– Økonomane bremsar samfunnsutviklinga i distrikta

– Økonomane bremsar samfunnsutviklinga i distrikta
– Økonomi vektes for tungt og kan bli en bremsekloss for samfunnsutvikling, sier Sigurd Stormo, ordfører i Meløy og leder av Salten regionråd. 26. november inviterer Lytring til debatt om samfunnsøkonomenes rolle.

Bak nedlagde samferdsle­tilbod og ikkje-realiserte vegprosjekt ligg råda frå økonomane. Men korleis vurderer ein eigentleg kva som er lønnsamt for samfunnet? 26. november inviterer Lytring til debatt om økonomane si rolle og spør: Treng vi dei eigentleg?

Økonomi blir vektlagt for tungt og kan bli ei bremsekloss for samfunnsutviklinga.

Sigurd Stormo

Sigurd Stormo tek turen til Stormen bibliotek i Bodø for å delta i diskusjonen. Han ser heilt klart nytteverdien av økonomane, men etter drygt 20 år i politikken meiner han at dei har for mykje makt.

Voksen mann i skjorte og dressjakke ute foran et tre. Foto
Klar for Lytring: Sigurd Stormo, ordførar i Meløy og leiar av Salten regionråd. Foto: Meløy kommune.

– Økonomi blir vektlagt for tungt og kan bli ei bremsekloss for samfunnsutviklinga, seier han.

Ordføraren peikar på at ein modell som måler lønnsamheit i talet på hovud som får nytte av ei investering, sjeldan vil slå godt ut i Distrikts-Noreg.

– Men det er i stor grad i distrikta verdiskapinga skjer i dette landet. Likevel heng vi etter på infrastruktur som kraftnett og vegar. Vi må faktisk investere for å bli lønsame, argumenterer han.

Kostnad og nytte

Peter Aalen kjem òg til Lytring. Han er ein erfaren samfunnsøkonom som mellom anna har gjort analysar av ei rekke store statlege investeringsprosjekt.

– Vi treng økonomane for å gi politikarane eit betre avgjerdsgrunnlag. Dei treng å vite kor nyttige tiltaka faktisk er for befolkninga. Det handlar om å ikkje velje dårlege og dyre løysingar framfor gode og billege, seier Aalen.

Voksen mann med langt hår i hvit skjorte og blå dressjakke. Foto
Tar debatten: Peter Aalen, samfunnsøkonom. Foto: Simen Øvergaard.

For det som ser svært tiltalande ut for eit ukritisk og kanskje patriotisk auge – som ei ny vegstrekning eller eit nytt praktbygg – kan sjå heilt annleis ut for ein samfunnsøkonom.

– Brukar du to milliardar på ein veg og får éi milliard tilbake i nytteverdi, har samfunnet tapt éi milliard som kunne vore brukt på noko anna nyttig, som lågare skattar, skule, forsvar, bistand, eldreomsorg eller andre samferdsleprosjekt. Det bør politikarane vere klar over før dei bestemmer seg for å byggje vegen, seier Aalen.

– Reknestykket går i stor grad ut på kor mykje noko kostar for samfunnet samanlikna med kor mykje befolkninga får igjen for det.

Hårreisande ulønsamt

Økonomen trekkjer fram den nye innfartsvegen til Tromsø som døme.

– Den er rekna som lønsam. Redusert reisetid og auka trafikktryggleik kan prisast i kroner og øre, og gevinsten er i dette tilfellet større enn kostnaden, seier Aalen.

– E18 Vestkorridoren mellom Bærum og Asker er derimot hårreisande ulønsam. Her er kostnadene over 10 milliardar kroner høgare enn nytten, og likevel er ikkje prosjektet stoppa.

Når samtalen om samfunnsøkonomi og nytteverdi held fram i Stormen bibliotek, får Stormo og Aalen selskap av Pål Pedersen, som er forskar ved Nord universitet, og Marie Storli, som rådgivar i LO og samfunnsøkonom. Stein Sneve frå Avisa Nordland leier debatten, som òg kan sjåast direkte og i opptak på lytring.no.