berre vere grindkval – vi er òg interesserte i andre artar.

Heike Vester

– Til dømes er det ofte spekkhoggar i Saltenfjorden, og då vil vi gjerne vite det med ein gong, seier Vester, som oppmodar folk til å ta kontakt via Facebook eller Instagram.

Referanse 

Spatio-temporal genetic tagging of a cosmopolitan planktivorous shark provides insight to gene flow, temporal variation and site-specific re-encounters: https://www.nature.com/articles/s41598-020-58086-4

Biovitskap, master

Å forstå levande organismar og deira forhold til miljøet er avgjerande for å skape berekraftige løysingar for framtida.

  • Oppstart: Haust 2025
  • Studiepoeng: 120
  • Studiestad: Bodø, Steinkjer
  • Søknadsfrist: Ledige studieplassar. Førstemann til mølla. Studiet kan bli fjerna utan forvarsel.

Les meir om studiet

Kontaktperson