Foto: Thomas Jergel
– Regjeringa understrekar kor viktig det er å bygge opp robuste lokalsamfunn. I dette spelar også høgskular og universitet ei viktig rolle. Vi bringar viktig kompetanse til heile landsdelen, seier rektor ved Nord universitet.
Universitetet har mange studentar frå Nordland, Troms og Finnmark. Av dei som tek ei grunnutdanning, blir 7 av 10 verande i regionen etter enda utdanning.
I meldinga frå regjeringa heiter det mellom anna: «Store avstandar gjer at mange må flytte eller pendle for å ta utdanning. Regjeringa ønsker at folk også skal kunne utdanne seg der dei bur og jobbar, og har lagt vekt på fleksibel og desentralisert høgare utdanning i Nord-Noreg.»
I denne samanhengen blir det nemnt i meldinga at UiT Noregs arktiske universitet mellom anna har fleksible utdanningstilbod i Aust-Finnmark, at Nord universitet har etablert ein pilot for samlingsbasert grunnskulelærarutdanning på Nesna, og at utdanningstilbodet ved Sámi allaskuvla bidreg til å møte kunnskapsbehov som dei samiske samfunn har.
– Vi er glade for at den viktige piloten vår for grunnskulelærarutdanninga blir nemnt, og at UiT sitt fleksible utdanningstilbod i Aust-Finnmark er med i meldinga. Dette er likevel enkeltståande døme. Ved Nord universitet er allereie ein stor del av studia fleksible. Ein kan vere student sjølv om ein ønsker å bu utanfor studiestadene våre. Vi meiner også at Nord universitet vil ha ei viktig rolle i sikkerheits- og beredskapsarbeidet, og vi kan gi gode bidrag til totalberedskapen i nord.
Noreg skal vere ein leiande og ansvarleg polarnasjon, med kunnskaps- og idéforsprang, seier utanriksminister Espen Barth Eide.
– Nord universitet ser fram til å bidra med kompetansen vår i enda tettare samarbeid med dei norske, svenske og finske samarbeidspartnarane våre, seier Hanne Solheim Hansen.