Rose Martin: – Under ekstreme forhold, må vi bruke ekstreme verkemiddel

Rose Martin: – Under ekstreme forhold, må vi bruke ekstreme verkemiddel
Forsking viser at boikott ofte verkar dårleg og kan styrkje regime. Likevel meiner Nord-forskar Rose Martin at akademisk boikott er nødvendig under ekstreme forhold – som i dagens krig mot Gaza. 27. august møter ho filosof Henrik Syse til debatt under Lytring i Bodø.

Ifølgje Utanriksdepartementet har Noreg i dag reiseåtvaringar til 57 land. Vidare er det 56 aktive krigar i verda i dag, ifølgje ein fersk artikkel på forskning.no. Det er fleire enn på mange år.

I slike tider aukar presset på å ta standpunkt, òg gjennom økonomiske og akademiske boikottar.

Men er boikott vegen til fred – eller eit steg bort frå dialog? Forsking viser at boikott ofte ikkje verkar etter hensikta. Økonomiske sanksjonar kan til og med styrkje regime ved å samle folket bak dei.

Tar debatten om akademisk boikott

Når Lytring samlar debattpanelet i Bodø 27. august, møtest mellom andre filosof Henrik Syse, som åtvarar mot utilsikta verknader, og forskar Rose Martin, som meiner akademisk boikott av og til er heilt nødvendig.

– Under ekstreme forhold må vi bruke ekstreme verkemiddel. Akademisk boikott er eitt av dei, seier ho.

– I dagens situasjon i Palestina er ein akademisk boikott av Israel ikkje berre eit passande tiltak – det er avgjerande og eit moralsk ansvar for universitet og akademikarar.

Tett på livet i Palestina

Rose Martin er forskar ved Nord universitet og medlem av Palestina-nettverket. Ho har budd i Palestina i fleire år, og arbeidd i palestinske flyktningleirar i Libanon, Syria og Jordan.

Martin viser til erfaringar frå apartheid i Sør-Afrika.

– Boikott er ikkje noko vi kan ta lett på, men i situasjonar som no må vi prøve alt vi kan for å presse fram våpenkvile. Mange verkemiddel er prøvde i tiår utan at situasjonen har betra seg. Boikott åleine løyser ikkje konflikten, men kan bidra saman med andre grep, seier ho.

Ho skildrar møtet med åtte meter høge murar, sjekkpunkt og palestinarar som jamleg vart stoppa og trakasserte, berre fordi dei ville delta på dansekurset hennar.

– Å sjå dette på nært hald gjorde sterkt inntrykk. Det gav meg innsikt i kvardagsrealitetane bak overskriftene, fortel Martin.

I panelet møter ho filosof og etikar Henrik Syse frå PRIO, som mellom anna har vore med på å lage oljefondet sine etiske retningsliner. Syse har brei erfaring frå arbeid med etikk, politikk og internasjonale spørsmål.

Panelet består elles av June Borge Doornich (Nord universitet), som har forska på bruk av økonomiske sanksjonar, og Kjetil Jakobsen (Nord universitet), som har særleg kunnskap om akademisk fridom. Debatten blir leia av Anki Gerhardsen.

Lytring 27. august 2025 

  • Tittel: Kva skjer om vi boikottar eit land?
  • Tid: 27. august 2025 kl. 18.00-19.30
  • Stad: Stormen bibliotek, Bodø
  • Debattpanel:
    • June Borge Doornich, Nord universitet
    • Henrik Syse, Peace Research Institute Oslo (PRIO)
    • Rosemary Kate Martin, Nord universitet
    • Kjetil Jakobsen, Nord universitet
    • Debattleiar: Anki Gerhardsen, redaktør for Lytring.
  • Følg debatten live her