Prisnominert: Rakel Berg har sjølv erfaringar med mange ulike barrierar i kvardagen. No er ho ein av dei i alt 14 forfattarane som er nominert til Helseprisen 2025 for den unike fagboka Å slippe til. Foto: Bjørnar Leknes.
Då Rakel Berg fekk spørsmålet om ho ville vere med i eit bokprosjekt om barrierar i kvardagen for personar med utviklingshemming, svara ho ja med ein gong.
– Det høyrdest veldig spennande ut. Og eg har kosa meg heile vegen, seier ho.
Rakel bur i Stjørdal, er glad i handarbeid og har mange års erfaring som brukar av omsorgstenester.
Det er slike erfaringar fagboka Å slippe til handlar om. Og no er prosjektet ein av tre finalistar til Helseprisen 2025 i Stiftelsen DAM.
Artikkelen held fram nedanfor videoen.
Ein heilt ny måte å lage fagbok på
Forskar Stine Marlen Henriksen ved Nord universitet blei i 2022 spurd om å vere med på eit stort og nyskapande prosjekt: ei fagbok som skulle skrivast av forskarar saman med personar med utviklingshemming.
– Det er det største prosjektet eg har vore med på. Og det mest meiningsfulle, seier ho.

Då Stine fekk beskjed om å finne sin eigen medforfattar, falt valet på Rakel. Dei to hadde aldri møtt kvarandre før.
– Vi fann fort ut at vi hadde mykje til felles, seier Rakel.
– Og vi blei venner, legg Stine til.
Det er det største prosjektet eg har vore med på. Og det mest meiningsfulle.
Stine M. Henriksen, forskar
Samarbeidet gjekk imidlertid ikkje knirkefritt i starten. Det var mange møte, mykje nytt, og for Rakel blei det tungt å henge med i rytmen.
– Eg avlyste mange møte. Eg er ikkje vant til sånt, seier Rakel.

Stine innrømmer at ho blei stressa.
– Eg kjem frå ei verd der møte er ein del av dagen. Eg blei redd for at det ikkje skulle bli eit ekte inkluderingsprosjekt. Men så fann vi ut av det.
Løysninga vart faste møte på dagane Rakel hadde fri. Det gjorde heile forskjellen.
– Rakel hoppar inn i alt. Ho tek sjansar, også når det er skummelt. Det er beundringsverdig, seier Stine.
Barrierar som få snakkar om

Rakel og Stine skreiv det første kapittelet i boka. Det handlar om heimen – ein stad som skal vere trygg, personleg og full av sjølvbestemming.
Slik er det ikkje alltid.
– Eg bur i kommunal bustad. Eg vil gjerne måle og gjere det meir til min eigen heim, men eg veit ikkje kven eg skal spørje. Alt er kvitt, seier Rakel.
Eg bur i kommunal bustad. Eg vil gjerne måle og gjere det meir til min eigen heim, men eg veit ikkje kven eg skal spørje. Alt er kvitt.
Rakel Berg
Erfaringane – og den forskinga dei fann – viste det same: At heimen kan vere full av skjulte hinder. Val som andre tek for gitt, som besøk av kjærasten, spontanitet eller retten til å bestemme over sin eigen bustad, blir plutseleg noko som må bli bestemt av andre.
– Vi fann forsking som viste at personar med utviklingshemming ofte har mindre privatliv. Nokre får ikkje ha kjærasten på besøk utan at tilsette sjekkar, eller dei må ha løyve for overnatting, seier Stine.
– Det blir jo heilt håplaust. Ein kan ikkje vere like spontan som andre, seier Rakel.
Prosjektet lyfter fram slike kvardagsopplevingar – og gjev dei ei tydeleg stemme.
Den første fagboka i Noreg skrive av fagfolk og personar med utviklingshemming

Å slippe til er historisk. Seks av dei fjorten forfattarane har sjølve utviklingshemming.
Fagboka finst både ei ein langlest versjon og i ein kortlest versjon. Ho er allereie pensum for studentane på vernepleiarutdanninga ved Nord universitet og andre utdanningsstadar.
– Alle som skal inn i nokon sitt heim, bør lese denne boka, seier Stine.
Rakel er stolt over å vere med.
– Eg veit at dette kan skape forandring. Eg håpar at folk får eit innblikk i korleis livet kan vere for oss, og at dei ser at ting kan løysast på andre måtar.
Nominert til Helseprisen 2025

At prosjektet no er finalist til Helseprisen 2025, betyr mykje.
– Det er heilt fantastisk. Det er ei anerkjenning av arbeidet og av det unike i prosjektet, seier Stine.
Rakel smiler breitt.
– Det er spesielt og spennande. Det er ikkje kvar dag ein blir nominert til ein pris.
Vinnaren blir kåra gjennom publikumsstemmer. Avstemminga opna 15. november og stenges 28. november. Prisutdelinga er 4. desember, og helseminister Jan Christian Vestre står for den høgtidelege overrekkinga.
Eg blir ikkje skuffa om vi ikkje vinn. Eg er så glad for at vi er nominert.
Rakel Berg
Uansett utfall skal Rakel og Stine til Oslo denne dagen.
– Eg blir ikkje skuffa om vi ikkje vinn. Eg er så glad for at vi er nominert, seier Rakel.
– Vi er ein av tre finalistar som er vurdert og vald ut av ein fagjury. Det betyr at vi allereie har gått gjennom eit trongt nålauge, seier Stine.
Eit håp for dei som les

– Eg håpar lesarane får både innblikk og håp. Det går faktisk an å gjere noko med barrierane. Både tilsette, leiarar, politikarar og familiar kan bidra, seier Stine.
Rakel nikkar.
– Om folk kan hjelpe litt meir, og sjå ting frå vårt perspektiv, blir kvardagen mykje lettare.
Kanskje er det nettopp derfor prosjektet betyr så mykje – for Rakel, for Stine, for alle som har skrive, og for alle som ønskjer å delta fullt ut i livet.
No håpar dei at folk stemmer – slik at boka som opnar dører, også kan vinne prisen som opnar endå fleire.

Fakta: Å slippe til
Tittel på fagboka: «Å slippe til. Nedbygging av barrierer for personer med utviklingshemming»
Med utgangspunkt i FNs konvensjon om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) legg denne fagboka til grunn at likestilling krev nedbygging av barrierar i omgivnadene - barrierar for deltaking som er vevde inn i ordinære rutinar, ordningar og praksisar i samfunnet.
Til saman inneheld boka 43 erfaringstekstar som blir drøfta i lys av forsking og rettar.
Boka er eit resultat av eit inkluderande bokprosjekt, der seks av dei fjorten forfattarane sjølve har ei utviklingshemming eller tilsvarande erfaringar med barrierar.
Redaktørar: Thomas Owren og May Østby
Forlag: Universitetsforlaget
- Sjå intervju med redaktørane av boka: Bak boken: Et intervju med redaktørene av 'Å slippe til' - Stiftelsen SOR
