Rådgjevar Andrey Kazakov og forskar Elena Sæther viser fram pokal frå Arctic Next Innovation Challenge. Studentkonkurransen vart gjennomført for første gong i haust og blir vidareført i ArcticNext-prosjektet.
Prosjektet heiter ArcticNext. Det har nyleg fått 1,2 millionar kroner frå UD, og det totale budsjettet er på 2,6 millionar kroner.
– Vi har fleire prosjekt som handlar om korleis vi kan motivere unge til å kome hit, jobbe og bu her. ArcticNext er ei naturleg vidareføring av dette arbeidet, seier Elena Sæther, forskar ved Nordområdesenteret.
I prosjektet skal det samarbeidast med nordamerikanske universitet og universitet i arktiske land. Hovudpartnaren er Memorial University i Canada.
– Vi brukar nettverk vi alt har etablert, og involverer partnarar frå heile Arktis, forklarar Andrey Kazakov, rådgjevar ved Nordområdesenteret.

Mange deltakarar
Sæther meiner det viktigaste er at unge får betre forståing av Nordområda, ser moglegheiter i nord og bidreg til nyskapande løysingar for berekraftig utvikling i Arktis.
– Det handlar mellom anna om å vise fram moglegheitene som faktisk finst her, både for dei som bur her og dei som vurderer å flytte hit, seier ho.
Prosjektet skal styrkje nettverk mellom unge, vise kva jobbar og utdanningsmoglegheiter som finst, og skape rom for entreprenørskap.
– Det er veldig mange som skal delta i prosjektet. Over 100 personar, noko som er spennande.
Viktig arbeid
Hovuddelen av budsjettet går til å skape aktivitetar der unge menneske kan delta. Det omfattar både opphald og reisekostnader for å involvere unge i prosjektet.
Både Kazakov og Sæther understrekar at mykje må på plass for at fleire skal velje å bli verande i nord.
– Mange ting må riggast på ulike nivå. Men dette er vårt bidrag – å vise at nord er ein levande og attraktiv stad for unge menneske.

FAKTA
Fullt namn er ArcticNext: encouraging young people to live, work, and innovate in the Arctic.
Hovudaktivitetar:
- High North Dialogue Academy som er eit vekelangt opplegg retta mot unge vaksne mellom 18 og 40 år. Deltakarane får med seg førelesingar, bedriftsbesøk og sosiale aktivitetar i Bodø. Dei deltek òg på High North Dialogue-konferansen.
- Sustainable Blue Economy in the Arctic er eit kurs under Nord University Summer School som gir studentane innsikt i korleis havnæringane balanserer vekst og miljøansvar.
- ArcticNext Student Innovation Challenge er ein innovasjonskonkurranse der studentar frå Nord og Memorial utviklar forretningsidéar for arktiske samfunn. Deltakarane får rettleiing og moglegheit til å vinne premiepengar.

