Nasjonal interesse for Nesna: Ein dag å vere stolt av

Nasjonal interesse for Nesna: Ein dag å vere stolt av
Studieopninga på Nesna var prega av spente lærarstudentar og stolte tilsette. Charlotte, Erik og Marte søkte av same grunn: Ei ny og unik grunnskulelærarutdanning.

Dei kjem frå kvar sin kant av landet, men alle tre har valt den nye grunnskulelærarutdanninga for 1.–10. trinn av same grunn.

Fordi ho er unik, gir ho undervisningskompetanse i inntil fem fag, og gjer det mogleg å arbeide i heile grunnskulen etter fullført utdanning.

Frå arkeologi til lærarutdanning

Marte Norheim (35) er frå Sortland i Vesterålen. Ho har hatt eit ynskje om å bli lærar sidan ho sjølv var ungdom, og har arbeidd i skulen og på SFO i over ti år.

– Eg ser fram til endeleg å kome i gang og få den kompetansen eg treng for å kunne bli ein større del av livet til barna, som kvalifisert lærar.

For Erik Brodersen, som kjem frå Nesna men bur i Trondheim, var ikkje vegen til læraryrket like sjølvsagt. Men tilfeldigheiter førte han likevel til utdanninga, og no kan han bu heime når det er samlingar.

Eg studerte arkeologi i Trondheim, men det vart ikkje riktig for meg. Læreryrket er noko eg ser for meg at eg passar til. Eg veit det er eit stort behov, og no er eg klar.

Erik Brodersen (25) frå Nesna

Lang reiseveg med baby på armen

Charlotte Skåle frå Lierne i Trøndelag har med seg vesle Ingelin på tre månader. Sjølv lang reiseveg med baby på armen skremmer ho ikkje.

– Det skal gå bra. Ho er ein snill baby så langt, og det er stor forståing frå lærarane her for at vi har med oss små barn på samlingane, seier Skåle.

Ho er svært motivert for studiet på Nesna, og har òg bakgrunn frå arbeid i skulen og eit sterkt ynskje om å bli kvalifisert lærar. Då 1.–10.-utdanninga vart ein realitet, var ho rask med å søkje.

Den nye utdanninga er grunnen til at eg vel Nesna. Eg vil ha breidda i undervisningsfaga, og kunne undervise i heile grunnskuleløpet.

Charlotte Skåle (26) frå Lierne
Student med sin baby
Ser lyst på å vere heltidsstudent med baby. Charlotte Skåle (26) reiser til Nesna på samling med lille Ingelin (3 månader). Foto: Nord universitet.

Studentar frå heile landet strøymer til Nesna

Studentar frå heile landet har fått augo opp for den nye grunnskulelærarutdanninga ved Nesna. Studieprogramkoordinator Lisa-Mari Vilhelmsen fortel at interessa er stor, og at søkjarane kjem frå heile landet.

– Vi er veldig glade for at vi fyller studieplassane, noko som slett ikkje er sjølvsagt. Det som er ekstra stas, er at vi har søkjarar frå Kirkenes i nord til Grimstad i sør, seier Vilhelmsen.

Ho peikar også på det store aldersspennet blant dei nye studentane. Studiet er nett- og samlingsbasert, noko som gjer det mogleg for fleire å delta utan å flytte frå heimstaden.

– Vi har alt frå 19-åringen som kjem rett frå vidaregåande, til 52-åringen som har levd nokre år lenger. Felles for dei alle er ønsket om å bli lærarstudentar her på Nesna – og det set vi stor pris på, avsluttar ho.

Bilde av dekan og ansatte ved grunnskolelærerutdanningen
Historisk dag på Nesna: Frå venstre dekan Rose Martin, faggruppeleiar Anne Mette Bjørnvik Rosø og studieprogramkoordinator Lisa-Mari Vilhelmsen. Alle frå Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag ved Nord. Foto: Hanne Gravrok.

Vekkjer begeistring hos ministeren

Forsknings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland er begeistra for den nye utdanninga på Nesna.

Eg vil gi ros til Nord universitet for å tenkje nytt om lærarutdanning. Dette er eit spennande utdanningsløp som er viktig for mange skular.

Sigrun Aasland, Forskings- og høgare utdanningsminister.
Forsings og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland
Ei spennande utdanning: Forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland er begeistra for den nye grunnskulelærarutdanninga på Nesna. Foto Therese Korsvik Berger.

Dekan ved Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag, Rose Martin, tala til dei nye studentane under opninga.

– De er viktige, og de er ein del av ei historie som blir skriven no. Det er viktigare enn nokon gong, i vårt skremmande verdsbilete, med trygge, stabile og kompetente lærarar som skal forme den framtidige generasjonen samfunnsborgarar, sa Martin frå talarstolen.

Om den nye grunnskulelærarutdanninga

  • Nett- og samlingsbasert med samlingar på Nesna
  • Gjev undervisningskompetanse i inntil fem fag
  • Gjev undervisningskompetanse for 1.–10. trinn (heile grunnskulen)
  • Eigna både for fådelte skular og større skular

    Les meir om studiet