Feltarbeid: Masterstudentane frå Europa fekk to feltturar under sitt opphald i forskingsprosjektet BLOWOMICS. Foto: privat

Gjennom universitetssamarbeidet SEA-EU, fekk studentar frå sentral-Europa høve til å reisa til Nord universitet gjennom ordninga Master Research Internship. Formålet med ordninga er å gje masterstudentar høve til å jobbe i eit forskingsprosjekt. Valet fall på BLOWOMICS, leia av forskar Courtney Alice Waugh.
Louise Fargette og Elzear Grassin, begge frå Frankrike, nytta høvet.
Turen vart eit minne for livet.
– Eg elskar rett og slett turen til Noreg og opplevinga ved Nord universitet. Naturen og det ville landskapet var akkurat slik eg hadde håpa. Eg hadde flotte turar i fjellet, vitja små tettstader, fekk nærkontakt med ville dyr og ugløymelege båtturar med kvalar, fortel Fargette.
Vinter og vår
Den første båtturen gjekk frå Skjervøy i Troms – i januar.
– Vi såg knølkval, spekkhoggar og finnkval. Vi tok pusteprøver frå rundt 15 kvalar og samla verdifulle data til prosjektet. Den andre feltturen fann stad i mai på Andenes, der vi budde om bord i ein seglbåt. Vi samla ikkje prøver på den turen, men såg spermkval og fekk god erfaring med planlegging av feltturar og droneprøvetakingsteknikkar, fortel ho.
Grassin fekk mykje igjen for sine seks månader i Noreg.
– Eg gjennomførte mesteparten av tida mi i Steinkjer, der eg jobba i laboratoriet, men eg deltok også på nokre feltturar for å ta prøver av kvalars ande ved hjelp av dronar. Desse månadane var svært givande. Eg var glad for å oppdaga Noreg medan eg reiste rundt og gjorde meg kjend, og for å jobbe i dette laboratoriet med eit fascinerande og ukjent emne, fortel ho.

– Ein draum for meg
Fargette hadde god nytte av sitt fem månader lange opphald ved Nord universitet. Våren 2025 leverte ho masteren sin ved Brest universitet – og ho ser tilbake på lærerike veker.
– Eg har alltid vore tiltrekt av marin megafauna, så moglegheita til å oppdaga det arktiske miljøet medan eg jobba med kvalar, var ein draum for meg. Denne opplevinga overgjekk verkeleg forventningane mine. Det var ei perfekt blanding av vitskapleg arbeid, oppdagingar, eventyr og kontakt med naturen – noko eg vil hugsa lenge.
Det vil i 2025/ 2026 ikkje bli teke opp nye masterstudentar i forskingsprosjektet BLOWOMICS, men studierådgivar Truls Didriksen trur det også i år blir mange moglegheiter.
Sjå alt om utveksling frå Nord universitet!
Visste du at du som student ved Nord universitet har tilgang til over 100 moglegheiter for forskingspraksis (internship) i Europa gjennom Sea-EU-alliansen?
Dette er ein unik sjanse til å delta i forskingsgrupper ved partnaruniversitet, utvikla faglege ferdigheiter og knyta kontakt med leiande forskarar.
Sjå moglegheitene gjennom ordninga Master Research Internships!
BLOWOMICS
BLOWOMICS er eit femårig forskingsprosjekt leia av førsteamanuensis Courtney Alice Waugh, Nord universitet, Steinkjer.
I 2023 fekk ho ti millionar kroner frå Noregs forskingsråd for å forska på helsa til ville og fanga delfinar og kvalar.
BLOWOMICS studerer kvalens «slag» (utpust), samla inn av droner, for å analysere mikro-RNA (små molekyl produserte av celler). Desse molekyla kan hjelpe oss å lære meir om kvalens biologiske, fysiologiske eller til og med infiserte tilstandar.
